Vi har mange engelske ord i norsk, og vi har hatt det lenge. Sams for slike eldre engelske ord i båe norske skriftspråk er at det ikkje fanst norske ord eller nemningar for dei da dei kom inn i norsk, og fordi dei i tillegg nå har vore brukt så lenge at dei kjennest norske. Ord som tennis, golf og film er komne for å bli.
Det nye dei siste 10-20 åra er at det stadig oftare blir brukt engelske ord og vendingar som vi ikkje har bruk for; som vi på ingen måte treng. Vi har like gode eller betre norske ord. Nytt er det også at det ofte er høgt utdana personar - akademikarar - saman med journalistar og media som sklir ut på denne måten. Altså nettopp dei gruppene som burde syne ansvar for å ta vare på og bruke eit godt norsk mål, anten det nå er nynorsk eller bokmål.
Nedanfor vil eg presentere ei samling slike ord for å syne kva eg meiner. Dei er notert gjennom nokre få veker; og gjer ikkje krav på å representere eit gjennomsnitt korkje i tid eller rom:
"Kids(-a) er eit ofte brukt, direkte ekkelt og unaudsynt ord for barn og ungdom. Eg veit ikkje kven som har innført dette i norsk. Vedkomande burde få straff; kanskje eit ferieopphald i New York?
Svært mange brukar "poppe opp"; når dei meiner at noko sprett, kjem opp, fyk opp utan at det engelske ordet har ein einaste påviseleg tilleggsverdi samanlikna med dei norske alternativ.
Eit anna engelsk ord som vi på ingen måte treng er spotte i staden for norske ord som vi har brukt i mange hundre år,t.d sjå, leggje merke til, oppdaga osb. Norsk er så rikt på ord og uttrykk at vi har nok å velja mellom. I tillegg har vi jo ordet spotte på norsk med tyding håne eller gjera narr av. Bruken av det engelske ordet spotte er altså ikkje berre unaudsynt men skapar forvirring og surr.
"Outsourcing" er eit anna engelsk mote-ord som ikkje har noko i norsk å gjera, trass i at det har funne mange ivrige brukarar på norsk jord. Utsetting/utsetjing er det norske ordet.
Nyleg høyrde eg drive brukt , og uttala på engelsk ("draiv)). meint var pådriv, innsatsvilje, energi, ståpå-vilje. Kvifor da ikkje bruke eitt av desse?
Økonomibladet "Kapital" hadde på si fyrste side
den 3.mars 2016 "The rise and fall of Jens Ulltveit-Moe". Har engelsk ein tilleggsverdi ("added value"!) samanlikna med ein norsk versjon:
"Jens Ulltveit-Moes vekst og fall"???
"Odde meninger" var eit uttrykk som ein deltakar i NRK Ekko (4.11.2016) brukte. Eg tykkjer det er rart, sært og avvikande å bruke odde på norsk. I tillegg er det sjølvsagt lattervekkjande.
I Aftenposten 6.11.2016 var det eit intervju med ei yngre kvinne som hadde arva eit stort og gildt hus i Bergen. Den heldige arvingen hadde eit problem: "Men jeg hadde ikke god økonomi, og var ikke noe spesielt handy".
Den heldige hadde altså gløymt at det heiter praktisk eller (enda norskare) hendt eller hendig på norsk?
Den heldige var diverre ikkje hendig, men heller ikkje heldig i val av handy...
Ein NRK-journalist presterte i intervju med eks-etterretningssjef Grandhagen 8.11.16 følgjande: " Det upcoming norske valget..". Skal vi le eller gråte? Upcoming midt i ei norsk setning??!! Hadde denne journalisten verkeleg så elendige norskkunnskapar at han ikkje greidde å finne eit av fleire norsk ord for upcoming?.
"Single" blir nå ofte brukt om einslege personar, altså slike som lever utan fast partnar. Ingen har vore i stand til å påvise at
singel/single har ein tilleggsverdi samanlikna med einsleg. Derimot er det enkelt å påvise at det er tankelaus språkbruk.
Og NRK/P2 syndar svært ofte. I programmet Ekko den 10.11.16 heiter det: " Vi må adressere problemet. Sjå på, se på, ta opp, rette oppmerksomheten mot, diskutere, drøfte* er alle gode, bokmålske og nynorske uttrykk for å adressere.
