Kva er norsk identitet og kva er norske verdiar? Kva er det som skil nordmenn frå andre folkeslag og nasjonar?
Slike spørsmål fær svært ulike svar: Sume hevdar at det knapt finst ein eigen norsk identitet og særeigne norske verdiar. Alt slikt er importert frå andre land,og i beste fall gjeve ei norsk utforming. Norske verdiar er demokrati og mennskerettar; alt anna er uvesentleg. Ein nordmann er ein person med norsk pass. Alle som held til på norsk område tilhøyrer det same store "VI". Atter andre syner til at brunost,vafler og skitur er typisk norsk og viktige element i vår identitet.
Med andre ord kan vi velja mellom trivielle, innhaldslause, avvisande eller latterlege svar på spørsmålet om kva som er vår identitet.
Eg vil nedanfor prøve å gå inn i denne problemstillinga på ein måte som vonleg trengjer litt djupare inn i denne kronglute materien.
Diskusjonen om identitet er på same tid ein vanskeleg og - historisk sett - ein ny og moderne diskusjon. I tradisjonelle og tradisjonsbundne samfunn blir ikkje spørsmålet om identitet reist - og det kan ikkje bli reist. Det er eit typisk moderne spørsmål, plassert i krysspunktet mellom psykologi, sosiologi, antropologi og sosialantropologi.
I førmoderne samfunn var dét som vi kallar identitet, fyrst og fremst eit spørsmål om kva ætt eller stamme du tilhøyrde. Individuell identitet fylgde fyrst og fremst av den sosiale plassen kvar enkelt hadde fått gjennom si slekts- og ættetilhøyrsle.
I det gamle Hellas hadde kvar borgar ein dobbel identitet; ein personleg og ein fellesskapeleg. Den personlege identiteten kom til uttrykk gjennom eit førenamn og eit etternamn. Den fellesskaplege identiteten var knytt til bystaten vedkomande var borgar av, og den familie og slekt, og i siste omgang det opphavsfolk vedkomande tilhøyrde. Men desse to ulike former for identitet stod ikkje på like fot; den personlege identiteten stod heilt i skuggen av den fellesskaplege. Dei individuelle ulikskapane vart ikkje fornekta, men kom i andre rekkje etter fellsskaps-tilhøyrsla og - identiteten.
I mellomalderen vart tilhøyrsla til ein stand eller eit laug avgjerande for identiteten til individet - i tillegg til slekts- og ættetilhøyrsla. I det europeiske mellomaldersamfunnet vart lojalitet ein overordna verdi. Spørsmålet vart altså ikkje å få greie på kven eg er, men andsynes kven eg må syne lojalitet. Identiteten vart m.a.o. avgjort av lojalitetsband.
Spørsmålet om identitet kom opp som ein reaksjon på oppløysinga av laugs- og standsband på den eine sida, og utvikling av ei ny oppfatning av individet i Vesten på den hi. Difor kan temaet identitet kallast eit moderne spørsmål. I opplysningstida på 1700-talet tok mange til å prate om personar som vesen med ein individuell fridom; noko som måtte føre til at individet hadde rett til å bli oppfatta som noko åtskilt frå og uavhengig av sine sosiale og slektskapsmessige band og tilhøyrsle.
Det eksisterer såleis eit intimt samband mellom oppfatninga av den personlege identiteten på 1700-talet og utviklinga av den moderne, vestlege individualismen.
Dette var altså omgrep og tankar som vart utvikla av dei antikristne rasjonalistane i opplysningstida. Det er difor eit stort paradoks at idéen om at menneskelege vesen har ein eigen substansiell identitet, kan førast attende til kristendomen. Paradoksalt altså fordi opplysningsrasjonalistane såg seg sjølve, og var oftast både antikyrkjelege og antikristne.
Enda meir paradoksalt kan det synest å vera at idéen om den substansielle identiteten går ut ut på at alle menneskje er grunnleggjande sett dei same, dei er like. Med kristendomen sluttar også moralen å vere einstydande med å vere eit skikkeleg menneske, og blir eit krav om å agere "rettferdig". Moralen sluttar å vera substansiell og blir til prosedyre.
Den store kristne filosofen St.Augustin forsterka det kristne søkjeljoset på
det individuelle. "I staden for å gå ut i verda, gå inn i deg sjølv", sa St.Augustin. Berre ved å gå inn i sitt indre rom; bli sjølvtilstrekkeleg, kunne ein møte Gud. Individet blir definert uavhengig av alle menneskelege relasjonar; individet tek til å bli ei privat sak.
