Kommunisme og nasjonalsosialisme/fascisme.Same lov for den raude Loke som for den brune Tor?
Samanlikning av kommunisme og nasjonalsosialisme: Er det tillateleg?
Den tanken at kommunistiske og nasjonalsosialistiske/fascistiske samfunn oppviser mange likskapstrekk, har alltid vorte avvist med sinne av både kommunistar og nasjonalsosialistar.(1). Men mange andre har meint å sjå slike likskapar, og det frå eit tidleg tidspunkt. Alt før andre verdskrig såg Waldemar Gurian i Hitler ein "seinare bror av Lenin", og i nasjonalsosialismen "ein brun bolsjevisme"(2).
Ein nordmann som tidleg såg parallellar mellom Sovjetkommunismen på den eine sida, og fascismen i Italia og nasjonalsosialismen i Tyskland på den hi, var Dagbladjournalisten Ragnar Vold (3).
Det er interessant å sjå korleis Vold prøvar å syne at fascismen og nasjonalsosialismen spring ut av same tenkjemåte og etter hans syn er like ille som kommunismen. Seinare skribentar har helst teke fatt i problemet med det omvendte utgangspunktet. Etter 2.verdskrig var det lenge tabu å kritisere Sovjetsamveldet og kommunismen, som ein av sigerherrane i "kampen mot fascismen"(4).
Samanbrotet for Sovjetkommunismen i Russland og i Sentral- og Aust-Europa frå 1989 har opna arkiva og både stadfest det mange har visst, og fått fram i ljoset mykje nytt tilfang om livet og brotsverka under kommunismen.
Endeleg har det vorte eller burde vera mogleg å gjennomføre ei nøktern samanlikning av dei to politiske systema som kom til å prege Europa i det 20.hundreåret. Og det skulle berre mangle, så nær samanvovne som dei er med kvarandre.
Kommunismen i Russland kom fyrst, og står så å seia på eigne bein. Den italienske fascismen og den tyske nasjonalsosialismen er derimot utenkjelege utan Lenins samfunnsomvelting i Russland.
Den tyske historikaren Ernst Nolte
talar om ein kausalsamanheng mellom kommunismen og nasjonalsosialismen (5). Nasjonalsosialistane prøvde ifølgje Nolte å byggje opp ein symmetrisk ideologi mot marxismen; med den målsetnad å knuse fienden med dei same middel som kommunistane alt hadde teke i bruk. Hitler fortel sjølv i "Mein Kampf" kor sterkt inntrykk dei marxistiske, disiplinerte massedemonstrasjonane
i Wien hadde gjort på han. Det har vore påstått at Hitler på eit tidspunkt vurderte å slutte seg til den kommunistiske revolusjonen i Muenchen i 1920(6), før han fall ned på hi sida, og slutta seg til det antimarxistiske "tyske Arbeidarpartiet", som vart omdøypt til Det nasjonalsosialistiske tyske Arbeidarpartiet(NSDAP).Men mange av dei sosialdemokratiske og særleg kommunistiske metodane tente tvillaust som ein modell for NSDAP.
Hjå Benito Mussolini var det ikkje berre dei raude metodane som inspirerte. Mussolini var før 1.verdskrig rett og slett "den ledende italienske marxisten"(7). Denne leiande marxisten vart altså skaparen av fascismen. "Det var ingen tilfeldighet,"ifølgje Vold."Det er Mussolinis marxistiske fortid som er forklaringen på hans fascistiske nåtid".(8)
Det var ikkje mange før 2.verdskrig som såg denne samanhengen like klart som Ragnar Vold gjorde det i 1939.
Etter 1945 innebar Hanna Arendts verk om totalitarismen eit gjennombrot for ei ny forståing av likskapar mellom Stalins og Hitlers politiske system, samtidig som det også representerte ein ny samanliknande måte å sjå på kommunismen og nasjonalsosialismen. Likskapane mellom Stalins og Hitlers politiske system vart av Arendt sett inn i eit nytt politisk-filosofisk tankebygg: Det totalitære(9). Men kommunistar har stort sett avvist Arendts analyse.
Ny litteratur og ny kunnskap etter 1990
Etter at Sovjetkommunismen braut saman , har ei rad nye bøker kasta ljos over kommunistisk politikk i praksis.
Dei viktigaste av desse bøkene som denne artikkelen byggjer på - i tillegg til dei som alt er nemnde, og i tillegg til talrike artiklar i aviser og tidsskrift - er dei følgjande:
Francois Furet: Le passee d'une illusion. Essai sur l'idee communiste au XXe siecle. Paris 1995
Alan Bullock: Stalin and Hitler. Parallell lives. London 1991.
Stephane Courtois (m.fl.): Le livre noir du communisme. Crimes, terreur, repression. Paris 1997.
Tysk versjon av ovannemnde bok:Das Schwarzbuch des Kommunismus
( Den tyske utgåva inneheld eit eige lengre kapittel om kommunistisk praksis i SBZ/DDR)
Sjølv om kommunistregimet har overlivd i Kina, har det likevel vore lagt fram fleire grundige studiar av den maoistiske form for kommunisme - som i sadistisk brutalitet og morderisk masseterrorisme er meir enn konkurransedyktig med dei andre totalitære system i førre hundreåret.
Eg har særleg basert meg på:
Jung Chang og Jon Halldays bok
"MAO. The unknown story."
London 2005
(10)
og Torbjørn Færøvik: Maos Rike. En lidelseshistorie. Oslo 2012
Svarteboka om kommunismen
"Le livre noir du communisme" vekte voldsom debatt da ho kom ut i Franrike i 1997. Dette var ikkje merkeleg i eit land som hadde hatt eitt av dei største kommunistpartia i Vest-Europa; eit parti som hadde site i regjeringskoalisjonar i fleire periodar, og der spesielt mange intellektuelle og mediafolk høyrde heime langt ute på venstresida. Det var kanskje difor denne boka såg dagsens ljos nettopp her. Fleire av forfattarane hadd ei fortid på den ekstreme venstresida.
Problemet for kritikarane var at "Le livre noir du communisme" var eit veldokumentert og fagleg sterkt historieverk.
Dei dokumenterte opplysningane som her vart lagt fram , var ikkje alle nye, men for fyrste gong vart det teikna eit samla bilete av dei ufattelege kommunistiske brotsverk.
