I grunnlovsjubileumsåret 2014 vart det reist ein statue av den seinare danske kongen, Christian Fredrik, utanfor Stortinget. Dette var ei gåve frå Regjeringa til Stortinget i samband med 200-års jubileet. Statuen vart reist for å ære Christian Fredrik både som Noregs fyrste konge etter unionssamanbrotet, og som ein av hovudaktørane i utarbeidinga av Grunnlova i 1814.
Den viktigaste drivkrafta for å få statuen reist var Lars Roar Langslet, tidlegare kulturminister, stortingsmann og forfattar av fleire historiske biografier, mellom anna ein om nettopp Christian Fredrik.
Vedtaket om å reise statuen møtte lite motstand i media og elles. På Stortinget var vedtaket samrøystes.
I ei stort sett positiv omtale av Langslets Christian Fredrik-biografi skreiv Per Hem i Morgenbladet(1) likevel at forfattaren går vel langt i ovundring og hyllest av danskeprinsen, i det som i ugangspunktet kunne ha vore ei objektiv framstilling. Men heltar skal som kjent teiknast berre i ljose farger. Slik ville Langslet ha det, og slik fekk han det.
Han fekk det også som han ville med statue over helten. Som Hem skriv:"..og det er nesten ikke til å tro hva han (Langslet) har oppnådd:Han overbeviste Stortinget om at det måtte reises en statue av prins Christian Fredrik i hovedstaden".
At dette er utruleg av fleire grunnar enn det Hem nemner, er sikkert - noko eg snart kjem attende til.
I eit intervju med Aftenposten (2) fekk Langslet spørsmålet: "Christian Fredrik er vel fortsatt omstridt?". "Egentlig ikke", svarar Langslet," beslutningen om å reise den kommende statuen av Christian Fredrik foran Stortinget ble fattet enstemmig".
Denne totale semja er vel mest av alt ein illustrasjon på den gamle seiemåten om at der alle tenkjer likt, tenkjer ingen mykje.
Nå var nok semja mindre total enn Langslet ville ha det til - iallfall utanfor Stortinget. Det slapp rettnok fram berre eit par kritiske innlegg i avisene. Men media var nok ikkje interessert i avvikande synspunkt i denne saka. Det kan eg sjølv bera vitnemål om.
Nå står statuen av Christian Fredrik utanfor Stortinget, og blir vel ståande der. Akkurat det kan det for tida ikkje gjerast noko med.
For ettertida vil eg likevel setja på papiret dei hovudinnvendingane, som eg hadde og har mot minnesmerket over Christian Fredrik framfor Stortinget:
I si ovannemnde omtale av Langslets Christian Fredrik-biografi kom ikkje Per Hem inn på det som etter mi meining er det viktigaste, nemleg kva historisk funksjon Christian Fredrik ynskte å ha, og frå dansk side var meint å ha i 1814.
Det rår liten tvil innanfor historikarfaget om kva svaret på dette er, og det er stadfest mellom anna i Aschehougs Norgeshistorie, der det blir slege eintydig fast:
"Christian Fredrik ble sendt til Norge for å berge denne riksdelen for det oldenborgske monarki"(3). Og vidare:"Hvis Christian Fredrik og hans "parti" hadde seiret på Eidsvoll: Det riksforsamlingen hadde vedtatt gjennom kongevalget, var en union med Danmark et stykke frem i tid" (4).
At Langslet med sitt "positive syn på dansketiden og kulturfellesskapet"(Hem) meiner at dette fortener hyllest og monument, er jo logisk. Det er meir overraskande at Stortinget samrøystes stelte seg bak ei så unasjonal og usannferdig historieoppfatning.
Med andre ord blir spørsmålet om den danske prinsen og tronfølgjaren fortener hyllest av nordmenn og statue framfor Noregs nasjonalforsamlinga, når det overordna målet for hans innsats på Eidsvold og etterpå var å atterreise Noreg som lydrike under Danmark?
Svaret mitt er sjølvsagt NEI.
Enda mindre grunnlag er det for å ære danskeprinsen for hans tilskot til utforming av ei norsk grunnlov. I den mon prinsen hadde ein målsetnad i grunnlovsarbeidet, gjekk den mest ut på å avgrense fullmaktene til ei framtidig norsk nasjonalforsamling(5). Dette samsvarar med den lina Christian Fredrik fylgde da han seinare vart dansk konge.
Enda meir tvilsamt blir monumentet dersom vi lyftar blikket berre litt over denne heimedanske rødgrøden med fløde:
På slottsplassen i den norske hovudstaden sit Jean Baptiste Bernadotte /Carl Johan høgt til hest.
På Stortorget dominerer danskekongen Kristian IV.
Under Akershus festning sit ein amerikansk president og ser utover Rådhusplassen. Som takk for at han let Stalin overta halve Europa som krigsbytte? På Solli plass står den gamle imperiebyggjaren Churchill, og må lure på kvifor han har landa der.
Dei mest sentrale plassane og byrom i den norske hovudstaden har med andre ord vorte fylt opp med utanlandske fyrstar og politikarar.
Storting og Regjering fann altså ut at dette ikkje var nok. I 2014 vedtok dei at enda ein utlending, ein dansk prins og seinare einevaldskonge, skulle ærast med ein statue; framfor nasjonalforsamlinga.
Slik småmanns- og husmannskjensle som her kom til uttrykk, er i ein norsk samanheng eineståande for Oslo. I Trondheim står Olav Trygvason trygt plassert i sentrum av byen. I Bergen og Stavanger inntek Christian Michelsen og Alexander Kielland tilsvarande plassar.
