ER UKRAINA EIN NASJON?
I ein fjernsynstale kvelden før han let troppene sine gå laus på Ukraina, gjorde Putin eit stort poeng av at det ikkje finst, og aldri har funnest ein ukrainsk nasjon eller ein ukrainsk statsskipnad. Ukrainarane hadde alltid vore ein "..integrert del av Russlands eige historie, kultur og åndelege sfære". I denne timelange talen gjorde Putin nærast narr av dei ukrainske freistnadene dei siste tre tiår på å byggje opp ein eigen nasjonalstat. Han teikna eit bilete av Ukraina som eit resultat av mistak og bommertar av fleire generasjonar leiarar i Moskva. Fyrst Lenin som tok eit stykke russisk landområde og laga eit kunstprodukt, republikken Ukraina. Fylgt av Stalin som la område frå andre aust-europeiske land til dette "kunstproduktet". Og endeleg (ukrainaren) Krustsjov som " av ein eller annan grunn tok Krim frå Russland og gav det til Ukraina i 1954". Ukraina er altså ifølgje Putin ingen legitim nasjon , ingen legitim stat, det er ein del av Russland. Og på dette grunnlaget sette han i gang åtaket den 23.februar 2022 for å fjerne dette påståtte kunstproduktet frå kartet.
Kva er fakta i historia om Ukraina?
Ukrainske historikarar peikar med rette på at sjølvsagt er russisk og ukrainsk historie tett samanvove, men fyrstedømet i Kyiv vart skipa hundrevis av år før fyrstedømet i Moskva. Dette burde vel nordmenn veta betre enn andre ettersom ein av våre største mellomalderkongar, Harald Sigurdsson Hardråde, henta seg kongsdottera Ellisiv i Kyiv som komande norsk dronning på veg attende frå Konstantinopel. Etterkvart vart fyrstedømet Moskva - nykomlingen - dominerande, og som den britiske historikaren David Patrikarakos skriv: "Ein av grunnane til at Ukraina aldri fekk ein stabil statssskipnad er nettopp Russland". Men som også nordmenn burde veta frå si eiga soge, så er ikkje lange periodar utan ein eigen stat noko prov på at det ikkje finst ein nasjonalitet og ein nasjon. Den ukrainske nasjonalismen har gong på gong kome til uttrykk opp gjennom hundreåra. Frå den ukrainske kosakk-leiaren Ivan Stepanovitsj Masepa som allierte seg med svenskekongen Karl XII mot Peter den Store, og dei talrike bondereisingane mot liveigenskapen som det russiske tsardømet hadde påtvinga dei frie bøndene i Ukraina. Vidare til det kjende mytteriet av ukrainske matrosar på kryssaren Potemkin i 1905; og fram til 1917 da ukrainarane i det volhyniske garderegimentet slutta seg til demonstrantane mot tsar-regimet,, innførde ukrainsk som kommandospråk og kjempa under den blå -gule fana, som alle nå kjenner. Eit følgjeriktig steg på den same vegen var utropinga av ein uavhengig ukrainsk republikk i 1917. Sjølv om denne vart kortvarig - i 1920 vart landet tvangsinnlemma i Sovjetunionen - så var Ukraina i heile sovjetperioden eit sentrum for motstand, opposisjon og oppreist. Klassemordet(Holodomor) på dei ukrainske bøndene under Stalin (3-5 millionar offer) greidde ikkje å knekkje det ukrainske folket og den ukrainske motstandsviljen, heller tvertimot. Noko som også synte seg under 2.verdskrig da titusenvis ukrainarar meldte seg til kamp på tysk side under general Vlassov. Dette var ei tragisk misforståing og eit tragisk sidespor, diverre, på grunn av Hitlers imperialistiske og forblinda rasegalskap. Hadde Tyskland gjeve Ukraina sjølvstende i 1941, og gjort ukrainarane til ein alliert mot sovjetkommunismen, kunne andre verdskrig fått eit heilt anna utfall. Tvertimot så sende tyskarane den ukrainske nasjonalisten og antikommunistiske motstandskjemparen, Stepan Bandera, i konsentrasjonsleir, etter at han saman med andre ukrainske nasjonalistar etter den tyske invasjonen i 1941 proklamerte Ukraina som sjølvstendig stat. I 1944 avslo han eit tysk tilbod om å slutte seg til den tyske kampen mot Sovjetsamveldet. Denne nasjonale motstandsmannen og konsentrasjonsleirfangen har det russiske propaganda-apparatet med ein viss suksess greidd å karikere som ein "nazist"! Bandera heldt seinare fram kampen i utlandet for eit fritt Ukraina, men vart myrda av ein KGB-agent i München i 1959. Hans "Ukrainske opprørsarmé" heldt motstandskampen i gang til ut på 1950-talet, og hadde tidvis store område under sin kontroll. Den ukrainske motstandsviljen levde vidare etter verdskrigen trass i all forfølging og undertrykking. Ein lite kjent episode frå det ungarske folke-opprøret i 1956 kan illustrere dette. Den 25.desember 1956 , to veker etter at opprøret var slege ned, offentleggjorde det tyske vekemagasinet "Der Spiegel" ein artikkel der det vart opplyst at "..aukande desertasjonar frå dei sovjetiske hæravdelingane med sterke innslag av ukrainske soldatar. Britiske ekspertar hevdar at det er tale om over 15000 mann. Heile kompani ukrainarar har gått over til dei ungarske motsstandskjemparane, og teke med seg våpen og sambandsutstyr".
For dei som kjenner ukrainsk historie, kan difor ikkje proklamasjonen om eit fritt og sjølvstendig Ukraina i 1991 ha kome som eit sjokk. Enda mindre overraskande var det at ved folkeavrøystinga som vart tilskipa , var det eit stort fleirtal (92,3%) for sjølvstende.
I desse dagar fører Ukraina ein desperat forsvarskamp mot den russiske overfallsmakta. Alle må bli imponert over den ukrainske forsvarsviljen og evna til å stå i mot ei brutal overmakt. Ingen veit i skrivande stund(i april 2022) korleis dette vil ende. Ei sak tykkjest klar, bortsett frå at Russland har tapt krigen politisk, moralsk og propagandamessig: Ut av denne krigen kjem Ukraina og ukrainarane med styrka nasjonalkjensle, styrka medvet om eigen nasjon og identitet.
Det er ikkje fyrste gongen at krig styrkar ein nasjon, eller skapar ein nasjon. Australia knyter såleis sin fødsel som nasjon og sin nasjonale identitet til slaget mot det ottomanske riket ved Dardanellane i fyrste verdskrig, der tusenvis av unge menn frå Australia og New Zealand vart ofra i meiningslause åtak planlagde av krigsleiinga i London. Datoen for dette slaget ,ANZAC -day, er ein av dei store høgtidsdagane i Australia (og New Zealand), og er ikkje berre ei minnemarkering for dei som gav sitt liv, men kanskje vel så mykje ei markering av det som ifølgje australsk sjølvforståing skapte ein australsk nasjonal identitet, i eit område som inntil da berre hadde vore ei samling britiske koloniar på ei stor øy i det sørlege Stillehavet.
Ein kan berre vone at den gamle nasjonen og etterkvart nokså vaksne nasjonalstaten Noreg syner like sterkt nasjonalt samhald og forsvarsvilje som Ukraina, dersom vi skulle koma i ein liknande situasjon.
(Ein lett forkorta versjon av denne teksten vart offentleggjort i Dag og Tid 29.4.2022)