Eit vidare steg inn i enkeltindividet tek 1700-talsfilosofen Descartes,som ville at mennesket skulle lausrive seg frå den ytre verda og i staden skapa eit eige, indre herredøme. Individet treng ikkje band til andre for å eksistere. Moralske vurderingar bør ifølgje Descartes berre byggje på indre åndelege prosessar hjå einskildindividet; vurderingar som skal stadfestast gjennom standardiserte prosedyrar og ikkje gjennom substansiell tru(1).
Samtidig utvikla det moderne omgrepet menneskeleg vyrdnad ("dignité") seg med utgangspunkt i vektleggjinga av
dei indre, sjølvtilstrekkelge prosessane hjå individet og verdsetjinga av den sjølvstendige kraft i fornuften hjå den enkelte.
Her finn vi ei av hovudkjeldene til den individualistiske ideologien. Eit individ lausrivi frå sine omgjevnader og sine tradisjonar, står dermed fram som eit nytt og moderne fenomen. Den nye politiske atomismen som blir utvikla av Grotius, Locke og andre,er ein konsekvens av dette menneskesynet. Hjå John Locke fører idealiseringa av det lausrivne, frittståande individet til ei total avvising av alle former for formmyndarskap frå tradisjonar og nedarva felleskapsband.
Neste etappe kjem med reformasjonen, der protestantismen i sine ulike versjonar og variantar, dyrkar dygder som arbeid og familien,verdiar som kom til å utgjera grunnlaget for borgarskapet sin moral frå 15-1600-talet og i hundreåra framover.
Temaet identitet er altså eit moderne fenomen.Det utviklar seg frå 1700-talet med opphav i den framveksande individualismen, som var eit produkt av den kristne verdsetjing av det indre sjeleliv, av descartesiansk rasjonalisme,av protestantisk dyrking av arbeid, familieliv og den private sfære, og endeleg av John Lockes teoriar som gav prioritet åt den fri viljen hjå enkeltindividet samanlikna med sosiale band og skyldnader.
Romantikken var ein reaksjon mot opplysningstida; mot den turre og snevre fornuftstenkjinga og den atomistiske individdyrkinga.
Dei fyrste romantiske tenkjarane var tyske, og blant desse er Johan Gottfried von Herder den mest interessante for det temaet eg drøftar her. Også romantantikarane var interessert i det enkelte individ; men helst da i den store og eineståande personlegdomen. Og i sterk motsetnad til den lockske individualismen knytte romantikken individet til eit folke- og tradisjonsfellesskap. Det individuelle vart lyfta opp på eit høgre, fellesskapleg plan: Kvart folk og nasjon hadde sin identitet og individualitet; si folkeånd("Volksgeist"). Dei mange nasjonale folkeindividualitetane utgjer tilsaman manneætta,men denne er og kan altså ikkje bli eit homogent fellesskap. Likevel kan det hevdast at romantikken også var individualistisk, berre på eit høgre nivå.
Men iallfall har både den lockske individulismen og den romantiske nasjonalindividualismen båe vore med og gjort identitet til eit tema. Båe desse retningane har skapt spørsmål om kven eg er(individuell identitet) og kven vi er (kollektiv identitet).
Særleg frå 1700-talet blanda tanken om fridom seg saman med tanken om det frittståande, autonome individet, som dermed vart fri til å velja sjølv sine eigne mål og sin eigen veg. Denne prosessen gjekk hand i hand med ei nedvurdering av, og ein kamp mot alt som batt individet til sosiale og kulturelle band, tradisjonar mm. Alle menneskje var like, alle var grunnleggjande sett det same. Det moderne Europa vart bygt opp på ei nedvurdering av og eit hat mot fortida, og eit optimistisk syn på framtida - framstegsideologien. Framsteget kravde at den enkelte måtte frigjera seg frå sosiale band og røter, både fordi dei ikkje eigentleg var ein del av det same individet, og fordi det utgjorde ei hindring for framstegsideologien- og visjonen.
Den moderne liberalismen riv eller prøvar altså å rive mennesket laus frå sine naturlege eller fellesskaplege band, og føre eller føye det inn i eit abstrakt univers der alle er like og alle er det same. Idealet var ikkje lenger, som i antikk tenkjing, å føye seg inn under ein naturleg orden, men å rive seg laus frå denne.
