Institut für Zeitgeschichte (IfZ) i München er det største forskingsarkivet i Tyskland for studiet av nasjonalsosialismen og Det Tredje Riket. Her sat eg eitt år med tysk statsstipend - utdelt under den norsk-tyske kulturavtalen - for å samle tilfang til, og starte skrivinga av ei hovudfagsoppgåve i historie om "Josef Goebbels og sosialismen i nasjonalsosialismen 1925-1930".
Korleis hadde eg vorte interessert i dette temaet?
Mellom anna fordi sosialisme i denne tida var på alles lepper. Det var in å vera sosialist. Særleg i studentmiljøet var det grøne sosialistar, kristne sosialistar, og sjølvsagt alle slag variantar av venstretotalitær sosialisme frå NKP til SUF (forlauparen til AKP).
Under eit kollokvium på Blindern(Universitetet i Oslo) spela historieprofessor Magne Skodvin av eit lydopptak, der den ukjende talaren heldt eit flammande oppgjer med kapitalisme,økonomisk utbytting og undertrykking. Så vart studentane oppmoda om å gjeta på kven talaren var. Dei fleste gjeta på ein kommunist, sume meinte det kunne vera Martin Tranmæl eller andre frå AP i ein tidleg fase. Svaret var at det var ein NS-leiar; ein av Vidkun Quislings trufaste menn. Også mange i NS og det tyske NSDAP, sa Skodvin, oppfatta seg som sosialistar, som nasjonale sosialistar. Sume venstreorienterte studentar protesterte: Dette kunne da ikkje ha noko med ekte sosialisme å gjera, dette var eit misbruk. Dét kunne ikkje han svara på, sa Skodvin. Alt han ynskte å få fram var at også desse´oppfatta, såg seg sjølve som sosialistar. Professoren hadde kanskje gjort dette for å erte dei ekstreme marxistane som på denne tid, bokstaveleg tala, marsjerte fram i studentverda, ikkje minst på historisk fakultet.
Men meg gjorde dette nysgjerrig; det vekte ein interesse som eg aldri har vorte kvitt. Det offisielle namnet på Hitlers parti var som kjent Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarparti. Kva slag sosialisme var dette, og kor viktig hadde denne nasjonale sosialismen vore da den brune rørsla voks seg sterk i Tykland på slutten av 1920-talet?
Dette drog eg altså til Institut für Zeitgeschichte for å finne ut av sommaren 1972. Resultatet av opphaldet ved IfZ vart ei hovudfagsoppgåve i historie, med tittel som nemnt ovanfor.
Dei som skulle vera spesielt interessert i teamet, kan lesa eit samandrag av oppgåva i Norsk Historisk Tidsskrift 3/1976.(Seinare har historieprofessor Øystein Sørensen skrive fleire lesverdige bøker om same tema.)
I det følgjande vil eg berre fortelja om eit par møte, som eg hadde i samband med opphaldet i München og arbeidet med hovudfagsoppgåva.
Hans-Bernhard von Grünberg var av gamal prøyssisk landadelsslekt. Da eg møtte han, helsa han meg velkomen på følgjande måte: " Wissen Sie was ein Junker ist? Ich bin einer". Han var ein stram kar på 71 år da eg møtte han, litt under middels høg, med eit ironisk blikk og skarp formuleringsevne.
Han var fødd i 1903, og var blant dei mange unge intellektuelle, som etter den sterke framgangen ved valet i 1930, slutta seg til det nasjonalsosialistiske partiet.
Han var da - 27 år gamal - professor i Staatswissenschaft (som ikkje må forvekslast med statsvitskap) ved Universitetet i Kønigsberg i Aust-Preussen. Her vart han også rektor mot slutten av krigen. Da sovjetarméen nærma seg, meldte han seg til frontteneste, og deltok i kamphandlingane til nederlaget var eit faktum. Han kom i sovjetisk fangenskap, men tilhøyrde det mindretalet tyske krigsfangar som overlevde, og kom etter 6-7 år som fri mann til Vest-Tyskland. Her vart han aktiv i fleire høgreradikale parti, og vart m.a. innvald for det nasjonaldemokratiske partiet (NPD) i den bayerske landdagen(delstatsforsamlinga).
