KVA ER POPULISME?

Ifølgje Store Norske Leksikon er populisme "..en betegnelse på en ideologi, strategi eller kommunikasjonsform som appellerer til "folket", som motsetning til "eliten". Populisme er blitt knyttet til både venstreorienterte og høyreorienterte partier samt sentrums- og bondepartier. Populisme som politiske fenomen har lange røtter..".

Historisk let populisme som politiske fenomen seg påvise både i USA og Europa. I USA var populismen i andre halvpart av 1900-talet ei protestrørsle med sosialistisk eller sosialdemokratisk tendens, og med sosiale røter i bygdefolk, arbeidsfolk og småborgarskap. I 1891 vart Populist Party skipa, og ei stutt tid var dette største partiet i USA ved sida av det republikanske og demokratiske partiet. I Russland fanst det også populistiske grupper som arbeidde for å gje jord til bøndene.

I norsk historie har sume utpeikt Samfundspartiet på 1930-talet som eit populistisk fenomen, men dette er meir enn tvilsamt og iallfall omstridd. Derimot steig det på 1960-talet fram grupper i norsk politisk liv som sjølve kalla seg populistiske. "Populistiske Arbeidsgrupper" (PAG) vart skipa under EF-striden i Bergen og likeeins Grønt Gras i Oslo; også sistnemnede kalla seg populistisk. Særleg blant studentane hadde populismen i denne perioden ei sterk stilling. Kjende norske populistar var Hartvig Sætra, Bjørn Unneberg og Ottar Brox. Sistnemnde såg på populisme som eit heidersord, og sette det i motsetnad til teknokratisk samfunnsplanlegging ovanfrå. Hartvig Sætra gav ut skriftet Populisme i norsk sosialisme. Omlag samtidig stod Anders Lange fram med sitt bodskap mot statsformynderi og for "sunt folkevett". Han framstod som den fyrste norske "høgrepopulisten" ifølgje statsvitaren Tor Bjørklund.

Føremålet med denne artikkelen er ikkje å skrive ei historie om populisme som omgrep og politisk fenomen.
Føremålet er langt meir avgrensa.
Eg vil for det fyrste kaste eit lite blikk på ei interessant side ved debatten om populisme; nemleg at dei fleste politiske grupperingar som bli kalla populistar ikkje brukar dette omgrepet om seg sjølve.
For det andre vil eg sjå på korleis ein kjent, såkalla høgrepopulist sjølv oppfattar sin politiske ståstad.

Men la meg fyrste halde fast i utgangspunktet, nemleg populisme , eit omgrep som kjem frå latin populus, som tyder folk.
Ei venlegsinna men nærliggjande tolking av populisme, må difor vera ei politisk retning som meiner å arbeide for interessene åt folk flest, åt fleirtalet i folket - i motsetnad til dei lenger oppe i samfunnspyramiden, som ein kan kalle elite, establishment eller makthavarar. Ei mindre venlegsinna tolking (av populisme) kunne vera ei retning som høyrer på og følgjer folkemeininga, og studerer meiningsmålingar før dei legg seg på eit standpunkt . Dei let seg ifølgje ei slik tolking styre av "folket".