Kommunismen har mellom 100 og 150 millionar menneskjeliv på samvetet
Ifølgje det groteske reknestykket som blir presentert i "Svarteboka om kommunismen", har kommunistiske statar over 100 mill. menneskjeliv på samvetet, fire gonger fleire enn det som maksimalt kan tilskrivast det nasjonalsosialistiske Tyskland. Rettnok er det her tale om minimumstal fordi det særleg for Sovjetsamveldet og Kina gjer seg gjeldande sterkt sprikande overslag. Såleis meiner Rudolf J. Hummel å kunne dokumentere(Lethal Politics.Soviet Genocide and Mass Murders since 1917) at Sovjetregimet
hadde ansvaret for 61,9 mill. menneskjeliv. Det høgste talet på offer for Sovjetkommunismen (66 mill.) kjem frå Alexander Solsjetnitsyn (i andre bandet av Arkipelgulaget.)Han var rettnok forfattar og ikkje faghistorikar, men skal ha gjennomført omfattande arkivgranskingar før han kom fram til dette talet.
I "Le livre noir du communisme" går Stephane Courtois ut frå eit tal på 20 mill.for sovjetsystemet; altså eit sprik på 40-46 mill. samanlikna med dei høgste overslag, nemnde ovanfor.
Det er sjølvsagt vanskeleg å slå fast eksakte tal på dette området, gjeve den innestengde og ugjennomsiktige karakteren ved sovjetdiktaturet. Det same gjeld i minst like stor mon for Maos Kina. Etter samanbrotet for Sovjetkommunismen har som nemnt ein del arkiv vorte opna for innsyn, men på langt nær alle.
Det er difor forståeleg at forfattarane av "Le livre noir du communisme" - for ikkje å utsetja seg for meir kritikk enn naudsynt - baserer seg på minimumstal. Men vi må altså heile tida ha i mente at det er nettopp minimumstal vi her har med å gjera. Truleg har kommunismen i Sovjetsamveldet og dei austeuropeiske satelittstatane,Kina, Nord-Korea, Kambodsjodsja, Nord-Korea, Vietnam osb. ansvaret for mange fleire millionar tapte menneskjeliv enn dei 100 millionane som " Le livre noir du communisme" legg til grunn.
Det endelege talet vil truleg aldri kunne slåast fast på omforeint vis; men at det ligg på mellom 100 og 150 millionar synest klart. Like klart er det at kommunismen har ansvaret for mange gonger fleire menneskjeliv enn den tyske nasjonalsosialismen. Den italienske fascismen fortener ikkje å bli nemnt i same åndedrag som desse to andre - ismane. Mussolini og hans våpenbrør står fram som nærmast uskuldige i ei slik samanlikning. Mellom 1922 og 1940 kan det fascistiske Italia skuldast for ni(9) politiske avrettingar, fylgd av sytten(17) andre avrettingar etter krigsutbrotet og fram til 1943. Talet på politiske fangar kom maksimalt opp i nokre få tusen.
Det er også ein annan viktig skilnad mellom massemyrderia under Stalin, Mao og Pol Pot (for å ta dei tre verste) på ei side, og under Hitler på den hi. Nemleg den skilnaden at Stalin, Mao og Pol Pot gjennomførde massedrap på eigne landsmenn innanfor eigne statsgrensene og stort sett i fredstid. Medan dei massedrap Hitlers regime gjennomførde, i all hovudsak gjekk utover andre lands borgarar, utanfor eigne statsgrensene og i krigstid.
I 1937 sat det 10.000 fangar i dei tre tyske konsentrasjonsleirane; medan dei sovjetiske i same tidsrom hadde mellom 5-6 millionar fangar(sjå Alan Bullock: Hitler and Stalin. Parallel lives, s. 419 og s. 548)
Før andre verdskrig hadde regimet i Berlin svært lite blod på hendene samanlikna med regimet i Moskva.
I Times Litterary Supplement skriv Martin Malia i 1998 (11) at kommunismen i det 20. hundreåret førde til det mest "kolossale massedrap i menneskeleg historie".
Stephane Courtois skriv i " Le livre du communisme" at i alle land der kommunismen har hatt hand om statsmakta, har masseterror og - drap vore ein integrert del av styringssystemet. Det er difor grunn til å konkludere med at kommunismen ikkje har drepe i strid med sine eigne prinsipp, men tvertimot i samsvar med dei.
Nasjonalsosialismen likevel verre enn kommunismen?
Trass i at kommunismen har øydelagt langt fleire menneskjeliv enn nasjonalsosialismen, er det likevel ei vanleg meining at nasjonalsosialismen står for noko verre og meir uakseptabelt. Mange syner til at kommunismen har eit høgverdig mål, som rettnok og diverre har vorte misbrukt og svikta av dei reelt eksisterande kommunistiske regime. Sume reagerer rett og slett negativt på at kommunistisk og nasjonalsosialistisk ideologi og praksis blir samanlikna.
I Tyskland er både media og makthavarane kritiske mot alt og alle som jamfører og påpeikar likskapar mellom kommunisme og nasjonalsosialisme. Dette er ein klar konsekvens av det tyske totale krigsnederlaget i 1945, det etterfølgjande oppgjeret med og forfølgjinga av taparane, og den sterke skuldkjensla som etterkrigstyskarane er innprenta med.
Også utanfor Tyskland har 2. verdskrig, det tyske nederlaget og Nuernbergdomstolen endra synet på dei to totalitære ideologiane. Det har etter krigen, og uavhengig av den kalde krigen, vorte vanleg å sjå på kommunismen som ein vakker teori med ein forkasteleg praksis - i motsetnad til nasjonalsosialismen som er forkasteleg i både teori og praksis. - ein følgje av det tyske krigsnederlaget. Det er i utgangspunktet ikkje lett å forstå kvifor det egalitære, klasselause samfunnet framstår som meir sympatisk enn det rasereine, harmoniske folkefellesskapet. Før 2.verdskrig ville ei meiningsmåling truleg ha synt at minst like mange hadde vore positive til den nasjonalsosialistiske visjonen som til den kommunistiske.
Men etter den mest totale og øydeleggjande krigen i historia - andre verdskrig - måtte den tapande part og den tapande ideologien stemplast som kriminell. At den relativt uskuldige partnaren åt nasjonalsosialismen - fascismen
- gjekk med i same dragsuget var vel ein uunngåeleg bieffekt.
Hadde det nasjonalsosialistiske Tyskland gått ut av krigen som sigerherre, ville dei med like god eller dårleg grunn ha stempla og rettsforfylgd taparane som kriminelle.
(Eg kjem seinare meir inn på skilnad og likskap mellom kommunistiske og nasjonalsosialistiske ideal)
Akseptabelt at menneskje blir drepne når det ligg ei god meining bak?