Det var såleis på ingen måte ein angrande syndar som tok i mot meg, da eg stilte til møte med v.Grünberg i heimen hans i München.
Da v.Grünberg vart partimedlem, var ein konflikt på gang mellom partiet i Nord-Tyskland, under leiing av Gregor Strasser, og Hitler og krinsen rundt Føraren i Sør-Tykland. NSDAP i Nord la meir vekt på den sosialistiske komponenten i agitasjonen og partiarbeidet, og hadde også ulike syn på taktiske spørsmål som vilkåra for regjeringsdeltaking. Særleg vanskeleg var spørsmålet om korleis ein skulle slå politisk mynt på, og bruke valframgangen i 1930, og seinare valsigeren i 1932 (da NSDAP vart største partiet i Tyskland). Strasser meinte at NSDAP burde gå inn i den tysk regjeringa, sjølv om partiet ikkje fekk regjeringssjefen, Rikskanslaren. For Hitler var dette siste eit ufråvikeleg krav, eit sine qua non.
Partileiarane i Nord-Tyskland vart difor i 1931 kalla inn til møte med Hitler og krinsen rundt han i München, for å rydde usemja av vegen. På togturen sørover frå Berlin heldt Strasser samråd med sine folk; og dei var samde om å stå på sitt, koste kva det ville. Strasser åtvara v.Grünberg, som ikkje hadde møtt Føraren på nære hald før, om at Hitlers talegåver kunne vera vanskelege å stå imot. Ifølgje sine eigne ord så hadde v.Grünberg gjort seg lystig over dette. Tanken om at han - den intellektuelt overlegne professoren - skulle la seg påverke av talekunst, nei, det kunne ikkje takast alvorleg.
Da Strasser og hans følgje kom inn i møterommet i NSDAP-hovudkvarteret, "Det brune hus", var Hitler ikkje på plass. Alle sette seg ned og venta. Etter 15-20 minutts venting kom Hitler inn i rommet. Han mønstra møtedeltakarane ved å fiksere blikket sitt på kvar enkelt nokre sekund. Så sette han i gang å tale med ein intensitet og ei suggestiv kraft som ifølgje v.Grünberg var nesten lammande. Hitler tok ikkje utgangspunkt i nokon dagsorden. Han heldt ein dramatisk appell om samling rundt sitt leiarskap; det galdt liv eller død for partiet, for folket, for det evige Tyskland. Han hadde bygt opp massepartiet frå ei gruppe på 6 mann. Han hadde satsa livet under oppreista i 1923. Nå måtte han krevja full lojalitet i den avgjerande siste etappen, som kunne føre til at dei fekk makta. Argumentasjonen var korkje overraskande elle original - ifølgje v. Grünberg - men vart framført på ein så "overveldande kjensleladd, dramatisk og energisk måte", at motstanden fall til fote. "Eg kjende heilt inn i ryggmargen at Hitler likevel hadde rett", sa v.Grünberg. Det ville vera latterleg å koma med fornuftsprega argument mot denne bodskapen. Der og da vart v.Grünberg heilt overtydd om at nasjonalsosialismen stod og fall med Hitler.
Føraren fekk det som han ville. Den sams lina vart den som Hitler ville ha, iallfall der og da(1).
Og v. Grünberg vart ifølgje sine eigne ord ein fullt ut lojal Hitler-tilhengjar, heilt til sluttfasen av krigen da det tok til å koma meiningslause ordrar frå Führerhauptquartier til ikkje-eksisterande militærstyrkar .
Da møtet i "Det brune hus" var over, og v.Grünberg skulle gå til sengs for natta, var det heilt uråd for han å falle i svevn. Dette var noko nytt; han hadde aldri hatte problem med å falle i svevn. " Hadde det vore ei olympisk grein i å sova lenge og godt, hadde eg vunne kvart einaste OL", sa v.Grünberg med eit smil. Men Hitlers tale hadde skaka han så valdsamt opp, at det var uråd for han å få sova. Til slutt måtte han stå opp, som i feber. Resten av natta gjekk han kvilelaust rundt i gatene i München til det demra av dag(2).