Kvar har det i Oslo vorte av dei norske kongane frå det halve tusenåret da Noreg var eit sjølvstendig rike ? Kva med Harald Sigurdson Hardråde og Håkon Håkonsson, kongar som sette eit sterkt preg på utviklinga av Oslo som by og på det norske samfunnet.Kva med Magnus Lagabøter, som burde ha vore aktuell i eit grunnlovsjubileumsår.
Ikkje berre manglar vi minnesmerke over våre store kongar frå Noregs sjølvstendetid. Det er både sant og typisk at ein stakkarsleg minnestein over Harald Hardråde finst bortgøymd i ei sidegate i Gamlebyen i Oslo. Restar av to mellomalderkongar - Håkon V og Sigurd Magnusson Jorsalfar - har nærmast på ein slump vorte berga, og gravlagt i det kongelege gravkapellet på Akershus Slott.
Berre ei norsk kongegrav frå mellomalderen er framleis heilt intakt. Nemleg grava åt Magnus den Gode - son av Olav den Heilage - som finst i Nidarosdomen. Frå år 1000 til 1200 vart dei fleste norske kongane gravlagd i nettopp Nidarosdomen. Frå 1200 til 1300 vart dei fleste gravlagt i det som da var Bergen Domkyrkje, og i nokre tiår etter 1300 vart kongane gravlagd i Oslo.
Den gamle Domkyrkja i Bergen vart sprengt bort på 1600-talet utan respekt for kongegravene, da det skulle byggjast festningsverk på same stad. Så her er det lite von om å spore opp dei gamle kongegravene.
Alt dette ifølgje magister Øystein Ekroll, som har arbeidd med restaureringsoppgåver ved Nidarosdomen, og som har gjort seg til talsmann for at dei gamle kongegravene må bli markert på ein informativ og verdig måte.
Framfor det store altaret i Nidarosdomen er dei gamle gravene markert med ni krossar som er skrapa inn i steingolvet. Ekroll meiner at fire-fem av desse er kongegraver. Men det bisarre er at ikkje eingong grava åt Magnus den Gode - som er lokalisert utanfor rimeleg tvil - er markert på ein måte som ei kongegrav fortener.
Med unntak av det som ovanfor er nemnt, ligg dei norske mellomalderkongane gøymd under asfalt, parkeringsplassar og kloakk. I den mon vi veit kvar dei har vorte gravlagt.
Dei fleste av desse gravstadene og gravrestane er truleg borte for alltid.
Eit mogleg unntak er grava åt Harald Sigurdsson Hardråde under ei gate i Trondheim. Denne finst det ifølgje Øystein Ekroll sikre informasjonar om, og han har gjort seg til talsmann for at leivningane av kongen bør gravast opp, og bli gjeve ei meir sømeleg grav. Hittil har ikkje framlegget fått stønad og oppfølgjing.
Denne skammelege og nasjonalt pinlege likesæla og åtferda overfor våre mellomalderkongar, står i den skarpaste kontrast til den overivrige aktivismen som Regjering og Storting har lagt for dagen i samband med statuen over Christian Fredrik.
I andre land som vi utan vanskar burde kunne samanlikne oss med, har kongar og dronningar vorte gjevne vyrdelege graver i eigne gravmonument, domkyrkjer og andre nasjonale minnestader.
Andre hovudstader enn Oslo ville ikkje finne på å plassere fyrstar frå ein periode da landet var eit lydrike, sentralt i bybiletet.
Ein blir freista til å spørje med Olav Aukrust:
« Var eg boren i eit folk som såg si ære i si skam?»
Så vil kanskje sume innvende: Er ikkje både Kristian Kvart, Carl Johan og Christian Fredrik viktige menn i norsk historie? Skal vi sope denne delen av historia under teppet?
Men dette er på ingen måte mitt poeng; det er å snu problemet på hovudet. Desse tre og andre utlendingar er ein del av vår historie, og fortener markeringar i form av minnesmerke. Carl Johan er ein tvetydig figur ut frå norske interesser, men på godt og vondt hadde han mykje å seia for korleis Oslo og Noreg utvikla seg i fyrste halvdel av det 19.hundreåret. Det same kan kan seiast om den kraftfulle Kristian IV, som synte meir interesse for den norske delen av imperiet enn nokon annan dansk-norsk konge. Utanrikspolitisk var han derimot til stor skade for det norske kongeriket, som miste store og gamle landområde pga Kong Kristian og hans mislykka krigseventyr.
Både Kristian Kvart og Carl Johan står difor støtt der dei står, sentralt i norsk historie,og minnesmerka over dei kan ingen reise spørsmål ved.
Christian Fredrik stiller i ein annan kvalitetskategori,langt under desse to som ovanfor er omtala. Det han eventuelt fortener å bli mint for, er hans rolle som samlingsfigur; ein som heldt motet oppe under grunnlovsarbeidet på Eidsvold, til bate for norske interesser under den seinare unionen med Sverige. For dette kunne han fortent ei byste på Eidsvold eller Moss, men statue framfor Stortinget? Det kan berre karakteriserast som ei dårleg gjennomtenkt overdriving.
Problemet i hovudstaden Oslo er at størstedelen av vår historie, slik det kjem til uttrykk gjennom markeringar i form av minnesmerke o.l , er sopa under teppet. Vi har i bytter og spann med minnesmerke frå den stutte perioden 1814-2000. Vi har praktisk tala ingenting frå den mykje lengre og sjølvsagt viktigare perioden 870-1370. Som hovudstad burde Oslo - og spesielt Stortinget - ha teke hand om og kjent ansvar for heile vår historie, ikkje berre for den biten da vi var eit lydrike.
============================
(1) Morgenbladet, nr 7/2014
(2) Aftenposten, 18.2.2014
(3) Norges Historie, Aschehoug forlag, band 7, side 136
(4) Ibid, s.156
(5) Ibid, s.151