Sjølv om vi skulle godta premisset om at nasjonalsosialismen i motsetnad til kommunismen hadde berre forkastelege mål og ideal, så står vi likevel att med spørsmålet:
Er det lettare å godta at menneskjeliv blir utrydda når målet er " godt" enn når det er " vondt"?
For dei som faktisk mister livet, må vi tru at det i dei aller fleste tilfelle er uinteressant om dei døydde for eit " godt" eller "dårleg" føremål. Det kan heller ikkje vera slik at ein offerkategori er meir eller mindre verdt enn andre. Dei millionar uskuldige jødar som vart tekne av dage, fortener den same respekt og medkjensle som dei millionar drepne bøndene i Sovjetsamveldet og Kina - og omvendt.
Eit meir delikat og vanskeleg spørsmål er om enkelte offergrupper fortener meir sympati fordi dei opplevde meir liding enn andre. Men korleis mæler ein liding? Er det meir eller mindre lidingsfylt å døy relativt raskt i eit tysk gasskammer, enn langsamt av svolt på den sovjetiske, kinesiske eller nordkoreanske landsbygd?
Det eg her drøfter, er knytt til diskusjonen om sinnelagsetikk versus ansvarsetikk. Skal ei handling dømmast ut frå det sinnelag og den intensjon den er gjennomført med, eller ut frå dei faktiske konsekvensane av den same handling?
Eg tilhøyrer dei som vil vurdere ei handling på ansvarsetisk grunnlag: Det er handlinga sjølv og følgjene av den som må vurderast, ikkje intensjonen.
Ein annan grunn til at intensjonen eller føremålet dugar dårleg som formildande argument for kommunismen, er at vi har for mange historiske døme på at kommunistiske samfunn har utvikla seg i ei anna retning enn det som var intensjonen.
Faktisk har kommunistisk styrde statar aldri utvikla seg i retning av det klasselause samfunn. Derimot har dei alltid og over alt utvikla samfunn med eit sterkt privilegert
overskikt og eit stort undertrykt fleirtal , og med masseterror og massedrap som viktigaste styringsinstrument. Det kan difor verke utruleg at nokon framleis vågar bruke den kommunistiske intensjonen
som orsaking for kommunistisk praksis. Kommunismen har i nesten 100 år, i eit dusin land i Europa, Asia og Amerika hatt høve til å syne at det kommunistiske idealet kan verkeleggjerast. Men overalt i desse landa grin den same fiaskoen i mot oss.
På grunn av Stalin?
Sume tilhengjarar av kommunismen argumenterer med at massebrotsverka i Sovjetsamveldet må tilskrivast Stalin og ikkje kommunismen i seg sjølv. Det er påfallande kor ofte slike krinsar talar om stalinisme og ikkje sovjetkommunisme. Men særleg etter at vi har fått betre innsyn i sovjetarkiva etter 1991, ser ein at det ikkje lenger er grunnlag for påstanden om at skulda ligg eine og åleine hjå Stalin. Tvillaust var Stalin ein av dei største politisk brotsmenn verda har sett.
Men Stalin står i ein logisk samanheng. Myten om den "gode" Lenin og den " vonde" Stalin høyrer heime på søppelhaugen for myteskaping.
Faktum er at terroren installerte seg i Sovjetsamveldet frå fyrste stund, frå den stund Lenin kom til makta. Det fyrste hemmelege terrorpolitiet, Tsjekaen, vart grunnlagt alt i desember 1917, det var noko av det fyrste Lenin gjorde. Medan tsarregimet mellom 1825 og 1917 dømde 6321 menneskje til døden. - mange av domane vart dessutan omgjorde til tvangsarbeid - hadde Lenin-regimet alt i mars 1918 teke livet av 18000 menneskje, etter berre 5 månader ved makta. Det finst rikeleg med dokumentasjon om at Lenin ikkje berre godtok, men tok initiativet til masseterror og -drap. I 1921 hadde Sovjetsamveldet alt 7 konsentrasjonsleirar i drift, i 1923 var det 65, eitt år før Lenin døydde. Frå 1917 til 1925 hadde 1,8 millionar oposisjonelle vorte drepne under den " gode" Lenin og hans følgjesveinar. Også dette reknestykket prøvar kommunisme-forsvararane å bagatellisere ved å syne til borgarkrigen og den "kvite terror". Problemet for apologetane er at dei fleste dødsoffer kom etter at borgarkrigen var over. Og langt fleire offer skulle det bli.
Stalin som skulle føre verket vidare, braut ikkje med Lenin, men hadde gått i hans lære, og synte snart at han hadde fortent meisterbrevet.
Meir om kommunistiske kontra nasjonalsosialistiske ideal.
Når dei nasjonalsosialistiske ideal oftast blir identifisert med vondskap og destruktive krefter, så må det som sagt fyrst og fremst forståast som den totale domen over ein fiende etter ein total krig. Men vondskap og øydeleggjande krefter fanst på båe sider. På båe sider var det nok også like mykje tru på at ein kjempa for den gode sak og dei rette ideane. Dei millionar tyskarane som let livet for fedrelandet, hadde minst like sterk tru på at dei hadde retten og det gode på si side, som dei millionar av sovjetsoldatar som kjempa på hi sida. Hat fanst det også på båe sider; mot den påståtte klassefienden på ei side, mot den påståtte rasefienden på den hi.
På ei side endte klassehatet med drap på titals millionar uskuldige som tilhøyrde feil klasse. På den hi sida endte rasehatet med drap på millionar uskuldige tilhøyrande "feil" folkegruppe. Stephane Courtois skriv (i " Le livre noir du communisme") at " klassegenosidet" og "rasegenosidet" tilhøyrer to underkategorier av brotsverk mot manneætta. Ein dei fyrste sjefene for Tsjekaen, Martyn Latsis, sa at " Vi fører ikkje krig mot enkeltpersonar. Vi utrydder borgarskapet som klasse". Stalin sa : " Kulakkane er ikkje menneskjelege vesen". Altså var det berre å drepa dei.
I dei raude diktatura som i det brune diktaturet var det eit mindretal som utførde dei store brotsverka.
Kommunismen og nasjonalsosialismen var båe masserørsler som drog tilhengjarar til seg med ulike ideal; men vi kan gå ut frå at masseoppslutninga i båe tilfelle var like mykje basert på idealisme, eller rettare sagt: Ærleg tru på ideane. At det blant tilhengjarane var rikeleg innslag av opportunisme og andre motiv enn dei reint idealistiske, seier seg sjølv.