I dette moderne ideologiske landskapet vil identitet seia det same som liberal og borgarleg individualitet.Den einast ulikskap mellom menneskje som liberalismen kjenner, er kvantitativ ulikskap, nemleg ulikskap i kjøpekraft.
Marxismen er eit ektefødd barn av liberalismen; men med dét tillegg at individet blir erstatta med klasse-interesser og klasse-identitet. Men det er ei liknande nytte- og homogenitetstenkjing som kjem til uttrykk: "Arbeidarklassen" (og andre "klasser") har ein sams identitet og her er alle like - dei er det same - fordi dei har ein sams økonomisk interesse og eit sams økonomisk mål.
Det liberale menneskjesynet har nå vorte sett ut i livet i land etter land, og vi er nå inne i ein ny fase der det grip over alle landegrenser, i det globaliserte og grenselause verdssamfunnet.
Marxismen har lidd nederlag i dei fleste land; men har i Kina også de facto smelta saman med den økonomiske liberalismen, noko som har synt seg å vera heilt uproblematisk. I tillegg til liberalkonservatisme har vi nå også fått liberalmarxisme.
Frå tradisjonelt konservativt hald har frammarsjen til den liberale globalismen knapt møtt motstand. Høgrepopulismen frå Le Pen til Trump har gjeve utlaup for folkeleg uvilje mot utviklinga, men har ikkje basert dette på eit samanhengjande tankebygg, som kunne utgjera eit alternativ til den dominerande liberale og liberalmarxistiske maktideologien. I Noreg har Framstegspartiet vore eit talerøyr for den same folkelege protesten, men like lite som liknande grupperingar i andre vestlege land er FrP utstyrt med eit strukturert tankegrunnlag for sin protest. Tvertimot kallar FrP seg liberalt eller liberalistisk.
Utan at denne tankeretninga har fått mange norske talsmenn, har det i utlandet dei siste tiår utvikla seg ein motpol, eit alternativt tankebygg til herskande liberal ideologi, nemnleg den såkalla kommunitarismen eller kommunitære tenkjing.
Denne tankeskulen er lite kjent her heime, men godt kjent i dei fleste andre vestlege utland.
Ein kjernetanke hjå kommunitarismen er at det eller dei fellesskap vi - alle - er ein del av, er grunnleggjande viktige og formande for kven vi er, for vår identitet.
Ein identitet er altså, ifølgje kommunitære tenkjarar, noko du oppdagar, ikkje noko du vél.
I motsetnad til den liberale oppfatning av fridom som går ut på å rive seg laus eller "frigjera" seg frå eitkvart,går den kommunitære oppfatning av fridom ut på at "..ein god bruk av min fridom er den som på ektaste, sannaste måten uttrykkjer min normative identitet. Med andre ord er eg mest fri når eg utførar handlingar som samsvarar med dei gode føremål som eg set opp som mine mål. Dimeir eg kjenner endemåla som definerer min identitet, dimeir er eg fri"(2).
Endeleg er identitet ifølgje kommunitaristane knytt til visse moralske verdiar, noko som vil seia at sjølvet ikkje eksisterer utan eit samband med det gode, noko godt.
Grupper som byggjer på sams verdiar er sterkare enn grupper som byggjer på sams (særleg økonomiske)interesser, fordi verdiar sameinar og let seg dele utan vanskar, medan interesser ikkje så lett let seg dele og fordele.
Grupper med ein sams identitet er knytt saman av ein idé om kven dei er. I motsetnad til interesse-grupper som er knytt saman av ein idè om kva dei vil.
Fordi den moderne, dvs. liberale vestlege nasjonalstaten er bygt opp på idéen om sams interesser, på menneskerettar og andre universelle konstruksjonar, har den meir og meir mista si bindande, sameinande og integrerende kraft.Stadig færre set fellesskapsinteressene framfor eigne interesser. Kor mange unge menneske er i dag viljug til å ofre livet for fedrelandet?