Dei siste som sjølve kalla seg populistar, var som nemnt folk på venstresida som Hartvig Sætra og Ottar Brox. Da omgrepet meir og meir vart teke i bruk om folk på andre kanten, på høgresida, så var det ikkje dei sjølve som kalla seg slik. Anders Lange og Carl I. Hagen har ikkje stått fram under ei populistisk fane, eller brukt dette som ein politisk merkelapp. Det har heller ikkje dei partia og røslene i utlandet som blir omtala som høgrepopulistiske. Korkje Front National i Frankrike, Trumpismen i USA, Sverigedemokratane, Det danske Folkepartiet eller Alternative für Deutschland marknadsfører seg sjølve som populistiske eller populistar.
Korleis kan dét ha seg? Det har seg vel ganske enkelt slik at etterkvart som høgre-orienterte parti utanfor den vanlege partifamilien fekk auka oppslutnad i land etter land, så tok media til å omtale desse protestrørslene med omgrepet populisme i det eg ovanfor har kalla den mindre venlegsinna tydinga, nemleg politiske grupperingar som let folkemeininga og meiningsmålingane utforme og styre politikken sin og ikkje omvendt. Dei snur ifølgje dnne oppfatningakappa etter vinden, for å bruke eit gamalt bilete.
Er det sant at dei såkalla høgrepopulistane let seg meir styre av folkemeininga enn andre parti?
Dette spørsmålet er ikkje så enkelt som det høyrer ut som. For det fyrste: Kva er folkemeininga? Nesten same kva for eit tema som "folket" har ei meining om, så veit vi at det same folket i eit fritt samfunn har mange meiningar; om krig og fred, om meir eller mindre skatt, om kultur og arkitektur, om undervisningspolitikk, innvandring og Islam. Det finst få tema der folket har lagt seg på ei klar fleirtalsmeining. Det er også ofte ulike fleirtal i mange saker i ulike delar av landet og til og med i ulike delar av ein og same by. Det er langt fleire ulvemotstandarar i Østerdalen enn i Oslo, og det er større skepsis til muslimsk innvandring blant etniske nordmenn i Oslo aust enn i Oslo vest. Foreldre med akademisk utdanning er gjennomsnittleg langt meir engasjert i skulepolitikk enn foreldre utan slik utdanning osv.osv. Er Senterpartiet i Hedmark populistisk når det går inn for å utrydde ulven? Er Venstre populistisk når det i Oslo går inn for å verne ulven? Er Høgre populistisk når det går inn for mindre skatt eller karakterar i skulen? Er AP og SV populistiske når dei kritiserer skattereduksjonar som gåver til dei "som har mest frå før"?
Eller er alt dette døme på at politiske parti fremjar saker dei trur på og driv propaganda i samsvar med dette? Dei frir til sine eigne og til grupper som dei trur vil vera mottakeleg for bodskapen. Dette blir også kalla å utvikle eigarskap til visse saker og tema. Vi veit stort kva for parti som har eigarskap til kva slag saker.
Det som blir kalla høgrepopulistiske parti har særleg utvikla eigarskap til innvandringskritikk og -skepsis. I ein viss mon har dei utvikla eigarskap også til strengare straffereaksjonar ("lov og orden"), skepsis mot utviklingshjelp m.m. Sakene kan variere frå land til land. Alternative für Deutschland markerte seg fyrst med EU-og euroskepsis og kritikk av økonomiske overføringar til Hellas og andre EU-land under eurokrisen, før det stod fram med innvandringsmotstand som hovudsak (etter at forbundskanslar Merkel ynskte alle syriske "flyktningar" velkomne til Tyskland). Men kvifor er innvandringskritikk, lov-og-orden, EU- og euro-skepsis meir populistiske tema enn hat respektive kjærleik til ulven, kamp for eller imot skattereduksjonar, kamp for eller imot CO2-utslepp osb., osb.? Det er jo ikkje slik at eit parti som profilerer seg med innvandringskepsis eller kritkk av liberale straffereaksjonar mot kriminelle, blir møtt med almen jubel og tilslutnad. Tvertimot blir jo slike parti og politikarane i slike parti gjennomgåande utsett for ein meir hardhendt kritikk av media og andre motstandarar enn det meir etablerte parti og tilhøyrande politikarar opplever. Langt på veg har det vorte slik at populisme bli brukt som eit skjellsord elelr iallfall eit nedsetjande uttrykk for meiningar som fell utanfor grensene for det etablerte, tilnærma liberale meiningsmonoplet. Det sosialdemokratiske tidsskriftet New Statesman, som kjem ut i London, treffer etter min meining spikaren på hovudet, når det i ein artikkel om Edmund Burke skriv følgjande: "Paradoxically, liberalism brings about the kind of intolerant illiberalism that it ascribes to all non-liberal positions. What liberals demonise as populism is in large part a backlash against the liberal hollowing out of democracy"(1).
Dette sitatet inneheld også ein kommentar til det andre elementet i den mindre venlegsinna definisjonen av populisme, nemleg at den er retta mot elitane og er kritisk til "dei der oppe". Men korleis kan det vera annleis? Korleis kan protestrørsler som kanaliserer misnøye med status quo; med visse sider ved det eksisterande samfunn, korleis kan dei unngå å vera kritiske til elitane, dvs makthavarane som har ansvaret for den tilstand som misnøyet er retta mot?

Men dersom vi ikkje skal kalle slike parti høgrepopulistiske, kva nemning skal vi da bruke? Kunne det knskje vera ein idé å respektere dei omgrep og nemningar dei brukar om seg sjølve - slik praksisen stort sett er i samband med andre parti?

La oss difor sjå på kva dei kallar dei seg sjølve; og korleis dei oppfattar sin plass i det politiske landskapet.
Eg vil bruke Alternative für Deutschland(AfD) og Alexander Gauland som døme.
Gauland er frå 2015 nestleiar i AfD, og etter at partiet kom inn i den tyske nasjonalforsamlinga ved parlamentsvalet i 2017 og vart Tysklands tredje største parti, også parlamentarisk leiar. Han er fødd i Chemnitz i 1941, flykta til Vest-Tyskland i 1959, studerte og tok doktorgraden i statsvitskap. Han var aktiv i det kristelegdemokratiske CDU, og hadde høge stillingar i administrasjon og media. I 2010 meldte han seg ut av CDU i protest mot kanslar Merkels vedtak om store pengeoverføringar til det kriseramma Hellas.