Det er uråd å mæle graden og omfanget av idealisme, dvs. ueigennyttig i motsetnad til opportunistisk motivert tilslutnad til ei politisk rørsle.
Omfanget av tilslutnad ved frie politiske val kan kanskje gje ein peikepinn.
Det er iallfall interessant at det nasjonalsosialistiske partiet (NSDAP) i 1932 vart det største partiet ved Riksdagsvalet i Tyskland, og som største parti i januar 1933 vart bede om skipe regjering. Dette i motsetnad til alle kommunistiske part - og det fascistiske partiet - som alle utan unntak kom til makta ved kupp og ved eigne eller andre makters våpenmakt.
Det nasjonalsosialistiske regimet kunne difor byggje på positiv støtte og tilslutnad frå sitt eige folk. Ei følgje av dette var at Det Tredje Riket greidde seg med eit lite hemmeleg politi samanlikna med Sovjetsamveldet: Såleis hadde Gestapo i 1939 6900 medarbeidarar, medan den sovjetiske motparten , NKVD,hadde 350.000 medarbeidarar!
Ein annan indikator på idealistisk eller iallfall aktiv offervilje for ei sak kan vera omfanget av friviljug krigsinnsats.
Også ut frå denne målestokken scorar nasjonalsosialismen høgst: 368.000 ikkje-tyske europearar meldte seg friviljug til krigsteneste i Waffen-SS. Berre 35.000 meldte seg som friviljuge til dei såkalla Internasjonale Raude Brigadane under borgarkrigen i Spania.
Som sagt, så gjev det ovannemnde ikkje noko heilt sikkert svar på kva for ei side som hadde mest innslag av idealisme og ueigennyttig tru på eige sak. Men det er iallfall mest grunn til å tru at det fanst meir av slikt på nasjonalsosialistisk side.
Jødeforfølgjingane. Så eineståande at dei ikkje kan samanliknast med andre politiske brotsverk?
Sjølv om mange vil godta det talmaterialet som er lagt fram i "Le livre noir du communisme" m.m., så vil sume likevel hevde at jødeforfølgjingane og - utryddingane er så eineståande at dei plasserer nasjonalsosialismen i ein unik og langt verre politisk kategori enn kommunismen. Ifølgje denne oppfatninga, er det nærmast utillateleg å samanlikne massemordet på jødar med kommunistiske massemord på andre folkegrupper. Dette er ei oppfatning som ikkje minst gjer seg gjeldande i Tyskland. Å samanlikne nasjonalsosialistiske brotsverk med dei kommunistiske inneber ei uakseptabel "relativisering" av det som skjedde under nasjonalsosialismen - ifølgje mange tyskarar.
I sin nådelause konsekvens og med sine industrielle drapsmetodar var det såkalla Holocaust(12) klart eineståande som historisk fenomen.
Det kan også vera forståeleg at mange tyske historikarar , som ser ut til å bli meir og meir traumatisert di lenger unna vi kjem 2.verdskrig, er så moralsk overvelda av det forfedrene gjorde, at dei ikkje greier å drøfte dette nettopp som eit historisk fenomen. Men også eineståande fenomen er historiske, dei har skjedd i ein historisk samanheng, og dei har si årsaksforklaring. Oppgåva åt ein historikar er å forstå og forklare historisk fenomen, historiske utviklinger og hendingar. Det er vanskeleg å forstå og forklare årsakene til Holocaust, men kva er alternativet? Kva skulle koma ut av å sitja moralsk overvelda framfor ei historisk hending?
Dersom ein vil prøve å forstå og forklare ei historisk utvikling og eit historisk fenomen , så må ein gå fram med normale faghistoriske metodar. Mellom desse metodane står komparativ analyse sentralt, dvs at ein nettopp samanliknar ulike men liknande utviklingstrekk og fenomen for betre å forstå årsaker og samanhengar. Moralisering og moralsk oppøsing har aldri vore akseptert som historisk metode.
Ikkje same reglar for den raude Loke og den brune Tor?
Den omfattande litteraturen som det ovanfor er referert til, har dokumentert at kommunismen er den mest politisk-kriminelle rørsla, med mest blod på hendene , av dei totalitære rørslene i det 20.hundreåret. Likevel gjeld ikkje same lover for korleis tilhengjarane av dei to ideologiane blir handsama. Forfattaren Bertolt Brecht blir æra i Tyskland, sjølv om han var ein trufast tilhengjar og lojal tenar av Sovjetkommunismen og Stalin. Filmkunstneren Leni Riefenstahl blir derimot inga ære til del, for ho tente Hitlers regime. Knut Hamsun var i ein liknande eller nærmast identisk situasjon som Berthold Brecht, men kan tydelegvis aldri tilgjevast for si positive haldning til Det Tredje Rike. Meir enn 70 år etter at den 2.verdskrig tok slutt, blir gamle menn framleis trekte for retten tiltala som delaktige i nasjonalsosialistiske brotsverk. Medan ingen har vore dømt for dei langt større brotsverka i Sovjetsamveldet og andre kommunistland. Hitler er nærmast ei negativ "stjerne" i mange fjernsynsprogram. Medan Stalin, Mao og Pol Pot ser ut til å ha gått i gløymeboka.
Da det påstått høgreradikale FPØ (Freiheitliche Partei Østerreichs) i år 2000 gjekk inn i ein regjeringskoalisjon i Austerrike med det kristelegdemokratiske Folkepartiet, sette andre EU- land i gang sanksjonar mot Austerrike. Fremst i bresjen for sanksjonspolitikken gjekk den franske regjering, som på det tidspunktet bygde på ein koalisjon mellom sosialistpartiet og kommunistpartiet! Eit sjølverklært kommunistisk parti meinte seg altså moralsk i stand til å sanksjonere ei regjering der eit påstått høgreradikalt parti - altså ikkje eit sjølverklært nasjonalsosialistisk part - inngjekk i koalisjonen. Ingen reagerte på denne utrulege, eklatante dobbeltmoralen.
Kvifor blir det ikkje brukt same målestokk når kommunisme og nasjonalsosialisme blir vurdert?
Den viktigaste grunnen er heilt klart at det kommunistiske Sovjetsamveldet frå 1941 var ein viktig alliert for Vestmaktene, og gjekk ut av krigen som sigerherre saman med dei same vestmaktene. Denne alliansen var grunnlaget for organiseringa av den internasjonale verdsorden etter krigen, og i FNs Tryggingsråd sat dei same sigerherrane pluss Kina. Den "anti- fascistiske" alliansen frå krigstiden heldt fram i det sentrale FN-organet; om enn ikkje så lenge.