På slutten av samtalen tok v.Grünberg merkeleg nok til å prate om det vanskelege tilhøvet han hadde til sonen sin. Sonen ville knapt nok ha kontakt med faren, fordi faren var ein "nazi", og fordi faren ikkje synte vilje til å bøte for sine synder, og vedgå at han hadde teke feil. Tvertimot kunne ein vel trygt seia. Den oppfatning at han skulle handla feil innsåg altså ikkje v.Grünberg på nokon måte. Den største feilen - sa v.Grünberg - var at han hadde eit visst medansvar for at Tyskland hadde tapt krigen. "Nie wieder ein verlorener Krieg", som v.Grünberg til slutt formulerte det; noko som var eit ironisk ordspel med slagordet til den såkalla tyske "fredsrørsla" på denne tid: "Nie wieder krieg"(3).
Otto Strasser var fødd i 1897 og var ein yngre bror av ovannemnde Gregor Strasser. Han var aktiv i det nordtyske NSDAP saman med broren (og Josef Goebbels), der dei som nemnt la vekt på sosialismen i marknadsføring av partiet. I 1930 braut Otto Strasser med NSDAP og Hitler etter eit stormfullt møte på tomannshand med partiføraren. Han var misnøgd med Hitlers manglande vilje til å satse på og vektleggje sosialismen i partiarbeidet, og skipa eit nytt nasjonalistisk og sosialistisk parti, Schwarze Front, som ikkje fekk breid tilslutnad. I 1933 måtte Strasser flykte frå Tyskland, og han levd ei eksil inntil 1955.
Strasser tok i mot meg i heimem sin, eit moderne husvere nær Institut für Zeitgeschichte, der eg heldt til. Dette var våren 1973, og Strasser var såleis 76 år gamal. Han var mentalt frisk, men i dårleg fysisk form. Eg vart overraska over å oppdaga at han hadde ei langt yngre, pen kone på om lag 40 år, som serverte kaffe og Apfeltorte.. Eg må vedgå at eg lurde på kva dette for eit ekteskap(4).
På spørsmålet mitt om kva som var det viktigaste skiljet mellom Hitlers oppfatning av sosialisme og hans eigen, gav Strasser eit langt svar der det var to element som utpeikte seg. For det fyrste var Hilers antikapitalisme i stor mon retta mot den såkalla jødiske finanskapitalen, "das raffende Kapital"(jfr intervjuet med v.Grünberg). Strasser meinte fokuset på den jødiske kapitalen var eit sidespor. Jødisk eigarsakap var ikkje det største problemet med kapitalismen.
Bortsett frå finans- og bankvesenet var Hitler heller ikkje viljug til å gjera noko med eigedomstilhøva i privat næringsliv, heller ikkje i storindustrien. Hans sosialisme var ein statssosialisme eller statsdirigisme; staten skulle styre og regulere, ikkje eige. Strasser ville ha vidtgåande sosialisering, særleg av monopolføretak og dessutan medeigarskap for dei tilsette.
Otto Strasser hadde skrive fleire bøker om denne perioden, og om brotet med Hitler og NSDAP. Samtalen med honom gav meg såleis ikkje nemneverdige nye opplysningar jamført med innhaldet i bøkene, som eg sjølvsagt hadde lese.
I ei av bøkene omtalar Strasser korleis han , før det endelege brotet hadde ein lang diskusjon med Hitler på
tomannshand, der partiføraren prøvde å trekkje han over på si line og si oppfatning av sosialisme. Hitler hadde på vanleg måte argumentert emosjonelt og inntrengjande.
Eg spurde kvifor han - i motsetnad til m.a. Goebbels - hadde greitt å stå imot Hitlers talegåver og overtalingskunst. Kanskje fordi eg hadde ein sterkare ryggrad, svara Strasser. Eller kanskje fordi Goebbels og andre ikkje hadde eit så sterkt sosialistisk fotfeste som han. Meir sa han ikkje om dette.
Da vi hadde prata oss gjennom mi "sakliste", sa Strasser at han hadde eit spørsmål til meg. Han hadde heile sitt liv vore religiøs, rettnok "på sin eigen måte". Dei siste åra hadde han tenkt meir og på livsens meining, døden og om det er eit liv etterpå. Han hadde prata med fleire prestar om si tru og sin tvil, men det hadde kome lite ut av det. Så hadde han lese einkvan stad at nordmenn er uinteressert i slike spørsmål. Dei godtek stoisk at når det er slutt, så er det slutt. Dei går døden i møte utan angst,utan spørsmål. Desse opplysningane hadde gjort eit sterkt inntrykk på han. Og han ville veta om dette verkeleg var sant? Korleis tenkte eg og andre nrodmenn om døden?