Ein feil som ofte blir gjort er å framstelle individuell eller kollektiv identitet som noko fast og uforanderleg. Det motsette er tilfelle; identitet er ein substans, ein dynamisk realitet i stadig endring; noko som berre kan forståast dialektisk i stadig møte med nye utfordringar og konfrontasjonar. Vi er dét vi har vorte til, og det finst ingen identitet utan endring og omforming. Ei samanlikning med menneskjekroppen kan illustrerer kva eg meiner: Kroppen min har alltid vore, og er så lenge eg er i live, min kropp, sjølv om alle cellene som denne kroppen er samansett av, har vorte utskifta fleire gonger. Annleis er det ikkje med kulturar og folk. Identitet er ikkje dét som aldri endrar seg; men derimot dét som tillet oss alltid å endre oss utan å slutte å vera oss sjølve.
Temaet identitet er vanskeleg også fordi vi har individuelle identitetar og tilhøyrsler, som kan koma og ofte kjem i konflikt med kvarandre. Kva mekanismar er det som, i tilfelle konflikt, avgjer kva for identitet og tilhøyrsle blir vald og bør veljast?
Ein vanleg konflikt er den mellom medfødd tilknytnad (familie,ætt,folk, etnisitet) og ideologisk tilknytnad(politisk-idologisk, filosofisk, religiøs).Dersom eg er nordmann og truande kristen, vil eg da kjenne meg meir knytt til (identisk med) ein ateistisk nordmann eller med ein kristen afrikanar? Dersom eg er nordmann og overtydd kommunist, kjenner eg meg meir identisk med ein konservativ nordmann eller med ein kommunistisk italienar eller nord-koreanar? Det er ingen ende på slike moglege konfliktsituasjonar. Eg meiner svaret på spørsmålet "Kva identitet/tilhøyrsle vil og bør eg velja?" ,må og bør bli den tilhøyrsla , den tilknytnaden, som eg kjenner står meg nærast. Det blir altså eit spørsmål om kjensler? Ikkje berre, men ein bør lyde på kjenslene før ein tek meir rasjonelle delar av hjernen i bruk.
Eg meiner vidare at den medfödde og medførde identiteten og tilhøyrsla er den vi vil og iallfall bør kjenne oss nærast. Dette er også i samsvar med mi ideologiske tilhøyrsle, som eg vil kalle nasjonalkonservatisme eller kommunitær konservatisme.
Som eg har vore inne på før er vår norske identitet under sterkt press, og dermed også vår individuelle identitet. Dette ser eg, som nemnt, som to sider av same sak. Det sterkaste presset kjem frå ein globalisert og liberal økonomi og ideologi som ser grenser og identitet som gamaldagse hinder.
Korleis skal vi forsvara oss mot denne globale forflating, mot nivellering, mot økonomisk massemigrasjon og menneskerettisme?
Her trur eg geitost og vafler ikkje duger som forsvarsmiddel, sjølv om dei utvilsamt utgjer to ørsmå element av vår identitet.
Fyrst og fremst kan eit slikt forsvar koma i stand ved at vi greier å samle oss om ei mest mogleg sameint oppfatning av kva som er norsk identitet og norske verdiar - og kva som ikkje er det.
Viktigare enn vafler,brunost og menneskerettar meiner eg er følgjande faktorar for å definere ein norsk identitet:
Det viktigaste og vanskelegaste, og den mest grunnleggjande faktoren er, frå ein kommunitær-konservativ synstad, etnisitet. Dette er elementært, men også omstridd i ei tid da det grenselause og ubundne individet har vorte stelt opp som sjølve idealet. Så snart omgrepet etnisitet blir brukt, vil dei liberale og "progressive" automatisk ta fram og svinge med rasisme-kølla. Men etnisitet er ikkje det same som rase, korleis dette siste omgrepet enn måtte bli definert. Omgrepet rase er gjerne knytt til tankar omkring eit hierarki av overlegne og underlegne raser; idéar som knapt nokon vil forsvara i dag. Men derifrå til å kaste barnet ut med badevatnet er eit langt steg.
Alle europeiske folk er eit resultat av fleire tusen års samansmelting mellom dei små urfolk som fanst i det området som vi nå kallar Europa ,og dei store, innvandrande indo-europeiske folkegruppene som strøymde inn i vår verdsdel austfrå , og etterkvart også inn i Skandinavia i tusenåra før Kristi fødsel. I moderne tid, dvs frå mellomalderen og framover har den norske folkesetnaden fått stadige men små nye tilsig av innvandrarar frå landa rundt Nordsjøen, og mindre tilskot frå meir fjerntliggjande område. Før den utanomeuropeiske masseinnvandringa som tok til frå 1970-talet,var det norske folket heterogent i sitt opphav men homogent som resultat av ei lang samansmelting av ulike, stort sett indoeuropeiske folkeslag.