Gauland gav i 2017 ut boka "Anleitung zum Konservativsein", der han forklarar og presenterer sine politiske idéar og tenkjemåte, sitt politiske livssyn.
Gauland tek utgangspunkt i den store tyske og européiske katastrofen,den andre verdskrigen, og skriv:"Etter Hitlers katastrofe vart alle konservative tankar stigmatiserte og tabumistenkte, altså NS-sjuke"(2). Alliansen som delar av dei gamle tyske konservative elitane hadde inngått med nasjonalsosialismen, slo negativt attende på konservativt tankegods i Tyskland da det totale nederlaget var eit faktum. Som andre konservative på jakt etter ei åndeleg kjelde søkjer Gauland til anglo-irlendaren Edmund Burke. Noko overraskande må eg vedgå. Ein skulle tru det var flust med tyske konservative tenkjarar som kunne inspirere ein tysk politikar.
Men iallfall så er det hjå Burke Alexander Gauland finn rettleiing. Han meiner at Burkes tenkjing inneheld element som kan brukast "for å byggje ein ny politisk orden i dag"(3). Han syner til at Burke byggjer på eit menneske- og samfunnsbilete med røter i ein "skeptisk antropologi"; som står i motsetnad både til ein "liberal individualisme" og til ein "autoritær kollektivisme", og som har ein grunnleggjande skepsis mot den moderne "framstegsdynamikken" som kjem til uttrykk både gjennom "sosiale revolusjonar" og "liberal imperialisme". Vidare legg Gauland vekt på at
Burke "lystra ein romantisk impuls"(4). Han "..elska det gamle og ærverdige, det som hadde vakse fram gjennom mange generasjonar:Dei store aristokratiske familiane,dei gamle landsens herskapshus, den britiske forfatninga med sin mangel på logikk og samanheng.." . Alt opphøgd og vakkert vekte ærefrykt hjå honom og skapte trong til å verne om og ta vare på alt dette. Gauland deler Burkes "mistru mot alle abstraksjonar, mot påroping av menneskeætta som motsetnad til veikskapen hjå enkeltmennesket, mot den abstrakte fridomen som ikkje materialiserer seg i institusjonar som vernar om fridomen til den enkelte, mot samfunnsmodellar utforma på teiknebrettet utan respekt for århundregamle tradisjonar.."(5).
Gauland gjev att Burkes velkjende kritikk av den franske revolusjon; skrekkeksemplet på abstrakt, rasjonalistisk og liberal omvelting og øydelegging av samfunnet.

Alexander Gaulands vurdering av og tilslutnad til Edmund Burke er ikkje mykje ulik det t.d. ein Lars Roar Langslet skriv om den same Burke (jfr. tidlegare artikkel ovanfor om konservatismen).
Meir interessant blir det når Gauland kjem inn på tysk historie og tysk konservatisme. Han syner til at Burke, samanlikna med tyske konservative tenkjarar i denne perioden, hadde den store fordelen at han levde i ein fasttømra og veldefinert nasjonalstat, medan tyskarane på slutten av 17.hundretalet levde i eit mylder av små og store, heil- og halvføydale fyrstedøme. Denne ulikskapen i samfunnsutvikling og meir spesifikt dette etterslepet i den tyske utvikling skapte ifølgje Gauland ei ulik utforming av konservativt tankegods i desse to områda(dvs det britiske og det tyske). Den tyske tendensen til "politisk romantikk" og til "teoretisk rekonstruksjon" av eit kristent mellomaldersamfunn (6)stod i skarp kontrast til Burkes protestantisk-konservative og jordnære konservtisme. Dette gapet mellom engelsk og tysk konservatisme har vara ved til denne dag. Dersom vi altså skal tru Alexander Gauland. I tråd med denne tenkjemåten ytrar Gauland skepsis mot konservative tyske filosofar som Hegel og Heidegger, og meiner at Fredrik den Store - som mange generasjonar tyskarar har dyrka som eit konservativt ideal - tvertimot gjorde stor skade fordi hans einsidig realpolitiske tenkjing skauv all moral til side. Målet og resultet var viktig, ikkje metodane. I staden for Burkes pragmatiske og jordnære konservatisme utvikla det seg i Tyskland ei "absoluttistisk mot-opplysningstid" som spegel-bilete og direkte alternativ til den absoluttistiske arven frå fransk opplysningstid. Dette førde fram til den tankeskulen som blir kalla den "konservative revolusjon" etter den fyrste verdskrig, som Gauland meiner gjev uttrykk for "feil tenkjing"(7). Det er eit både overraskande og radikalt oppgjer Alexander Gauland her tek med den konservative arven i Tyskland.
Finst det i det heile noko i tysk idé-tradisjon som Gauland meiner at ein kan byggje Alternative für Deutschland og dagsens tyske konservatisme på?
I og med at han vrakar mesteparten av den historiske arven må han gjera eit sprang heilt fram til 1945; "die Stunde Null" som dette året gjerne blir kalla. Da innførde dei tre okkupasjonmaktene USA, Storbritannia og Frankrike demokrati etter vestleg modell i den vestre delen av Tyskland; det som vart heitande Forbundsrepublikken Tyskland, med dei kristelegdemokratiske systerpartia CDU&CSU som førande og dominerande politisk kraft. CDU&CSU kan kallast konservativ - ifølgje Gauland - fordi konservativ i etterkrigs-Tyskland vil seia det same som å vilje ta vare på og forsvare den politiske og økonomiske orden som vart innført (av makter utanfrå) etter krigsnederlaget. Eit særdrag ved den vest-tyske modellen er "sosial marknadsøkonomi" som alle parti etterkvart samla seg rundt, og som - ifølgje Gauland - står i motsetnad til den einsidige og "kalde marknadsøkonomien" som Thatcher og Reagan stod for i Storbritanni og USA.
Min kommentar til ei slik vurdering må bli at dette på same tid er ein svært snever og altfor romsleg definisjon av konservatisme i ein tysk samanheng. For snever fordi det meste av tysk konservativ tenkjing og tradisjonar blir kasta over bord. For romsleg fordi alle seriøse politiske parti i dagens Tyskland er tilhengjarar av den rådande politiske og økonomiske orden, og nå også det nye Alternative für Deutschland. Dersom alle er konservative, blir vel omgrepet heilt tappa for innhald?
Og dersom Alternative für Deutschland er konservativ som alle andre, korleis kan da partiet representere eit alternativ? Og "sosial mrkandsøkonomi" er vel ikkje særleg ulikt det som blir praktisert i Skandinavia, og som det rår breid semje om.?

