DET NYE MIGRASJONSPRESSET MOT EUROPA I 2020.MORAL OG HYPERMORAL.

Så har vi ei "flyktningkrise" att. På den tyrkisk-greske grensa pressar folkemengdene på.  Denne "nye" situasjonen som vi nå opplever i mars 2020,  er til forveksling lik  den gamle situasjonen  -  den vi opplevde i 2015. Det er den situasjonen vi skal oppleva påny og påny. Korleis kan det vera annleis? Med dei enorme skilnadene mellom fattige land i sør og rike i nord, og med den ukontrollerte folkevoksteren i Afrika vil presset på Europas grenser og på Europas land vera der i overskodeleg framtid.

Korleis skal vi møte denne og framtidige masseinnvandringar og press mot Europa? Hittil kan reaksjonane og debatten delast inn i to hovudgrupper:

  • Den emosjonelle, "humanistiske" reaksjonen. "Vi må gjera noko for dei, vi må ta imot nokre/så mange vi kan/meir enn det vi gjer nå". "Det er vår kristne plikt/ det er i samsvar med vår tru på internasjonal solidaritet/det er ei skam at vi ikkje gjer meir". "Vi kan ikkje berre sjå på at folk lid og har det vondt".
  • Den realpolitiske eller realistiske reaksjonen: "Vi kan ikkje ta imot 70 millionar menneskje på flukt".  "Da vil Europa og våre velferdssamfunn bryte saman"."Dei fleste er ikkje på flukt frå politisk forfølging. Dei er økonomiske migrantar, som vil bort frå fattigdom og vanstyre".  "Det er best å hjelpe migrantane der dei er". "Mange/dei fleste  immigrantar er muslimske. Muslimar let seg ikkje integrere i vestlege samfunn".

Det er truleg umogleg å byggje bru mellom  den humanistiske/emosjonelle og den realpolitiske/rasjonelle leiren. Avstanden er for stor. Likevel kunne ein som eit minimum sjå for seg at dei to sidene synte større respekt for argumentasjonen og motiva til hi sida.

Vi på realpoltisk side(som underteikna tilhøyrer) må ha forståing for at mange har medkjensle med folk på vandring og flukt.  Det er truleg nedlagt i menneskjet frå fødselen av å tykkja synd på folk som har det vondt. Slikt blir også kalla empati. Mangel på empati er ofte eit kjenneteikn på ein psykopat. Når vi i vår moderne media og internettalder i våre eigne stover fær bretta ut foto og film av lidande, gråtande born, fattigdom og elende, vil det utgjer eit nesten uimotståeleg press på empatiske og  kjenslevare sinn.

"Humanistane" burde på si side vera viljuge til å diskutere dei problematiske sidene ved masse-innvandringa og masse-migrasjonen som realistane er opptekne av.  Kanskje burde dei også godta at omsut for eigne samfunn,eige folk, og korleis det går med desse, er like etisk høgverdig som empati med andre folkeslag. Er det mogleg å få "humanistane " med på at masseinnvandringa frå sør til ord tvingar oss til å gjera vanskelege val?