Spørsmålet kom heilt uventa på meg, og 25-år gamal som eg var, hadde eg ikkje akkurat tenkt så mykje på døden. Eg starta litt famlande med å svara at det var mange slags nordmenn og i visse område av Noreg, særleg langs sør- og vestlandskysten hadde kristendomen tradisjonelt hatt eit sterkt grep.
Men for min eigen del og når det galdt det område eg kom frå, kunne det vera mykje i det Strasser hadde lese. Sjølv var eg agnostikar - sa eg - og hadde kome fram til at dét det var uråd å finne noko svar på, som Guds eksistens og eit eventuelt liv etter døden, kunne ein like godt la vera å kaste bort tid på. Som illustrasjon på at dette ikkje berre var uttrykk for moderne sekularisering , fortalde eg om min eigen farfar, fødd 1874. Han gjekk aldri i kyrkje, prata aldri om religiøse spørsmål, heller ikkje på sine eldre dagar, og hadde som slagord " Kyrkja og kristendomen er til for å halde folk i age".
Strasser takka meg for desse opplysningane, som han tykte var overraskande, men som han ville tenkje på.
################################################
Otto Strasser døydde i august 1974, vonleg med eit avklara syn på livet og døden. Hans-Bernhard von Grünberg døydde i juni 1975.Det var altså i siste liten at eg fekk høve til å møte desse personlegdomane, som spela heilt ulike roller i det store dramaet som ber tittelen nasjonalsosialismen og Det Tredje Riket. Båe møta var minneverdige og gjevande. Kanskje mest interessant var kor ulikt dei to hadde reagert på partiføraren. Hitler var heller ikkje andsynes sine næraste, alltid i stand til å utøve den magiske trolldomskraft som mange har skrive så mykje om..
(1) Gregor Strasser synte seinare at han ikkje heilt hadde godteke Hitlers line i spørsmålet om regjeringsdeltaking.
I 1932 hadde han kontakt med rikskanslar Schleicher som tilbaud Strasser visekanslarstillinga og statsministerstillinga i Preussen, sikkert i ein freistnad på å splitte Hitler og Strasser og dermed NSDAP. Strasser var freista til å gå inn på dette tilbodet, men Hitler reagerte rasande, forbaud han å gå inn i regjeringa, og Strasser bøygde på ny unna. I frustrasjon meldte han seg deretter ut av partiet, og drog seg attende frå all politisk aktivitet.
Under utreinskingsaksjonen mot SA-leiaren Røhm og krinsen rundt han, vart også Gregor Strasser skoten, visstnok på personleg ordre frå Hitler.
(2) Dette minner veldig om den opplevinga Goebbels hadde da han høyrde på ei tale av Hitler i Bamberg i 1926, og vart "omvendt".
(3) Bernhard von Grünberg, sonen til Hans-Bernhard von Grünberg, som hadde så store problem med faren sin(og omvendt), er ifølgje Wikipedia aktiv i det soialdemokratiske partiet (SPD) og sit m.a. som SPD-medlem i landdagen i Nordrhein-Westfalen. Han har ikkje uventa valt ein heilt annan politisk ståstad enn faren. Men fotoet av han i Wikipedia syner ein mann som er påfallande lik faren i utsjånad.
(4) Da eg mange år seinare levde fleire år i Tyskland, oppdaga eg at slike ekteskap ikkje var heilt uvanlege.
Det mest kjende dømet var SPD-politikaren Herbert Wehner, som etter at han i åtti-års alderen vart enkjemann, gifte seg opp att med den langt yngre dottera, som kona hadde frå eit tidlegare ekteskap. Wehner døydde ikkje så lenge etterpå. I media heitte det at det andre ekteskapet vart inngått åleine for å tryggje økonomien, gjennom enkjepensjon, for "kjerringdottera". Det låg truleg liknande motiv bak Otto Strassers siste ekteskap.