Enda ei synd som vart notert i ei NRK-P2-sending 18.11.16, men der syndaren ikkje var NRK-journalist:
"Claime seier´n". Dette språklege søppelet fall ut av munnen av ein av dei inviterte gjestene i eit debattprogram. Det er meir uvisst om han vaska seg i munnen etterpå. Dét burde i så tilfelle ha skjedd med grønsåpe.
I NRK P2/Ekko 12.11.16 sa ein teologistudent at "Dette tok meg off guard--". Av samanhengen forstod vi som høyrde på, at det han meinte å seia at dette (kva da nå enn var)
kom brått,uventa eller overraskande på han; dette var noko han ikkje var budd/forberedt på.
Det er altså rikeleg med norske ord og formuleringar for det han ville uttrykkje; så kvifor brukte han ikkje eitt av desse?
"Worst case, best case scenario er attgangarar. Den som brukar desse jålute formuleringane fær ikkje sagt det minst meir enn om han seier : Verst eller best tenkjelege situasjon.
Mot jåleri kjempar sjølv gudane fånyttes. Problemet er at gudane også ser ut til å ha gjeve opp.
NRK.P2/Nyhetsmorgen 17.11.2016:
I eit innslag var temaet ein auksjon av ein kjole etter Marilyn Monroe. Prisvurdering var 25 mill.kroner. På spørsmål om kven som kunne vera viljug til å gje så mykje for ein kjole, sa ein NRK-medarbeidar: "Det blir nok en collector, dette er for dyrt for muséene".
Når vart ein collector noko meir og anna enn ein samlar??
I Aftenposten 20.11.16 serverte professor i medisin Per Fugelli følgjande:
"Å vite at du skal dø snart, er en slik
major life event. Dét faktum at kronikkforfattaren smykkar seg med ein professortittel, er altså ingen garanti mot at vi blir påført denne aller verste type klisjé-engelsk.
Vi må gå ut frå at den som har fått seg ein professortittel, sit inne med ein minimum av intelligens. Men som Jon Leirfall sa om ein annan professor:"*Han har mykje vett, men det er kleint vett".
I NRK/P2/Salongen 28.11.16 er temaet det britiske partiet UKIP. Ut av munnen på NRK-journalisten dett følgjande setning:
"UKIP fikk kun en member av Parlamentet".
Eg lurer på kva slag prosessar som er igang inni hjernen på ein journalist som vel ordet member i staden for det norske ordet medlem, som tyder akkurat det same, er like langt, like greitt og minst like forståeleg. Bastardspråk er ikkje eit pent ord, men av og til er det heilt dekkjande. Bastardspråk som vi på ingen måte treng, er eit hakk verre.
I same radioprogram (NRK.P2/Salongen 28.11.16)
blir følgjande setning servert det norske folk:
"Vi må trigge julestemninga".
Er det noko som ikkje utløyser, byggjer opp eller fær istand julestemning hjå nordmenn flest, så må det vera det latterlege ordet trigge.
"Droppe ut" er nå i ferd med å slå igjennom som nyord for å falle ut av eller mislykkast i skule ellet arbeidsliv. Det engelske ordet gjev sjølvsagt ingen meirverdi samanlikna med dei norske formuleringane, men stortingsrepresentanten Aasen (Ap) brukar det like glatt (i NRK.P2/Dagsnytt 18 1.12.16)
som kunnskaps- og utdanningsminister Røe-Isachsen gjer det(i NRK.P2/Dagsnytt 18 6.12.16). Burde vi vente noko meir og betre av ein kunnskapsminister?
Nei, det kan vi naturleg nok ikkje.
Særleg ein Høgre-statsråd er sikkert redd for å bli kritisert for å vera fin på det ved å snakke eit korrekt norsk.
NRK. P2/Nyhetsmorgen 13.12.16: FNs Spesialutsending i Syria (tidlegare statssekretær i UD, tidlegare FN-visegeneralsekretær) Jan Egeland uttalar:
"Vi kan ikke konfirmere disse rapportene***.
Er Egeland prest eller er han spesialutsending??
På norsk er konfirmasjon/konfirmere ei oppgåve for prestar, og dei som vil kan bli konfirmantar. Engelskmenn seier "confirm" når dei vil bekrefte eller stadfeste ei sak.
Vi nordmenn er så heldige at vi held oss med to skriftspråk, og dermed kan vi også velja mellom to ulike ord med same tyding som confirm.
Egeland hadde greidd seg godt med å bekrefte eller stadfeste rapportane - eller la dette vera.. Da hadde han også sluppe å gjera seg sjølv til latter.