Dette er grunnlaget for den norske identiteten som har utvikla seg. Men etnisitet er ikkje det same som identitet; det er berre ein føresetnad. På same måte som eit stykke ved av god kvalitet er grunnlaget for at det kan bli skapt ein fiolin av høg kvalitet.
Sjølv om etnisitet er eit vanskeleg tema, ligg det under mykje av debatten om innvandring, rettnok med mange politisk korrekte omskrivingar. Innimellom kan det koma fram heilt presise ytringar om etnisitet frå hald som vanlegvis er meir varsame. Det kan t.d. seiast så enkelt og greitt som Halvor Fosli nyleg gjorde i tidsskriftet Minerva:"En fortsatt dynamisk norsk kultur i fremtiden forutsetter at nordmenn med lange røtter i landet forblir et klart flertall. Hvordan kan det være annerledes? Kultur skapes og vedlikeholdes av mennesker"(3) Godt sagt og rett sett, men han burde ha lagt til for å klargjera sitt syn: "uten mennesker med lange røtter i landet vil norsk kultur og vår måte å leve på gå til grunne" Det er den logisk konsekvensen av hans syn på kva som utgjer det norske folk.
Etnisitet er grunnlaget og råstoffet, som den norske identiteten har gått fram av og utvikla seg ut frå gjennom kanskje 1500 år. Politisk korrekte sosiologar o.l. har prøvd å syne at norsk identitet og nasjonalkjensle er eit moderne fenomen, noko som tidlegast tok til å utvikle seg utpå 1800-talet. Historieprofessor Kåre Lunden er vel den fagmannen som har sett slike modernistisk vås mest ettertrykkeleg på plass, og har påvist at norsk identitet og nasjonalkjensle var fullt levande i 1814. Det er ikkje plass her for å gje att Lundens grundige forsking om dette temaet; så eg vil berre syne til ei av bøkene hans der dette synet blir dokumentert(4)
Eg for min er overtydd om at nordmennene, eller iallfall den norske eliten, har vore medvetne om sin identitet i over 1000 år, slik det t.d. blir stadfest gjennom ordvekslinga mellom Olav Trygvason og mennene hans i slaget ved Svolder. Etter å ha tala nedsetjande om danskane og svenskane, spør Kongen: "Men kven eig desse store skipi som ligg på bakbord-sida åt danene?" "Det er jarlen Eirik Håkonsson", sa dei. Da svara kong Olav:"Han kan tykkjest hava skilleg grunn til å møte oss, og av den heren kan vi vente oss eit kvasst tak. Dei er nordmenn som vi er".
Men dette medvetet må ha eksistert enda mykje lenge enn i slaget ved Svolder i år 1000. Harald, son av småkongen Halvdan Svarte, er det beste provet på at det fanst ei førestilling om at nordmennene budde i eit område - Noreg - som var deira, og som var større enn småkongedøma. Dette nordmannalandet vart altså den same Harald konge over med tilnamnet Hårfagre; på same måte som Gorm den Gamle hadde gjort seg til konge over heile Danmark. Ein eller annan tanke om ein norsk identitet hjå dei førande skikt må altså ha eksistert da Harald starta sitt prosjekt, ein gong rundt år 850 (5).
I det nemnde sitatet frå slaget ved Svolder drog Olav Trygvason ei grense mellom vi nordmenn og dei andre, som konfronterte han. Her finn vi det sentrale elemenet i identiteten til uttrykk: Identitet dreg nettopp opp grenser mellom vi og dei andre. I eit frieri til "våre nye landsmenn" og til sine progressive tilhengjarar uttala ein førande norsk politikar for nokre år sidan at "Nå er det ikke lenger de og oss. Nå er alle vi". Så feil går det an å ta.
Utviklinga i Noreg og resten av Europa etter at dette vart uttala, har plassert utsegna der ho høyrer heime: På søppelhaugen for tapte saker.