I mange og lange etterkrigsår vart likevel antikommunisme særleg i intellektuelle krinsar nærmast sett på som noko ufint og primitivt, medan " antifascisme" var greitt. Sovjetsamveldet hadde opparbeidd seg ein moralsk kapital og ein velvilje i vestlege land, som overlevde også inn i den kalde krigen. Kommunistiske parti i vestlege land naut godt av same velviljen , også fordi dei i mange land hadde teke del i motstandsrørsla mot den tyske okkupanten. Rettnok var dei passive så lenge Sovjetsamveldet og Tyskland var allierte, dvs. inntil juni 1941(13). D.v.s heilt passive var dei ikkje. Som m.a. Haakon Lie har påvist( jfr. fotnote 13), var kommunistpartia i Vest-Europa frå august 1939 til juni 1941 aktive i propagandaen mot dei "imperialistiske" vestmaktene og i forsvaret av samarbeidspakten Berlin- Moskva, så lenge denne varde.
Ikkje berre dei vestlege kommunistpartia snudde, men også opinionen i Vesten snudde da Hitlers Tyskland gjekk til åtak på den tidlegare forbundsfellen den 20.juni 1941. Da vart Stalins stat brått ein av dei hovudallierte, og tok dei neste åra imot livsviktige forsyninger av våpen og anna materiell frå vest, særleg frå USA, der Sovjetdiktatoren gjerne vart omtala som "Uncle Joe". På toppmøta i Teheran og Jalta stadfeste Churchill og Rosevelt våpenbrorskapen med Stalin.
Parallelt med denne utviklinga nådde terroren i Sovjetstaten eit høgdepunkt. I 1942; da slaget om Stalingrad tok til, døydde kvar femte fange i Gulag-systemet av svolt og mishandling. Samtidig som "Uncle Joe" og hans Sovjetstat vart stadig meir populær utanfor eigne grenser, og særleg i dei vestlege liberaldemokratia, dreiv den same Sovjetstaten altså på med sin årelange utryddingspolitikk innanfor eigne grenser. I det som lenger vest i Europa for mange var frigjeringsåret 1945, var i Sovjetsamveldet det året da konsentrasjonsleirane nådde maksimumtalet av fangar; ikkje minst på grunn av 2 millionar russarar/sovjetborgarar som vart tvangsutleverde av Vestmaktene til Sovjetmakta. Samtidig med frigjeringsfeiring i Vest-Europa vart Sentral- og Aust-Europa overlate til Sovjetsamveldet, og til lokale kommunistparti som var heilt avhengige av sovjetisk militærnærværet for å overleva. Iallfall inntil dei fekk på plass sine eigne terror- og undertrykkjingsinstrument, slik at dei kunne halde seg ved makta utan sovjettroppar. I "DDR" tok dei likevel aldri sjansen på å trekkje ut sovjetstyrkane, som vart ståande der til kommunismen braut saman i 1989.
Når det meir positive biletet av kommunismen langt på veg har overlevd tvert igjennom kald krig og alt det ovanfor nemnde, har det ikkje berre samanheng med at nasjonalsosialismen var krigstapar og kommunismen var sigerherre.
Det heng også saman med at dei nasjonalsosialistiske krigsbrotsverk vart gjort synlege gjennom ei mengd filmopptak og foto, frå konsentrasjonsleirane og andre stader. Fyrst vart dette lagt fram under rettssakene i Nuernberg. Seinare har dette film- og fototilfanget gått uendeleg mange runder i media og kinosalane. Det har også vorte vanleg å arrangere reiser for skuleungdom til Auschwitz og andre leirar.
Eit tilsvarande materiale om dei kommunistiske brotsverk er ikkje kjent; truleg finst det ikkje. Det einaste er nokre få dårlege foto av offer for Sovjetstatens utrydding av Kulakkane. Frå Kina og Nord-Korea finst, så vidt eg har greidd å få klarlagt, ingen nemneverdig film- eller fotodokumentasjon om dei massedrap på eigne borgarar som desse statane har ansvaret for.
Framsyning av gjerningsstadene gjennom organiserte studieturer for skuleklasser er sjølvsagt utenkjeleg i Russland, Kina og Nord-Korea. Derimot blir den oppveksande slekt saman med andre grupper synt fram desse stadene i Kambodsja.
Eit regime må altså li nederlag, og bli drive frå makta før misgjerningane kjem opp i dagen, og kan bli synt fram til skrekk og åtvaring. At slikt ikkje er mogleg i Kina og Nord-Korea, er ei logisk følgje av at her har kommunistane framleis full kontroll. Når det ikkje har vore mogleg i Russland, så må det vera fordi dei styrande her ikkje er interessert i å ta noko oppgjer med over 70 års kommunisme.
I etterfølgjarstatane i Sentral- og Aust-Europa har det variert mykje kor sterkt søkjeljos har vorte sett på dei kommunistiske brotsverk. Truleg fordi i mange av desse statane har tidlegare kommunistar framkeis stor jakt.
Konklusjonen blir at hovudsakleg pga at nasjonalsosialismen kom ut av 2. verdskrigen som tapande part, kommunismen som sigerherre, og fordi dei nasjonalsosialistiske brotsverk har vorte synleggjort gjennom aktiv bruk i media av film- og fotodokumentasjon, og gjennom aktiv framsyning av dei nasjonalsosialistiske gjerningsstadene til nye generasjonar, så har det festa seg eit inntrykk av at nasjonalsosialismen stod for noko verre enn kommunismen. Trass i at det meste av faghistorisk litteratur ,som påvist ovanfor,syner det motsette.
"Anti-fascismen."
I tillegg kjem at Sovjetkommunismen på 1920- og -30-talet greidde å utforme ein terminologi, som fyrst vart overteke og brukt av deira lojale støttespelarar i vest, nemleg dei lokale kommunistparti. Men seinare vart denne Moskva-utforma terminologien overteke også av sosialdemokratiske og liberale miljø. Gjennom denne terminologien vart premissane lagt fòr kven som var ven og kven som var fiende. Eg tenkjer på omgrepa "fascisme" og "anti-fascisme".
Frå slutten av 1920-talet tok Sovjetsamveldet og Moskva-tru kommunistparti i bruk "fascisme" og "fascistar" som nemning på politiske fenomen som dei mislikte.