Men så tek Gauland eit lite steg til side eller attende, og rettar eit spark mot det einsidige maktpartiet CDU, som var så oppteke med å forvalte og utvikle det tyske "Wirtschaftswunder" at det ikkje brydde seg om dei kulturelle tap i kjølvatnet etter modernisering og den økonomiske framgangen. Han sluttar seg til kritikken av dei vest-tyske leiarskikt etter 1945 for ¨vera "intellektuelt innskrenka og kulturelt nivålause"(8).Dei har ikkje brydd seg om tysk kulturelle arv og tradisjonar; og har ikkje gjort noko for å overføre den historiske arven til nye generasjonar, til etterkrigsgenerasjonane. Etterkrigmakthavarane hadde gjeve avkall på Tysklands "eksistensielle metafysiske dimensjon". Deretter kom 1968-generasjonen med sine åtak på krigsgenerasjonen og med sin"angrekultur"(Betroffenheitskult")
Dermed oppstod eit tomrom som ikkje minst hadde konsekvensar for Vest-Tyskland som utanrikspolitisk aktør. For vest-tyske styresmakter var samarbeidet med vestlege partnarar gjennom NATO og EU eit dogme. "Bindung an den Westen" heiter dette på tysk; i motsetnad både til binding austover og til ei sjølvstendig line mellom aust og vest.
Men som Gaulnd påpeikar så har binding og tett smaarbeid vestover som føresetnad ein eigen og akseptert identitet, som Forbundsrepublikken Tyskland ikkje hadde. Fornekting av fortida, "sjølv-skading"("Selbstverstümmelung") og ein angrekultur kan ikkje fylle dette tomrommet.
Og Gauland siterer forfattaren Ernst Jünger som skriv: "Vi kan ikkje lenger forstå at eit folk som vil hevde sine eigne morallover overfor andre, også må vera viljuge til å yte eit blodoffer for denne viljen. Dette held vi i vår liberal-libertære sjølv-fokusering for gale og forkasteleg". Tapet av dei gamle tyske provinsane i aust - Aust-Prøyssen, Schlesien, Pommern og Sudetenland - innebar ogå eit tap av gamle leiarskikt og ein livsstil. På den politisk-historiske scenen stod desse gamle leiarskikt, dei store prøyssiske adelsnamn,for siste gong fram i kuppfreistnaden mot Hitler 20.juli 1944. Det mislykka kuppet førde til at den prøyssisk-tyske konservatismen forblødde. Denne konservatismen var antivestleg og antiliberal, og forakta industrikapitalismen og den borgarleg-kræmaraktige livsstilen. Framståande namn innanfor denne tankeretninga er Martin Heidegger, Carl Schmitt, Othmar Spann, Ernst Jünger, og lenger attende sjølvsagt Nietzsche og Werner Sombart. Ein samnemnar for desse er ei avvising av det reint økonomiske som hovudpilar i samfunnsfundamentet. Heidegger har illustrert motsetnaden mellom tysk og vestleg-liberal tenkjemåte ved følgjande ord-motsetnad: I tysk tenkjing blir hovudvekt lagt på "Det-et" medan "Eg-kulten" dominerer i vestleg sivilisasjon.
Gauland har, som påvist framanfor, forkasta tysk konservatisme før 1945, men syner samtidig i desse tekstene som her sitert, sympati med og innleving i desse tankane, samtidig som han altså tykkjest å meine at dei ikkje er liv laga som tankegods i dagens Tyskland.Her kan det verke som om han vil ha både i pose og sekk.