I Dagens Næringsliv 17.12.16 uttalar stortingsmnn Kent Gudmundson "tell me about it" når han vil seia noko så enkelt som "fortel meg om det".
- og seier ikkje eit kvekk meir med den engelsken varianten enn me de norske. Det må vera lov å grunne på kva som går føre seg inne i ein slik stortingshjerne når resultatet blir som det blir i dette tilfellet?
I NRK.P2/Museum 18.12.16 er det ein historieprofessor som snakkar om det norske folketalet på 1400-talet, og omtala dette folketalet som ein "all time low". Det norske folketalet i Noreg hadde altså aldri vore lågare - ifølgje professoren. Dette er sjølvsagt ei faktisk feilaktig utsegn; men ein faktafeil tek seg kanskje betre ut når den blir framført på frase-engelsk. Altså enda ein professor som på død og liv vil syne oss at han har mykje vett men av dårleg kvalitet.
Avisa Dagens Næringsliv offentleggjer den 17.12.16 eit intervju med forretningsmannen, Trump-tilhengjaren og partigrunnleggjaren Hans J.L. Johansen; som slepper ut følgjande setning: "Jeg endorset Donald Trump i september i fjor...Da var det helt outrageous å støtte Trump".
Det finst tydelegvis ingen grenser for kva nordmenn med utdanning - og som til og med vil stifte parti - kan plompe ut med av engelsk fjolleri.
I Aftenposten 21.12.16 kan vi lesa følgjande i ein nekrolog: "*Etter et langt og eventyrlig liv var han ready to go."
Er engelsk mest brukt også på hi sida?
Eg vurderer å skrive min eigen nekrolog.
I NRK/P2/Dagsnytt 18 spyr ein debattant, som sjølvsagt også er forskar, ut følgjande språkpadde:
"Steiros argument er valid.
Påny blir mitt spørsmål: Har ein plikt til å bruke jålespråk når ein har yrkestittel forskar?
I NRK/P2/Ekko 16.1.2017 kunne vi høyre på eit intervju med ein akademisk mannsperson om mangel på snø rundt familiehytta:
"Dette er ikke noen issue for meg nå".
Snømangelen var altså ikkje noko problem, nokor sak for han lenger.
Men det må da vera eit problem for han at han demonstrerer sin språklege dumskap for alt folket?
I NRK.P2/Museum 22.1.17 vart det sendt ein reportasje frå eit anlegg for oppdrett av laks, og ein representant for anlegget uttalar:
"Vi vil vise gjerne fram the real life.
Javel, ja, det vart vi overmåte mykje klokare av enn om han hadde uttrykt det same på norsk.
Det passar å avslutte med eit innslag i NRK P2/Museum 12.2.17 der ein pensjonert professor fortel oss at:
"De inngikk avtaler ved å shake hands.
Det gode gamle handslaget dugde altså ikkje for professoren.
Dei fleste av dei døma som er presentert ovanfor, er notert gjennom nokre få veker og er avgrensa til eit fåtal media. Dette er ikkje ei vitskapleg gransking; den er ikkje breid nok eller går over lang nok tid til dét. Men eg har sterk mistanke om at dette ikkje berre er representativt for det språklege forfallet som skyt fart rundt oss; men truleg er det verre andre stader, i mindre seriøse media, og med mindre akademisk skolerte deltakarar.
Eller er det kanskje slik at dei beste media med dei beste journalistane og dei mest akademisk skolerte deltakarane i debatt og intervju, brukar eit meir engelsk-infisert norsk enn andre, mindre seriøse media?
Vi kan altså lure på årsakene til slikt språkleg jåleri. Er det ei slag mindreverdskjensle overfor engelsk? Er det uttrykk for den velkjende norsk husmnnsånd?
Siste forklaring vil eg avvise som urettferdig overfor dei historiske husmennene; som gjorde det beste ut av ein vanskeleg situasjon.
Med dei språklege jålebukkane er det stikk omvendt: Dei gjer det verste ut av ein lett situasjon.
Iallfall så er dette alt saman døme på engelsk som vi ikkje treng, og dersom vi ikkje greier å stanse bruken, er dette starten på slutten på norsk språk. Når vi diverre ikkje kan hengje dei som forsøplar norsk språk med slikt, så må vi iallfall sørgje for å få dei hengt ut til skrekk og åtvaring.
Dette er eit lite tilskot i så måte.