Dersom dei skulle ha halde seg til det som var historisk-faktisk korrekt burde anti-fascisme eine og åleine ha retta seg mot fascismen og det fascistiske regimet i Italia. Men ein nøktern og korrekt språkbruk var uinteressant og utan nytteverdi for kommunistane.Sovjetsamveldet og Komintern fann det nyttig å ta i bruk "fascisme/fascistisk" om alt anna enn den reelle fascismen; den italienske. Difor vart langt fleire og breiare politiske grupper lagt opp i fascisme-sekken. Bortsett frå dei autentiske italienske fascistane, vart omgrepet sjølvsagt brukt om dei tyske nasjonalsosialistane, om dei spanske franco-tilhengjarane, sogar om Mannerheim og hans tilhengjarar i Finland; kort og og godt om alle rørsler på høgrenasjonal eller nasjonalkonservativ side. Men det avgrensa seg ikkje til dette. Etterkvart var alle fascistar som Komintern fann det føremålstenleg å definere som fascistar. Sogar det sosialdemokratiske partiet i Tyskland(SPD)- som konkurrerte med det tyske kommunistpartiet(KPD) om arbeidarveljarane - vart også kalla "fascistisk" eller " sosialfascistisk" før 1933. Kanskje for å variere litt på språkbruken.
Etter Hitlers maktovertaking i 1933 la Moskva om kursen noko. Nå vart det satsa på å skipe "anti-fascistiske" alliansar og "folkefrontar" med sosialdemokratar, sosialistar og andre, som var viljuge til å la seg bruke på denne måten. Under borgarkrigen i Spania leverde Sovjetsamveldet våpen og materiell til republikanarane, og gjekk i bresjen for den internasjonale "anti-fascistiske" innsatsen - samtidig som dei gjekk svært brutalt til verks mot konkurrentar innanfor det republikanske lægret, særleg anarkistane.
Det som er poenget mitt her, er at Sovjetkommunistane med denne terminologien greidde å posisjonere seg på den "gode" sida; den som kjempa mot nasjonalsosialismen og fascismen. Som om det gjorde kommunistane meir uskuldsreine at dei var " anti-fascistar". Det burde ha vore like lite formildande for dei, som for fascistar og nasjonalsosialistar at dei var anti-kommunistar.
Men det utrulege var at det fungerte i ei viss utstrekning. Eg har ofte høyrt fråsegner som at: "Ja,ja, Sovjetsamveldet og kommunistane var jo fæle, men dei var iallfall imot Hitler". Dersom ein da svarar med at " Ja,ja, Det Tredje Rike og nasjonalsosialistane var ille, men dei var iallfall mot Stalin", så blir ein anten møtt med vantru, eller (dersom ein er heldig) med ei aha-oppleving, og ei erkjenning hjå samtalepartneren av at det er ikkje meir høgverdig å vera anti-fascist enn å vera anti-kommunist.
Det er likevel eit faktum at denne terminologien har overlevd til denne dag. Aktivistiske grupper av typen Blitz kallar seg anti-fascistiske. Dei tykkjer sikkert det høyrest både fjongt og politiske korrekt ut. Sume som er meir opplyste, er kanskje medvetne om at dei gjer bruk av ein Moskva-kommunistisk terminologi, som vart utvikla for føremål som tente den internasjonale kommunismen på 1920-,-30 og - 40- talet.
At terminologien framleis er i bruk ville ha fått fram eit velnøgd smil på Stalins lepper.
Totalitarisme
Hannah Ahrendts grunnleggjande og nyskapande verk om dei totalitære ideologiane og statane (14) kom ut berre seks år etter verdskrigen. Den kalde krigen hadde starta, men sympatien med Sovjetkommunismen stakk ennå djupt i vestlege akademia, media og folkedjupet. Arendts nådelause analyse av dei totalitære statane og hennar konsekvente jamføring og sidestilling av Hitler-Tyskland og Stalin-Russland, av nasjonalsosialismen og kommunismen, var for mange ein utoleleg provokasjon på grensa til blasfemi.
Det er berre Sovjetsamveldet og Det Tredje Rike som er emne for Arendts politiske kirurgi. Mussolinis Italia såg ho ikkje på som ein totalitær stat, og Maos Kina var i 1949-1951(da boka vart skrive) for fersk til å bli inkludert i Arendts verk.
Hitlers Tyskland hadde i 1951 ingen representant som kunne svara på Arendts vurderingar. Tysklands kanskje mest kunnige NS-forskar, Ernst Nolte er langt på veg samd i Arendts totalitarisme-teori, men har i sitt klassiske verk om nasjonalsosialismen og fascismen(15), påvist at fyrst frå den mislykka attentatfreistnaden mot Hitler i 1944 oppfyller Det Tredje Rike Arendts eigne kriteria for totalitarisme.
Sovjetsamveldet og kommunistiske talsmenn godtok naturleg nok ikkje Arendts teori. I eit sovjetisk oppslagsverk frå 1953 heiter det under oppslagsordet totalitær: "Fascistisk, som brukar metodane til fasciststaten". Og vidare: "Totalitær stat: Borgarleg stat med eit fascistisk regime".
Ein "anti-fascistisk" stat som Sovjetsamveldet kunne per definisjon ikkje vera totalitær.
Det er ikkje plass her på å gå i detalj inn på på Hannah Arendts verk. Eg vil avgrense meg til å gje att dei seks kriteria som ifølgje Carl Friedrich og Zbigniew Brzezinski (16) kjenneteiknar eit totalitært regime:
- Ein offisiell ideologi som dekkjer alle område av samfunnslivet.
- Eitt statsberande parti med forankring i folket.
- Eit politiapparat med ansvar for terroren.
- Ein monopolistisk kontroll av alle informasjons- og kommunikasjonsmiddel.
- Monopol på fysiske valdsmiddel.
- Sentralisert styring av økonomien.
Sovjetsamveldet og dei fleste kommuniststatane oppfyller utan problem alle desse kriteria. Men heller ikkje etter juli 1944 kan Hitlers Tyskland seiast å vera eit fullkomment totalitært samfunn ut frå Friedrichs og Brzezinskis målestokk.Til dømes fekk Det Tredje Rike aldri ein sentralisert planøkonomi på same måte som Sovjetsamveldet. Det tyske økonomiske systemet i Tyskland 1933-1945 var derimot ein sterkt regulert blandingsøkonomi; ikkje ulik den som Arbeidarpartiet praktiserte i Noreg på 1950- og -60-talet.
Den kjende franske samfunnsfilosofen, Raymond Aron, meinte på slutten av sitt liv at det var berre Sovjetsamveldet som kunne seiast å vera ein fullt ut totalitær stat.