Ein kan ha sine tvil om dette er mogleg.  Særleg vanskeleg er det få til ein meiningsfylt dialog med kyrkjelege representantar. Eit typisk døme er bisp h.v. Gunnar Stålset som fleire gonger har brukt bispekappa til moralisering over  innvandringsskeptikarar. I desember 2015 heldt Stålset ei preike i Aker kyrkje, der han svingar pisken over dei som prøvar å få på plass ein strengare innvandringspolitikk , dvs regjering og fleirtalet på Stortinget og truleg eit fleirtal i folket. Mot desse mobiliserer han enkel men sterk moralsk patos, der det går fram at nå står kampen mellom dei gode og dei vonde, mellom egoistane som snur på skillingen, og dei som har hjerterom og difor husrom. Det er Jesus mot fariséarane, og fariséarane er dei som har eit anna syn enn bispen h.v.(Jfr. Dag og Tid, siste utgåve 2015). I eit innlegg i Dag og Tid(janur 2016) kritiserte eg Stålset for denne bodskapen, og stilte han ein del konkrete spørsmål om korleis ein skulle  handtere faktiske problem nede på bakken,m.a.: "Vi burde kunne vente at han tok opp til drøfting mellom anna følgjande spørsmål:I dag er 70 millionar menneskje "på flukt" rundt omkring i verda; hundrevis av millionar lever i djup fattigdom og elende. Meiner Stålsett at Europa skal ta imot alle desse som sikkert meiner at dei har "  eit rettkome krav på å bli tekne imot"?Meiner Stålsett m.a.o. at Europa kan løysa verda sine fattigdomsproblem ved innvandring?Kva konsekvensar vil ei slik masseinnvandring ha for Europa , politisk, økonomisk og kulturelt? Ser Stålsett spesielt som kristen problematiske sider ved ei massiv muslimsk innvandring?Kvifor er det meir kristeleg. -  uttrykk for å vera " god"  -  å hjelpe nokre titusen syrarar i Noreg heller enn å hjelpe hundretusenvis syrarar med dei same pengemiddel i land nærare Syria?
Ser Stålsett det som problematisk at 1 million " flyktningar" har funne vegen til Tyskland? Er det fordi dei i Tyskland er tryggare for politisk forfølgjing enn i Tyrkia, Hellas og Slovenia, eller kan det vera andre grunnar?
Kvifor trur Stålsett at tusenvis av " flyktningar" har slege seg ned i Calais  i Nord-Frankike i ein freistnad på å koma seg over til England? Er det fordi dei er redd for å bli politisk forfylgde i Frankrike, eller kan det vera av andre grunnar?  Kva meiner Stålsett bør skje med denne kategorien "flyktningar?"
Det kom ikkje noko svar frå Stålset på innlegget. Redaksjonen i Dag og Tid opplyste meg om at bispen h.v. "ikkje ynskte" å ta del ein mediadebatt. Ein kan forstå at det er vanskelegare å svara på kritikk, enn å moralisere i ei preike. Men imponerande er det ikkje.

Under den nåverande migrantkrisen som tok til i mars 2020, melder prelatane seg påny inn i debatten. I eit innlegg i Aftenposten 12.3.20 underteikna av alle dei nordiske kyrkjeleiarane frå Helsinki til Reykjavik inkl. dei katolske bispane, blir vi påny utsett for den botnlause, prestelege empatien:"Det som pågår i Europas utkanter, på grensen mellom Tyrkia og Hellas, stiller vår menneskelighet på prøve...En verdig behandling, en fungerend asylrett og delt ansvar for menensker på flukt er det som sømmer seg for oss som demokratiske land og som mennesker. Å søke asyl er en menneskerett. EUs medlemsland har forpliktet seg til ikke å sende mennesker tilbake til undertrykkelse og forfølgelse...Å hevde at kristne verdier eller samfunn beskyttes ved å lukke ute de mennesker som søker tilflukt fra vold og lidelse, er uakseptabelt..Vi vet at grensene ikke bare kan åpnes, og vi taler hverken for en slik løsning eller ubegrenset innvandring. Desto viktigere er det at våre land tar et juridisk, økonomisk og politisk ansvar...Å stå imot at de svake trampes ned, og at de hjelpeløse trenges bort, og medvirke til at retten strømmer frem  -  det er å være menneske. Vi er tross alt en eneste Guds menneskehet, som lever sammen under samme himmel"

Så mykje patos, så mykje moralisering og indirekte refsing, og så liten kunnskap om realitetane og så liten vilje til å  drøfte reelle problem. Når prestar går inn i og tek side i den politiske debatten, da må vi vente og krevja at dei er sannferdige, og svarar på dei utfordingane og problem som vi andre ser i samband med masse-innvandringa til Europa. Det er usant når bispane gjev inntrykk av at avvising av migrantane ved den tyrkisk-greske grensa inneber at desse blir sende "tilbake til undertrykkelse og forfølgelse". Blir dei forfylgde i Tyrkia? Nei. Dermed er  også kyrkjeleiarane usannferdige når dei konsekvent talar om "flyktningane" ved Europas grenser. Syrarar, afghanar mm.,mm. blir ikkje forfylgde i Tyrkia. Altså er dei ikkje flyktningar, men migrantar, økonomiske migrantar. Meiner altså bispane at Europa skal løyse verdsens fattigdomsproblem og anna elende gjennom masse-innvandring? Tja, akkurat overfor dét spørsmålet blir dei unnvikande,; naturleg nok; for her møter dei jo ei konkret problemstilling. Svar på slikt kan jo tilsøle glorien. Dei seier om dette:"Vi vet at grensene ikke bare kan åpnes, og vi taler ikke for en slik løsning eller ubegrenset innvandring". Javel, nei, men kva for ei løysing talar dei for?? Når dei går inn i vår tids viktigaste politiske debatt, må dei også vera budd på å argumentere politisk. Det vi treng aller minst i innvandringsdebatten er moralsk pjatt og høgstemt patos. Det vi treng er vilje til debatt om vanskelege realitetar og vilje til å velja mellom vanskelege alternativ.