Undergangen til kommunismen var ifølgje Gauland viktigare for folka i Sentral- og Aust-Europa og for tyskarane, enn for andre land. I Sentral- og Aust-Europa hadde eit totalitærert og kunstig system lagt historia i fryseboksen. I Tyskland var samarbeid med Vesten mot Sovjetsamveldet eit surrogat for å definere seg sjølv, sin eigen identitet og sine eigne interesser.
I kampen mot ein aggressiv sovjetkommunisme måtte dei vestlege stastmaktene mobilisere alle samfunnskrefter for å stå imot trugsmålet. I denne kampen måtte også økonomien og dei økonomiske ressursane mobiliserast for statens interesser, sjølv om marknadsøkonomien stort sett fekk fungere innnfor desse rammene. Marknadsliberalismen vart i Vesten i tillegg balansert av det sivile samfunn, interesseorganisasjonar, kultur, tradisjon og kyrkjeliv mm.
Etter at kommunismen landa på søppeldynga har historia vendt attende til dei tidlegare satelittstatane i Sentral- og Aust-Europa, og dermed har dei tradisjonsberande og dei andre normale samfunnskreftene påny kome til fri utfalding, så lenge det varer. Restane av Tyskland vart samla i ein stat, men historia forblir stigmatisert: "Berre i Tysklnd manglar denne tendensen.; her står snart 70 år etter NS-regimets undergang moglege tradisjonsberarar framleis under åndeleg karantene"(9).

I kjølvatnet av undergangen for kommunismen i Europa har eit nytt totalitær trugsmål ifølgje Gauland gjort seg gjeldande med stor og brå kraft: Den grenselause globalisering og økonomisering av alle land og alle samfunnsområde,og opphøgding av liberalismen til ein ny over-ideologi.
Med trugsmålet frå kommunismen borte - skriv Gauland - finst det ikkje lenger noko som kan bremse økonomiske krav og såkalla økonomiske lover. "Våre moderniserarar bryr seg meir om Tysklands konkurranseevne enn den kulturelle fordøyingsevna til innbyggjarane"(10). Og vidare :"Ei-verd-ideologien; draumen om ei samla demokratisk menneskeætt sameint gjennom globalisering, er ikkje mindre utopisk og er ikkje ei mindre fare for den historiske eksistensen til statar og folk enn den undergangne sosialistiske galskapen". Marknads- og menneskerettsretorikken går hand i hand, og har som sams mål å utradere og utjamne alle kulturelle og tradisjonsbundne skilnader mellom land og folkeslag. "I staden for eit samfunn av dei levande , dei daude og dei ufødde, altså statsfolket, har vi fått fellesskapet av lykkelege forbrukarar, som oppfattar moralske hemningar, kulturell arv og nasjonale tradisjonar som uøkonomiske byrder, som må utsjaltast eller reduserast mest mogleg, for å auke den økonomiske yte-evna"(11). Gauland inntek m..o. ein klar anti-liberal posisjon:"Liberalismen har vorte til ei verdsåskoding("Weltanschauung") og den fri marknaden til frigjeringsformularet, som blir sett i verk over alt og fører til global frelse"(12). At næringslivet ikkje lenger er ei "konservativ kraft" - skriv Gauland vidare - ser ein særleg tydeleg i den stillinga dette tek til innvandring. I staden for den historiske medvetne og sosialt ansvarlege borgaren har vi fått homo oeconomicus. Globalisering er ikkje slutten på historia, men slutten på historia slik vi kjenner henne, skriv han. Og eit samfunn som gløymer si historie, sine seder og skikkar, sin kultur og tradisjonar, vil heller ikkje lenger ha eit folk men ei masse. Den (vest)tyske Forbundsrepublikken, som gjekk under i 1989, var allereie eit steg i dennee retning; med sitt "Wirtschaftswunder", med sin sentrumspragmatisme og materialisme. Døden, himmel og helvete var utestengt, for trugsmål og fare kunne berre vera av materiell karakter. 1968-generasjonen frigjorde vesttyskarane frå den siste "sjele-kroken" som det ikkje hadde vorte rydda opp i : Auschwitz. "Vi gjorde offentleg botsøving og vart gode menneskje.."(13).
Men allereie etter eit par tiår synte det seg at den liberale draumen bygde på ei vrangforestilling; fiksjonen om homo oeconomicus var nettopp dét; historia var likevel ikkje kome til endes, nasjonal identitet let seg ikkje utrydde, det fanst framleis konflikt krig og terror, aggressiv masseinnvandring vart ikkje borte ved lettvint prat om at vi alle er like osb.,osb.