I mine studentdagar på statsvitskap hugsar eg at ein av mine forelesarar ( Nils Ørvik??)sa at ein enkel måte å forklare skilnaden mellom eit autoritært og eit totalitært styresett er på følgjande måte: Det autoritære systemet er tilfreds dersom samfunnsmedlemmene held seg i ro og ikkje går i aktiv opposisjon til styresmaktene. Eit totalitært diktatur er tilfreds berre dersom samfunnsborgarane aktivt og helst entusiastisk sluttar opp om regimet.
Dette dekkjer iallfall ein dimensjon, ein viktig skilnad mellom det autoritære og det totalitære.
Ingen teori om politiske fenomen er utan manglar og lyte. Heller ikkje teorien om det totalitære fortel alt.
Men det er likevel ein god reiskap for å forstå betre dei to store politiske rørslene som kom til å endre Europas historie i det 20. hundreåret.
Det elementet ved dei totalitære rørslene som gjev beste nøkkelen til forståing av den terroristiske og morderiske praksisen til desse same rørslene, er det som ovanfor blir kalla den offisielle ideologien som dekkjer alle samfunnsområde. Også ideologien var meir gjennomgripande på alle samfunnsområde i Sovjet- Russland enn i Tyskland, der den katolske kyrkja og dei andre store kyrkjesamfunn trass alt hadde ei relativt uavhengig stilling overfor staten heilt fram til 1945. Stalin hadde oppnådd det som Hitler også ynskte, men aldri greidde.
Men dei totalitære ideologiane hadde ,bortsett frå dette, mange like drag:
Dei var , som Raymon Aron og andre har påpeikt, politiske religionar som inneheldt mange av dei same komponentene som dei verkelege religionane:
- Dei hadde sin Messias (Lenin, Hitler)
- Dei hadde si "vitskaplege" metode som forklaring på alt( "Vitskapleg sosialisme"/klassekamp, rasevitskap/rasekamp)
- Dei hadde sine apostlar og heltar som skulle frelse verda (det internasjonale proletariatet,
dei ariske heltane) - Dei hadde sin Satan,den konkret definerte, absolutte vondskap (kapitalismen/ borgarskapet,
jøden) - Dei hadde sin paradisiske framtidsvisjon, sluttstadiet for all utvikling (det klasselause samfunn, det harmoniske , rasereine samfunn der naturlovene rår).
For å verkeleggjera idealsamfunnet ser Lenin og hans etterfølgjarar, på same måte som Hitler, det som heilt naudsynt å fjerne vondskapen i verda. - klasseskilnadene/ "undertrykkjinga av proletariatet" og " den jødiske dominansen/ samansverjinga". Utrydding av vondskapen var rett og slett eit vilkår for realisering av det gode samfunn - det kommunistiske eller nasjonalsosialistiske.
Hannah Arendt var den fyrste til å påvise at dei totalitære systema ikkje utrydda menneskje pga av det dei hadde gjort men pga det dei var. Rasefienden og klassefienden var definert som ein " objektiv fiende". Fiende av den historiske utvikling som den " vitskaplege" sosialismen" hadde programmert. Fiende av naturlovene som Darwin og rasevitskapen hadde skissert. Den "objektive fienden" var utan menneskelege, individuelle eigenskapar. Lenin sa at Russland måtte reinskast for " basillar" og "plagsame insekt". I Det Tredje Rike vart liknande uttrykk brukt i den antisemittiske propagandaen.
Og slik språkbruk har overlevd lenge etter Stalin: Den franske litteraten og marxisten, Jean Paul Sartre, sa at " antikommunistar er som hundar".
I denne totalitære tenkjemåten og språkbruken ligg grunnlaget for utryddingslogikken.
I nær samanheng med det ovannemnde står at Lenin og hans arvtakarar såg politikk som i hovudsak ein borgarkrig.
Fienden er mao. alltid ein indre fiende. Etter at den "objektive fienden " - adel, borgarskap,bønder o.a. - var utrydda eller fordrivne på 1920- og -30-talet, gjekk likevel jakta vidare på den indre fienden, også innanfor eigne rekkjer i partiet, militære og til og med det hemmelege politiet (NKVD). Ettersom det ikkje lenger var så lett å identifisere ein objektiv fiende, gjekk det med jamne mellomrom ut ordrar frå Moskva til partiet og KGB ute i provinsen om å arrestere og/eller avrette t.d. 20-30.000 "folkefiendar", utan nærare presisering(17). Hundretusenvis, truleg millionar uskuldige miste livet på denne måten. Mellom 1934 og 1953 vart kvar femte sovjetborgar sendt i fengsel eller konsentrasjonsleir. I 1936-37 sat 5-6 millionar i dei sovjetiske konsentrasjonsleirane(jfr. Bullock s.548).Den indre fiende hadde i stor mon vorte identisk med det eigne folket; folkefienden var folket sjølv, som av kommunistane vart gjort til fiende av kommunismen.
Mao og kommunismen i Kina stod for den same politikken som Lenin og Stalin i synet på "folkefienden" og det eigne folket. Under ei offisiell gjesting i Moskva i 1957 sa Mao at han godt kunne ofre 300 millionar landsmenn for å byggje kommunismen. Om det trongst, var 500 millionar heller ikkje det noko problem(18).
Totalitarisme og modernitet.
Den totalitære fanatismen og utryddingsviljen kan utan tvil samanliknast med dei mest intolerante utslag av tradisjonell religiøsitet. Alle dei store verdsreligionane har som kjent sine svin på skogen i så måte - sjølv om dei største svin tilhøyrer Islam.
Men samtidig er den politisk-religiøse fanatismen som her er omtala, også i høg grad resultat av den rasjonalitetsstyrde moderniteten. Særleg kommunismens brutale samfunnsekseperiment er bore oppe av ei radikal og optimistisk framstegstru; trua på og tanken om at det er mogleg å skapa eit nytt menneskje som vil skapa ei ny verd. Dette er heilt klart ein arv frå rasjonalismen og vitskapstrua som opplysningsfilosofane og opplysningstida skapte. Her finn vi oppfatninga av at mennesket er fødd som ei " tabula rasa", utan medfødde eigenskapar, utan arv frå fortida. Alt blir sett som eit resultat av miljø; alle kan endrast og formast gjennom ytre påverknad, gjennom fornuft, vitskap og eit endra miljø.