Desse vanskelege realitetane, desse utfordringane er nå så godt dokumentert både i Noreg og andre vestlege land  at det trengst berre ei kort oppsummering her: Manglande integrasjon med fattigdomsproblem, arbeidsløyse, sosiale kostnader, enorme,ja,øydeleggjande kostnader for velferdssamfunnet som resultat.  Tvangsekteskap, kjønnslemlesting. kvinneundretrykkjing knytt særleg til muslimske innvandrarar. Største problemet er  som kjent muslimar, til denne gruppa er også knytt terrorisme.Islam-inspirert terror har drepe tusenvis av menneskje i vestlege land dei siste tiår.   All slag kriminalitet frå valdtekter og narkotikahandel til juks med sosiale ytingar og andre økonomiske brotsverk er langt meir utbreidde i visse immigrant grupper enn blant fleirtalsnordmenn.

Fyrst og sist er innvandring likevel  eit spørsmål om masse og mengde. Noreg som andre europeiske land har alltid hatt innvandring. For vår del har det meste kome frå granneland og land rundt Nordsjøen, men mange også frå fjernare land. Men poenget er at dette har gått gradvis. Det har vore små drypp av innvandrarar gjennom hundreåra. Frå siste tredjedel av det 20.hundreåret har det skjedd ei dramatisk endring, som vi alle veit. I Noreg bur det i 2020 (iflg. Statistisk Sentrlbyrå)800.000 innvandrarar som utgjer nesten 15% av folkesetnaden. I dette talet er det medrekna innvandrarar og personar fødd i Noreg av utanlandske foreldre. Norskfødde av tidlegare innvandring er ikkje rekna med, altså er det reelle talet på personar av utanlandsk opphav monaleg høgre enn 800.000; kanhende omlag 20% av folkesetnaden. Det har  truleg aldri skjedd ei så dramatisk innvandring og endring av folkesetnaden i Noreg på så stutt tid.  Og denne utviklinga held fram   - ifølgje dei same data frå Statistisk Sentralbyrå vart det registrert 25400 fleire innvandrarar i 2019 enn året før. For mange av oss  finst det knapt ein høgre og viktgare verdi enn det norske folket. Det finst ikkje noko viktigare enn å ta vare på dette folket. "Humanistane" må godta det faktumet at vi her har å gjera med ei dramatisk,dvs ekstremt rask endring av den norske folkesetnaden. Dei kan applaudere dette, men dei kan ikkje nekte for det. Dei bør på bakgrunn av at talet på innvandrarar har auka med over 25000 også slutte å snakke om at Noreg har stengt grensene, og nesten ikkje tek imot innvandrarar og asylsøkjarar. 25000 innvandrarar tilsvarar nesten halvparten av alle nyfødde i Noreg, Folketalet veks eine og åleine pga innvandring inkl. asylantar. Som i tidlegare tider kjem ein god del innvandring frå granneland og andre europeiske land. Vi veit at med slik innvandring følgjer få problem og  mange føremonar. Når vi snakkar om problem så er det i samband med innvandring særleg frå muslimske land. Ei særleg og stigande utfordring nå og i framtida  står Afrika for i denne samanheng. Rundt 1960 levde det ca 300 mill. menneskje på det afrikanske kontinentet, som utgjorde ca 9% av folketalet i verda. I 1990 hadde folketalet i Afrika fordobla seg, til 650 mill.,noko som tilsvara 12% av verdsens folk.  Iflg. overslag vil i 2050 40% av nyfødde born i verda vera afrikanske. I år 2100 vil Afrika med 3 milliardar menenskje utgjera ein 1/3 av verdsens folk. M.a.o. har folketalet I Afrika tidobla seg på 150 år! Vi veit at i dei afrikanske fattigmassene er draumen å ta seg til Europa. Fordi dei er "politisk undertrykt?" Nei, fordi dei er fattige. Kor mange av desse milliardane vil Stålset og dei andre prelatane opne dørene for?

Masse-migrasjonen er vår tids viktigaste spørsmål, langt viktigare enn klima og global oppvarming.  Masse-migrasjonen frå nord til sør har potensiale i seg til å erstatte det norske folket med eit fleirtalsfolk frå andre verdsdelar og andre kulturar. Ingen snakkar om at det norske folket er ein verdi i seg sjølv. Det er skapt og utvikla gjennom hundreår og tusenår.  Klimaendringane vil  skapa problem, men ingen vil påstå at dei vil utradere det norske folket. Har det norske folket
nokon som helst verdi for prestar og bispar?