Gauland går så gjennom dei institusjonane som han oppfattar som dei viktigaste forsvarsverk mot den liberale oppløysinga og øydeleggjinga av samfunnet.
Dette er for det fyrste familien(14), som dei liberale oppfattar som ei bremse og ein forstyrrande faktor for sosial mobilitet, individuell utfalding og den frie marknaden. For konservative tenkjarar som Burke, Tocqueville og Max Weber var familien ein aktiv føresetnad for stat og samfunn. Ved sida av kyrkja, sosial tilhøyrsle og yrkesorganisasjonar galdt familien som stabiliserande bollverk mot politisk og økonomisk omvelting. Fyrst med overgangen frå borgarleg liberalisme til det industrielle massesamfunnet blir familien eit problem.
Denne overtydinga om at familien er fundamentet for stat og samfunn tek ikkje utgangspunkt i det kristne synet på ekteskapet som eit sakrament, men i at den enkelte, det enkelte mennesket treng menneskelege band for å møte og tole utfordringane frå det moderne samfunnet. "Familien er ved sida av heimstadomgrepet ("Heimatbegriff"), nasjonal identitet, kunst og religion den sterkaste motleiren, den sterkaste motstandaren (av marknadskreftene. Blogforfattars kommentar)"(15).
Heimstadomgrepet blir gjerne knytt til tradisjonar, skikkar og sedvaner. Det er der vi er med i idrettslaget, songkoret, bridge-klubben; det er der vi kjører ungane på fotballkamp. Der går folk på konsert og kunstutstillingar, og der døyper vi våre born og gravlegg våre bortgangne. Sjølvkjensla til den enkelte blir halde oppe gjennom den plassen enkeltmennesket har i heimstadfellesskapet av daglege band og deltaking i smått og stort. Vernet om heimstadtradisjonane er difor "eit grunnprinsipp i konservatismen" - skal vi tru Gauland(16). Han kritiserer venstrefilosofen Jürgen Habermas som i samsvar med marxistisk tradisjon tvertimot meiner at tradisjonar og skikkar hindrar utviklinga av eit "vitskaps- og fornuftsbasert, konflikfritt samfunn utan framandgjering". Men draumen om eit konfliktfrittsamfunn manglar fundament, meiner Gauland.
På same måte som tradisjonar, sedvane og skikkar er kunst og kunstopplevingar viktige som balanserande motvekt til det anonyme forbrukarsamfunnet. "Kunst er avlasting; gjennom kunst kan mennesket bryte ut or rasjonalitetens forsteina bustad, og blir dermed ei konservativ motvekt til menneskeleg framandgjering i det moderne samfunnet..".
Ettersom globalisering og økonomisering rullar vidare med aukande fart, og med dei ny-liberale blant førande sosial- og kristelegdemokratar som ivrige klakkørar, må dei konservative stå vakt om dei kreftene som held oppe "balansen i samfunnet"(17. "Alt som saktnar på farten, alt som stansar forfallet og held globaliseringa under kontroll, er difor godt og riktig: Tradisjonar og myter,tru og kultur, etnisk tilhøyrsle og grenser. Sjølv fordomar, så lenge dei ikkje sklir ut i vald og rasisme, har stabiliserande verknad". Den konservative kan difor ikkje vera tilhengjar av same lov for" dei næraste og dei fjernaste"; han må gje forrang til sitt eige fellesskap framfor framande. Til det eigne fellesskapet høyrer i dag også andre européarar. "Aldri sidan Burke og Tocqueville var det så naudsynt å stille kritiske spørsmål ved framsteget og setja opp ein rekneskap for kostnadene" ved det såkalla framsteget. "Globaliseringa har blåse nytt liv i dei gamle motsetnadene mellom sosial, liberal og konservativ", heiter det vidare hjå Gauland. Med adresse til sitt tidlegare parti , det kristelegdomkratiske CDU, skriv han:"..dermed blir det heretter vanskeleg for CDU å hevde at dei legg like stor vekt på sin sosiale, liberale og konservative karakter"(18). Dette går ikkje lenger. Heretter kan vi velja mellom to tilnærmingsmåtar: "Ein liberal-individualistisk, som går inn for fri innvandring, godkjenning av homoseksuelle livsformer og alle former for sjølvrealisering; og ein verdikonservativ tilnærmingsmåte som står fast på ein fast identitet, basert på moralske prinsipp og vestlege tradisjonar, og som stiller seg skeptisk både til påstått økonomisk uungåeleg utvikling og vitskaplege løysingar". Med utgangspunkt i desse to tilnærmingsmåtane vil ein sjå, ifølgje Gauland, at skiljet ikkje lenger går mellom ei høgreside og ei venstreside, men tvertimot igjennom alle eksisterande parti.