Professor Øyvind Østerud skreiv i ein kronikk tidlegare i år:"En gjenganger i debatten om migrasjon og mennesker fra andre himmelstrøk er kritikken av skillet mellom "oss og dem". Det kom inn i offentligheten fra et idealistisk fagmiljø for et par tiår siden og har bitt seg fast siden. Det blir stadig trykt kronikker om det forkastelige i å skille mellom de som er utenfor og de som er innenfor, med tunge, faglige henvisninger i ryggen.... Jeg har to nedslående opplysninger å komme med. Det ene er at alle kjente samfunn i verdenshistorien har klassifisert folk i grupper,for å etablere grenser for medlemskap...Den andre opplysningen er at moralske appeller ikke endrer hvilke klassifikasjoner av "oss og dem" som blir brukt"(6).Tenk om alle professorar hadde vore så innsiktsfulle som Øyvind Østerud.
Medan etnisitet er grunnlaget, er språket den viktigaste enkeltfaktoren i utviklinga av all kollektiv identitet. Språket er på same tid det viktigaste identitsmerke, samanbindande reiskap og kommunikasjonsmiddel, tanke-univers og nasjonsbyggjar - og mykje meire til. Språket avgrensar nordmenn frå andre folk med andre språk, men det knyter oss også til den store familien av andre folk som talar indoeuropeiske språk - frå Island til Kreta, frå Arkhangelsk til Lisboa. Utanfor Europa høyrer også India og Iran til den indo-europeiske språkfamilien: Rundt 1200 år f.Kr. strøymde indo-europeiske folkegrupper austover frå urområdet nord for Svartehavet og Det Kaspiske Hav, og slo seg seg ned som herskarfolk i det som nå er Iran og India. Framleis er det indiske samfunnet prega av kastevesenet som det indo-europeiske herrefolket etablerte, med dei meir ljosleitte herrane på toppen og dei myrkhuda innfødde lenger nede i kastesystemet (7).
Svensk og dansk forstår vi utan å lære det. Engelsk og tysk kan vi lett lære fordi dei er nære språkslektningar.
Språket er eit kommunikasjonmiddel, men mykje meir enn dét. Vi tenkjer på ein annan måte når vi tenkjer på norsk, enn når vi tenkjer på tysk, engelsk eller fransk. Det veit alle som har prøvd seg på det. Det kan ikkje vera tilfeldig at verdsens største filosofar, frå Hegel og Kant til Marx og Nietzsche alle er tyske. Medan dei fleste store økonomiske tenkjarane, frå Adam Smith til Milton Friedman alle tenkte på engelsk. Kanskje er det heller ikkje tilfeldig at ingen norsk filosof er kjent utanfor landegrensene.
Våre to norske skriftspråk er som kjent eit resultat av ei mange hundre år lang utvikling, og i båe skriftspråk finn vi store innslag av utanlandske låneord, særleg tysk. Men dette har vore ein gradvis prosess; og ingen tenkjer i dag på at ord som betale og felt kjem frå tysk. Dei har vorte og kjennest norske gjennom lang tids bruk. I vår tid fløymer engelske ord og uttrykk inn i norsk; og dette skjer i eit tempo og i eit omfang utan historisk sidestykke.Utan kraftige og snarlege mottiltak ser det svart ut for norsk språk og dermed for norsk kultur.
Som illustrasjon på kva som skjer vil eg berre syne til ein tidlegare artikkel ("Engelsk som vi ikkje treng").
Hovudprodukt av språket er litteratur,språk i media og kulturinstitusjonar, folkedikting, eventyr og song. Generasjon etter generasjon av nordmenn har fått opplæring i våre litterære klassikarar, dei har vorte kjent med den norske songskatten frå 18+ og 1900-talet, dei har lært å syngje dei gamle folkevisene som ofte har røter attende åt mellomalderen.
Norsk samtidslitteratur ser ut til å vera liv laga, her er mange store forfattar på båe mål, der sume til og med blir nemnt som kandidatar til Nobelprisen. Dette er sjølvsagt ein viktig identitetssskapande faktor. Samtidig er det påfallande kor mange som er opptekne av engelsk og engelsk-amwerikansk litteratur. La meg berre illustrere dette poenget med avisa Dagens Næringsliv, som har ei dagleg spalte der meir eller mindre tilfeldige personar, mesteparten naturleg nok frå det øvre laget i norsk næringsliv, blir spurt om kva bøker dei les. Påfallande mange fortel at dei er i gang med ei engelsk eller amerikansk bok - bortsett frå dei uhyggeleg mange som ikkje les noko i det heile. Denne spalten er sjølvsagt ikkje ei meiningsmåling i fagleg forstand, men eg har fylgt denne spalten i så mange år at det biletet som avteiknar seg, truleg reflekterer ein faktisk situasjon innanfor leiande skikt i norsk næringsliv: Dei les knapt norske bøker, dei les engelske eller amerikanske - ikkje tyske eller franske - og svært mange opnar aldri ei bok.