Nasjonalsosialismen delte ikkje dette synet på miljø kontra arv, for å seia det mildt. Men bak slagord om Blut und Boden og dyrking av bonden og bygdekulturen var den reelt eksisterande nasjonalsosialismen på mange måtar også eit moderniseringsprosjekt. Autobahnbygging og bilar for folket(VW), satsing på og aktiv bruk av radio, kino og moderne kommunikasjonsmetodar, organisert masseturisme og masseidrett var typiske utslag av modernitet i Det Tredje Rike. Og kjernen i ideologien - rasevitskapen og -teoriane - var eit resultat av den vitskapstrua som opplysningstida skapte. Trua på at alt og alle - hovudskallar, intelligens, og i siste omgang menneskje og menneskjerasar - kan mælast, kategoriserast, inndelast og setjast inn i eit hierarki, er ein tenkjemåte som opplysningstida skapte og som tilhøyrer moderniteten.
Med den franske revolusjonen i 1789 opplevde moderniteten, rasjonaliteten og opplysningsfilosofien sin politiske fødsel. Og difor er det knapt tilfeldig at nettopp dei franske revolusjonære var dei fyrste til å gjera massemordet til ein rasjonell konsekvens av eit politisk prinsipp.
Fyrste freistnaden på eit folkemord eigde rom i Vendee i 1794 da 180.000 menn, kvinner og born vart massakrert av revolusjonstroppene.
Den 10.juni 1794 erklærte Georges Couthon(som saman med Robespierre og Saint-Just stod som leiar for den revolusjonære terroren): "Det handla mindre om å straffe dei, enn om å utrydde dei".
Antikommunismen er død,
leve antifascismen!
Fascismen og nasjonalsosialismen gjekk under som følgje av nederlaget i 2.verdskrig. 55 år seinare fylgde kommunismen i Sovjetsamveldet og Sentral- og Aust-Europa etter på den historiske avfallsplassen - som følgje av indre forrotning. Da var kommunistregimet i Kambodsja også borte, uvanleg nok som følgje av invasjon frå eit anna kommunistland, Vietnam. Kina forblir kommunistisk i politisk forstand, men praktiserer blandingsøkonomi. Cuba har kome på talefot med USA. Heller ikkje i dei få attverande kommuniststatane er terror og massedrap ein del av reiskapskassa, med eitt unntak: Nord-Korea.
Den historiske nasjonalsosialismen og fascismen er altså borte og politisk stein daude, både på stats- og partipolitisk nivå. Kommunismen er borte som statsskipnad i Europa, men i fleire europeiske land (Russland, Frankrike,Moldova) sit kommunistiske parti i nasjonalforsamlingene. Men verdsens største land og fire andre, rimeleg store land er altså framleis kommuniststyrde.
Likevel er antikommunismen, etter at Sovjetsamveldet braut saman, like daud og fråverande som fascismen; medan anti-fascismen derimot er like aktiv som den var på 1930-talet, da den var eit viktig instrument for Sovjetleiinga i kampen mot dei som til kvar tid vart definert som fiende.
Kven har bruk for anti-fascismen som arbeidsreiskap i dag?
Denne anti-fascismen post mortem er fyrst og fremst brukt av ytterleggåande venstreparti, og venstreradikale aksjonsgrupper,alltid intolerante og ofte valdelege. Dei tilhøyrer ikkje den mest intellektuelt oppegåande delen av venstresida, men kompenserer dette ved høgrøysta og aggressiv åtferd. Deira bruk av "nazi" og "fascist" skil seg ikkje særleg frå bruken av andre skjellsord. Dei veit som regelen hjerteleg lite både om nasjonalsosialismen og fascismen som historiske fenomen. Nytt er rettnok at regimet i Moskva og deira propaganda-apparat i det siste også har teke til å bruke "nazisme/fascisme" om fenomen dei mislikar, t.d. i Ukraina og dei baltiske land.
Av og til så hengjer også presumptivt seriøse media seg på denne språkbruken. Av rein tanke- og/eller kunnskapsløyse, må vi tru.
Kanskje er det grunn til å minne om noko George Orwell skreiv for snart 70 år sidan:
"Når det ekstreme venstre sluttar å vera totalitært for berre å vera anti-fascistisk, så blir det på ny totalitært"(19)
=================================
(1) Dette er i hovudsak ei samanlikning av den reelt eksisterande kommunismen og nasjonalsosialismen, dvs av politisk praksis. Den italienske fascismen blir i mindre grad drege inn i samanlikninga. Med nasjonalsosialisme er meint det politiske system og tilhøyrande praksis som utfalda seg i Tyskland frå 1933 til 1945; og i store delar av Europa frå 1939 til 1945. Dei historisk-fagleg korrekte omgrepa nasjonalsosialisme og nasjonalsosialistisk blir brukt, ikkje dei journalistiske " nazisme" og " nazistisk".
(2) Waldemar Gurian: Bolshevism:Theory and Practice. New York 1932
(3) Ragnar Vold:Mennesket søker fotfeste. Aschehoug forlag, Oslo 1939
(4) Bloggforfattaren godtek ikkje den utvida bruken av omgrepet "fascisme". Denne bruken er i beste fall lite nyttig fordi den er for generell; og i verste stigmatiserande fordi den har politisk- propagandistiske føremål.
(5) Ernst Nolte: Der europaeische Buergerkrieg 1917-1945. Nationalsozialismus und Bolschewismus. Frankfurt a.M. 1987
(6) Sjå t.d. : Thomas Weber: Wie Hitler zum Nazi wurde. Berlin 2016
(7) Ragnar Vold: Mennesket søker fotfeste,s.64
(8) Ibid.
(9) Hannah Ahrendt: The Origins of Totalitarianism, New York 1951
(10)Det er tankevekkjande at ingen av desse heilt grunnleggjande bøkene for kunnskap om kommunismen er omsett til norsk.
(11) Martin Malia: The lesser evil?, Times Literary Supplement, 27.3.1998
(12) Det hebraiske ordet holocaust tyder " brennoffer". Eg har aldri skjønt kvifor jødane har valt å bruke denne nemninga, men når det nå eingong er slik, og uttrykket er godt innarbeidd, ser eg ingen problem med å bruke det her.
(13) Jfr. Haakon Lie: "Hvem kan vi stole på"?
(14) Hannah Arendt: The Origins of Totalitarianism. New York 1951
(15) Ernst Nolte: Der Faschismus in seiner Epoche. Muenchen 1963
(16)Carl Friedrich og Zbigniew Brzezinski: Totalitarianism, dictatorship and autocracy. Cambridge 1956
(17) Aino Kuusinen: Nesten alle skulle dø. Oslo(Aschehoug) 1974
(18) Jung Chang& Jon Halliday:MAO. The unknown story".London 2005.
(19) Det franske tidsskriftet Panoramiques s.85-86.(Artikkel av Alain Finkielkraut.