PUTIN:EIN FASCIST?

Den 24.februar 2022 blir truleg ein merkedag i européisk historie. Da gjekk Russland til eit massivt, brutalt og uprovosert åtak på Ukraina. Åtaket kan drive Sverige og Finland inn i NATO, det har ført til at Tyskland forlet sin etterkrigspasifisme og rustar opp kraftig , og energisamarbeidet med Russland kan bli avslutta. Dei i Vesten som hadde hatt det travelt med å syne forståing for Putin og hans åtferd, fekk det nå like travelt med å fordømme han. Men fordømminga gav seg utslag i ei merkeleg omskriving av kva slag leiar dette er.

Her nokre døme på kva eg meiner: I Dag og Tid 18.3.22 skriv Cathrine Strøm om eit dikt av Odveig Klyve der temaet er Putin og det som nå skjer i Ukraina. Klyve diktar om "det som forsvinn når krigsretorikken og fascismen får ta overhand".  I Aftenposten 4.3.22 skriv Lars Rowe  at "Putin.. leder et korrupt, fascistisk regime". I same avis 28.3.22 skriv Jonathan Littell om Putin "..og hans regime av tyver og fascister"

Kva er dette?Kvifor denne språkbruken? Korleis har eit ektefødd barn av kommunismen, ein KGB-offiser som gret da Sovjetimperiet braut saman, brått vorte ein "fascist"? Ein "fascist» som går til åtak på eit fredeleg granneland fordi det er styrt av "narkomane nazistar"...

Den historiske fascismen var som kjent statsberande ideologi i Italia frå 1922 til 1944 med Benito Mussolini som førar og diktator- Il Duce. Det var ein ideologi og ei rørsle som representerte noko nytt, med sitt krav om totalitært herredøme , med sin massebasis og med sin samtidig antikapitalistiske,antimarxistiske,  antiliberale og nasjonalistiske retorikk. Det var difor ikkje overraskande at fascismen i Italia tidleg vekte interesse hjå eit anna nytt regime, nemleg hjå den  bolsjevikiske statsleiinga i Russland. Alt i 1924  sa Josef Stalin i ein tale at "Fascismen er ikkje berre ein militær-teknisk kategori. Fascisme er bursjoasiet sin kamporganisasjon som byggjer på aktiv støtte frå sosialdemokratiet. Sosialdemokratiet er objektivt den moderate fløyen av fascismen". Omgrepet "sosialfascisme" var skapt. Dermed var det fyrste steget teke mot ein bruk av "fascist" og "fascisme" som eit politisk skjellsord frigjort frå all røyndom; eit omgrep som kunne brukast om alt og alle. Omlag på same tid omtala den sosialdemokratiske Rikskanslaren Herman Müller kommunistane som "fascistar". Etter at Hitler og hans nasjonalsosialistar hadde kome til makta i Tyskland i 1933, forlet kommunistane "teorien" om sosialfascisme og vedtok i 1935 strategien om folkefronten, dvs samling av kommunistar og sosialdemokratar mot "fascismen". Fire år seinare vart så denne strategien kasta over bord da Hitler og Stalin fann kvarandre.

Etter verdskrigen kom snart den kalde krigen som gav fascismen  ein renessanse, iallfall som ammunisjon i propagandakrigen: For Sovjetsamveldet var all antikommunistisk eller antisovjetisk aktivitet synonymt med fascisme. Regimet i "DDR" kalla muren gjennom Berlin "den antifascistiske forsvarsmuren". På hi  sida av muren var altså "fascistane". Anti-fascisme vart etter kvart einstydande med partilina til Sovjetkommunismen. Etter slutten på den kalde krigen  -  og 45 år etter at den autentiske fascismen var borte  -  var  "fascist" framleis liv laga som eit skjellsord mot politiske motstandarar. Slik vart omgrepet brukt mot dei som kjempa for sjølvstende i dei baltiske land, mot Euromaidan-demonstrantane i Ukraina, mot Donald Trump   -  berre for å nemne eit fåtal døme.

Og nå har altså , som påvist ovanfor, skribentar i ulike media funne fram det gamle skjellsordet for å karakterisere Vladimir Putin og hans handlingar i Ukraina. Slik språkbruk vil eg påstå er absurd. Av dei tre store autoritære ideologiar i det 20.hundreåret -  fascismen, nasjonalsosialismen og kommunismen  -  kan den italienske fascismen trygt seiast å vera den som valda minst skade på dei menneskje som den la under sitt herredøme. Kommunismen og nasjonalsosialismen har millionar menneskeliv  på samvetet. Fascismen i Italia: Nokre hundre i verste fall. Når Putin blir kalla fascist så må det jo vera fordi dette heilt feilaktig blir oppfatta som noko verre, noko meir negativt enn kommunist, post-kommunist, nasjonalkommunist   -  som Putin etter alt å døme de facto er. Hans handlemåte i Ukraina ville Stalin, Krustsjov og Bresjnev ha nikka attkjennande til. Var dei også fascistar?

Alt i  1944 sa den britiske forfattaren og (den gongen sosialist) George Orwell at bruken av fascisme/fascist er heilt meiningslaus. Han hadde høyrt det brukt om bønder, butikkeigarar, dødsstraff, revejakt, tyrefekting, Kipling, Gandhi,Chiang Kai -Shek,homoseksualitet, , astrologi,osb osb. I praksis , sa Orwell, blir ordet  brukt synonymt med "bølle"("bully) .

Ein kan jo vera samd i at Putin er ei bølle, ei stor bølle. Men han er også produkt av eit system, det sovjetkommunistiske. I NRK/Verdibørsen 8.3.22 sa Dag og Tids eigen medarbeidar Halvord Tjønn at Russland i motsetnad til Tyskland ikkje har teke noko oppgjer med si totalitære fortid og dei massebrotsverka som kommunismen hadde ansvaret for. I det siste har det kome inn representantar på Stortinget som går rundt og tykkjer det er artig og kjekt å kalle seg kommunistar. Det er ikkje heilt av vegen at slike blir mint om kva kommunismen stod for, og kva arvtakarane i Moskva står for