"Ærre så nøye ´a", kan ein spørje. Nei, dersom rotløysa avgrensa seg til kræmarane, så var det kanskje ikkje så farleg, men eg har eit, rettnok berre anekdotisk, inntrykk av at dette er eit symptom på eit forfall som grip om seg.
Eit anna forfallssymptom opplever vi i musikklivet. Nesten kvar dag når vi høyrer på norsk radiosendingar blir det spydd ut ein endelaus flaum av amerikansk eller afroamerikansk popmusikk o.l.. Norsk og annan klassisk musikk, norske viser, folketonar og folkemusikk er nesten aldri å høyre. Program etter program byd fram det same traurige biletet. Rettnok finst det spesialkanalar for klassisk musikk og folkemusikk; men kvifor ikkje servere meir av dette i almennkanalane? Kvifor fortener ikkje folk flest det beste?
Mangelen på interesse for norsk klassisk litteratur, og det som har skjedd med musikken i NRK og andre radiokanalar er ein logisk konsekvens av det som har skjedd i norsk skule. Her finst ikkje lenge noko som heiter eit landsomfattande pensum i litteratur og musikk; det er opp til den enkelte skule og - enda verre - den enkelte lærar, kva elevane skal lære om norsk litteratur og den norske musikkarven. Resultatet er sjølvsagt at nye generasjonar nordmenn veit lite eller ingenting om norsk litteratur og musikk gjennom tidene. Dei er frårana sin eigen kultur og blir gjort meir identitetslause.
1968-generasjonen av frustrerte marxistar har fått herje fritt i undervisningssektoren - frå departement til grunnskulenivå. Når denne generasjonen nå gudskjelov må trappe ned, er skadeverknadene likevel så djuptgripande at berre eit krafttak av dimensjonar, som ingen av dei nåverande politiske parti er i stand til, kan bøte på skadeverket.
Nå er heldigvis ein identitet avhengig av mykje anna enn det som blir formidla i skule og undervisning på ulike nivå.
Folkelege tradisjonar innanfor kultur, handverk og byggjeskikkar, sosial skikk og sedvane, klesskikk og bunader, matvaner og festtradisjonar, natur og friluftsliv, vintersport og idrett, høgtider og fest er alt saman levande og livsviktige faktorar i det som heiter norsk identitet; utvikla og stadig fornya gjennom hundreåra. Som eg har vore inne på ovanfor, så er ikkje identitet noko statisk. Det ville vera latterleg å setja likskapsteikn mellom brunost, vafler, bunader, folkemusikk og norsk identitet. Personleg tykkjer eg rettnok det er artig at bunader har vorte så populære særleg dei siste tiåra, etter at bygdeungdom vart spytta på når dei bar bunad i Christiana før 1.verdskrig. Dette er eit døme på eit identitetsmerke som er alt anna enn statisk. Den er tvertimot resultat av ein *vilja politikk. Det var ein enkeltperson,Hulda Garborg, som på slutten av 1800-talet makta blåse nytt liv i idéen om bunaden som eit høgtidsplagg, utanfor dei nokså små geografiske område der den framleis var naturleg i bruk. Dette var ein radikalkonservativ idé - ein idé som bygde på ein reelt eksisterande,konservativ tradisjon, men som trong radikale tiltak for å overleva og få nytt liv. Hulda lykkast i eit omfang som ho ikkje han ha drøymt om.
Universalistane,globalistane,urbanistane,
tradisjonsfornektarane og dei antinasjonale av alle slag - ekkelt barn har mange namn - gjer sjølvsagt narr av bunadsbruken, særleg etter at den vart så ålment populær. Dei hevdar at den byggjer på utanlandske førebilete, på franske adelsdrakter mm, og ikkje er "ekte norske". Som om den ikkje er ekte norsk fordi om den kanskje har utanlandske førebilete eller henta impulsar frå utlandet.