Til slutt kjem Alexander Gauland inn på det han omtalar som "konservativ utanrikspolitikk". Og kva er nå dét?
Svaret er: "Det finst ingen konservativ utanrikspolitikk; den ytre politikken til eit land kan berre vera riktig eller gal alt ut frå interesse-situasjonen som dette landet er i"(19). Han tek utgangspunkt i den gamle (britiske) læresetninga om at det mellom folk og statar finst ingen evige venskap, berre evige interesser. Utfordringa for ei utanriksleiing blir altså å forstå kva interesser den er sett til å ivareta, og fremje desse interessene på ein best mogleg og effektiv måte. Den beste nøkkelen til å forstå eit lands interesser er ifølgje Gauland kunnskap om historia: "Geschichte bleibt deshalb das Schlüsselwort einer konservativen Aussenpolitik". Her har rettnok Tyskland med sine mange traume i kjølvatnet av 2.verdskrig, og derav følgjande naivt-idealistiske førestillingar om samarbeid og venskap mellom folk og land, særlege problem. Den største utfordring for det nye, samla Tyskland blir difor å utforme ein interesse-styrt utanrikspolitikk basert på kunnskap om dei historiske kreftene som verkar i Russland som i Frankrike, Storbritannia og på Balkan. Så gjer Gauland ein interessant analyse av desse historiske kreftene i ovnnemnde områda. Eg skal ikkje referere alt dette her; men berre slå fast som ein observasjon at analysen er prega av ein usentimental realisme som det er sjeldan å finne i tyske tekster av idag. Han siterer t.d. Churchill, som i ein samanstøyt med de Gaulle under 2.verdskrig sa:"Dersom eg må velja mellom Dykk og Roosevelt, mellom Frankrike og det opne havet, så vil eg alltid velja det opne havet"(20).
Dette sitatet burde studerast med særleg interesse av dei som vart overraska av den britiske EU-avrøystinga i 2016.
Logisk - meiner Gauland - burde ein sams fransk-britisk-tysk utanrikspolitikk vera mogleg. Men faktisk, slik det er i dag, må USA ta grep for å få dei tre europeiske staten til å samhandle. Overlatne til seg sjølve, går dei kvar sin veg. "England ser framleis ut over havet,..Frankrike ser mot Afrika og Austen, og vi ser fyrst mot USA for hjelp, som ei klippe i brottsjøane"(21).Så lenge det ikkje finst noko europeisk folk, noko europeisk demokrati, kan det ikkje bli annleis. Etter dei internasjonale omveltingane i 1989 ser verda meir ut slik som ho var i 1914 enn i 1980.
Bortfallet av det kommunistiske trugsmålet har gjort at alle statar kjenner seg frie til å følgje sine eigne vegar.
Men dersom Europa ikkje vil bli kasteball for større makter, må det stå saman; kvar for seg er Tyskland, Frankrike og Storbritannia for veike. Og dette Europa må vera eit tett samarbeidande Kjerne-Europa; ikkje 34 konkurrerande småstatar. Dersom det ikkje lykkast med Kjern-Europa-prosjektet, kjem verda til å bli kasta attende til 1914, med utanomeuropeiske makter i førarsetet.
Etter 1989 trudde mange at historia var forbi; liberaldemokratiet hadde sigra på alle frontar. Vi vart fortalt at nå var det berre å innrette seg på på at marknaden og menneskerettane, McDonald, Michael Jackson og Madonna var dei nye rammene og dei nye ideal vi måtte innrette oss etter.Snart 30 år seinare veit vi nå at dette var ein farleg illusjon som alt har gjort stor skade. Forbundskanslar Merkel som representerte eit tidlegare liberalkonsrevativt parti, kasta seg på denne ilusjonen da ho hevda at grensene ikkje lenger kunne forsvarast og inviterte 1 million syrarar m.fl. til Tyskland. Denne uansvarlege, ukonservative handlemåten vart gjort til skamme da eit par makedonske og unharske grensevakter tok effektive grep som tetta grensene - rettnok for seint til å stanse den fyrste flaumen. Historia går vidare og med det følgjer nye konfliktar, nye motsetnader, nye utfordringar. I denne situasjonen meiner Alexander Gauland at konservatismen er det beste grunnlaget for handling. Fordi "konservatisme ikkje er å hengje fast ved det som var, men å leve i samsvar med det som alltid galdt"(22)