Det som avgjer om ei klesdrakt, ein handverkstradisjon,ein byggjeskikk eller ein politisk idé er og kan kallast norsk er om dei har vorte utvikla i ei form og fylt med eit innhald som speglar av norsk ånd, evner og eigenart. Noko er norsk når vi har forma og skapt det i vårt bilete, og slik at det har vorte i samsvar med dei smakspreferansar og venleiksideal, den skapings- og formvilje som har utvikla seg i oss gjennom generasjonane.
I tradisjonell norsk treskurd og rosemåling går ankantusranken att som eit motiv. Akantus er ei plante som veks i Sør-Europa og Afrika, og vart brukt som ornamentalt motiv i det gamle Hellas og Roma. Den vart fyrst teke i bruk innanfor norsk folkekunst tidleg på 1700-talet etter at den hadde vorte brukt som motiv for dekorasjon i Oslo domkyrkje i 1699. Bygdekunstnarane gav den ei norsk utforming og sette den i ein slik samanheng at ingen vil vera i tvil om kvar eit møbel med slik treskurd eller ein grautbolle med slik rosemåling har sitt opphav.
Våre store klassiske komponistar frå Rikard Nordraak og Edvard Grieg til Geirr Tveitt, er utdanna i utlandet, men musikken deira etterlet ingen tvil om dette er musikk skapt av nordmenn; som berre kan vera skapt av nordmenn.
Mange av våre store frfattarar levde lenge og skapte mange av sine største verk i utlandet. Det gjeld Ibsen som,levde ein stor del av sitt liv i Italia og Tyskland. Jonas Lie og Bjørnstjerne Bjømrnson var like godt kjent i Paris som i Christiania. Aasmund Olafson Vinje drog rundt i Storbritannia og skreiv eit uhyre kritisk verk om det han såg som den britiske kræmarnasjonen(8). Likevel er ingen som les Ibsens Peer Gynt, Bjørnsons eller Vinjes dikt: Dette kan berre vere skrive av nordmenn.
Vikingskip og ski veit vi har eldgamle tradisjonar, slik det framgår av dei tusenårgamle helleristingane. Vi finn liknande i Sverige og Danmark, slik at dette i opphavet ikkje var uttrykk for ein særnorsk identitet. Dei har altså vore med oss mykje lenger enn vi har visst at vi var nordmenn, men kanskje så mykje som 1500 år også etter at dette gjekk opp for oss!
Eg kan ikkje gå gjennom dei tusenvis av identitetsmerke som gjer oss norske. Vi finn dei innanfor byggjeskikk, matvanar og matlaging, naturglede og friluftsliv, samversformer og dugnadstradisjonar, rettferds- og likskapsideal osb,osb. Tilsaman skil dei oss ut med ein identitet, med noko særskilt som ingen andre folk eller grupper har på denne måten, i denne form og med dette innhald.
Dette er vår norske identitet.
Den som er norsk kjenner att eit norsk identitetesmerke når han ser det. Dei som ser det og ikkje kjenner det att, er ikkje norske.
(1) Janie Pélabay:Charles Taylor,penseur de la pluralité.
Presses de l´Université,Québec 2001,s.67.
(2) Ibid,s.256-257
(3) Tidsskriftet Minerva nr.3/2017
(4) Kåre Lunden: Norsk grålysing. 1992
(5) Sume moderne historikarar meiner at ein ikkje kan efste så mykje lit til innhaldet i Snorre Sturlasons kongesoger. Dei meiner at desse sogene er mreir ein produkt av Snorres eigen fantasi og iallfall eit uttrykk for korleis folk tenkte og trudde i Snorres samtid, på slutten av 1100-talet iog i fyrste luten av 1200-talet. Men dersom ein skulle godta denne omstridd teoiren, så hadde iallfall nrodmennene oh islendingane på 1100- o0g 2oo-talet ei klar oppfatning av at dei var nrodmenn! Andre historikarar som eg festar meir lit, m.a. professor Torgrim Titlestad ved universitetet i Bergen, har påvist at Snorre og norrøne sagaskrivarar har synt seg overraskande pålitelege. Dei er ifølgje Titlestad truverdige kjelder til norsk og islandsk historie i mellomalderen.
Snorre blir lese med stort utbytte snart 800 år etter at han døydde for mordarhand. Eg lurar på kor mange av dagens norske historikarar blir lesne om 800 år?
(6)Aftenposten,23.5.2017
(7) Ernst Nolte: Historische Existenz.1998, s.293-294
(8) Aasmund Olafson Vinje: Bretland og Britarne. 1873