KONKLUSJON

Når eg har brukt såpass mykje plass på å presentere Alexander Gaulands idéar, så er det fyrst fordi at han er ein av dei få førande politikarane i den "høgrepopulistiske" leiren som har utforma og lagt fram eit samanhengjande politisk tankebygg. Og dette tankebygget kallar han altså konservativt.
Det meste av dette tankegodset kan konservative nikke attkjennande til. Liberal-konservative derimot vil nok riste på hovudet til mange av utsegnene. Det mest overraskande er problemet Gauland har med den rike arven frå tysk konservativ tenkjing og praksis.. Her ser det ut til at også Gauland lid under det traumet som 2.verdskrig har skapt i den tyske folkesjel, og som han kritiserer andre for å vera styrt av. Han har nok ikkje sluppe unna dette sjølv heller.
Populisme i negativ tyding finst det knapt døme på. Snarare er dette tankegodset både balansert, godt grunngjeve, og heller ikkje så lett tilgjengeleg at det høver som lokkemat for frustrerte protestveljarar og desperate småborgarar.
Så spørst det sjølvsagt kor representativ Gauland er for AfD som heilskap. Dette er ei ny politisk kraft, prega av å vera meir ei rørsle enn eit part; med mange strie og kantute medlemmer og representantar, slik ein har sett det også i andre parti av denne typen.
Likevel er det ikkje urimeleg om nye politiske grupperingar blir interessert i det tomrommet som er skapt i europeisk politikk etter at dei såkalla konservative partia har vendt seg frå dét dei ein gong stod for, og lagt seg godt og uproblematisk til rette i det sosialliberale sentrumet, der også store delar av sosialdemokratiet kjenner seg heime. Dette gjeld i Noreg som i Tyskland og andre européiske land.
I Noreg må ein i dag bruke mikroskop for å finne ideologiske skilnaden mellom Høgre, Venstre og AP. Medan eg er i ferd med å skrive desse linene, blir eg merksam på eit intervju med avgåande forskingssjef i Nobelinstituttet og påtroppande medlem av Nobelkomitéen, Aslak Toje, som illustrerer godt kva som ovanfor er sagt om Høgre. Toje som eg oppfattar som konservativ, har vore medlem av FrP, men er ikkje lenger medlem av partiet. Avisa Dag og Tid spør Toje:"Du kunne valt Høgre og?" Toje:"*Nei!Aldri.Aldri. FrP er genuint, og det er viktig for meg. Å stå for den ein er. For meg er Høgre eit parti som driv maskerade. Det kallar seg konservativt, men tek nesten aldri konservative standpunkt. Det sveipar seg i blått, men har 100% overlapp med Aps høgrefløy"(23).Nettopp.

I Tyskland har ingen av dei dominerande politiske partia etter 1945 stått fram som og presentert seg som konservative. Det kristelegdemokratiske CDU/CSU, som har regjert lenger enn noko anna parti, har hatt ein liten konservativ fløy, men det har også hatt mange andre fløyar som ikkje har sett seg som konservative. Angela Merkel har flytta partiet langt til venstre og inn i det sosialliberale venstre-sentrum. Med sin invitasjon til 1 mill. syriske "flyktningar" om å koma til Tyskland, braut ho med alt som kan kallast konservatisme, og provoserte med dette mange i den konservative fløyen til å forlate CDU, mellom dei Alexander Gauland.

Om dei mange og ulike partia , som i dag blir stempla som høgrepopulistiske, er i stand til å fylle det konservative vakuumet i europeisk politikk er eit stort og ope spørsmål.Det er mange og openberre grunnar til å tvile på dét. Berre tida vil vise om dei har dei kvalitetar og kvalifikasjonar som trengst for å utgjera ei tredje hovudkraft i politikken. Mange av dei har iallfall i utgangspunktet større rett til å kalle seg konservative og til å lyfte den konservative arven, enn dei etablerte partia som i dag brukar dette omgrepet berre som pynt og maskerade, medan dei i røynda har forlate dei fleste posisjonar som tradisjonelt har vore definert som konservative.

(1) New Statesman 8.12.2017, s.44
(2)Alexander Gauland: Anleitung zum Konservativsein. Landt Verlag 2017,s.8
(3)Ibid. s. 12
(4) Ibid. s.13
(5) Ibid. s.15
(6) Ibid. s.18
(7) Ibid. s.32
(8) Ibid. s.36
(9) Ibid. s.41
(10)Ibid. s. 43
(11)Ibid. s.52
(12)Ibid. s.54
(13)Ibid. s.68
(14)Ibid. s. 71-76
(15) Ibid.s.76. Det tyske omgrepet "Heimat" er ikkje lett å omsetja til andre språk. Det tyder rett og slett staden der ein høyrer heime,der ein kjenner seg mest heime og høyrer til. Ordet heimstad på norsk blir som regel brukt meir snevert; om eit lite bygdesamfunn("heimstad-dikting"). Det tyske "Heimat" kan like godt vera ein storby, som ei bygd eller ein landsby, eller til og med eit heilt land. Oxford German Dictionary omset "Heimat" med home, village, town og homeland! Med andre ord fritt val i alle hyller, og det er ikkje gale, alt som her er nemnt, ligg i omgrepet "Heimat".
(16)Ibid. s. 82
(17)Ibid. s.89
(18) Ibid.s.94
(19)Ibid. s.97-98
(20) Ibid. s. 113
(21)Ibid. s.115
(22) Ibid. s.133
(23) Dag og Tid 16.2.2018