Kvifor eg vart landbruksarbeidar i Bayern og kva eg opplevde der

Hausten 1966 tok eg til på universitetet i Oslo. Etter førebuande prøver (examen philosophicum) fall valet på statsvitskap. Eg hadde ingen yrkesplanar eller tankar om kva eg skulle satse på etter avslutta studiar. Val av fag gjekk føre seg på den måten at eg gjekk gjennom eit oversyn i bokform( eg trur namnet var " Studenthåndboka") som gav ei omtale av alle fag som universitetet hadde å by på. Eg sette ein kross over fag som eg ikkje kunne tenkje meg å studere, og det var til all lykke dei aller fleste. Så sat eg att med ein 5-6 fag, som alle høyrdest interessante ut. Mellom dei var astronomi og arkeologi. To fag så ulike som tenkjast kan,men eg var like fascinert av stjernehimmelen som av tidleg menneskeleg historie.
Da eg gjekk på realskulen i Vågå las eg Sigurd Einbus populærinnføring i astronomi, og stod ute og fraus om vinterkveldane og studerte himmelrymdi. Hugsar at eg som unggut gjekk ein tur med far, og diskuterte kor stort universet kunne vera. Eg var litt plaga av tanken på at jordkloda ifølgje Einbu var så latterleg litor, berre eit støvkorn og knapt nok det. Og kva var vel vi menneskekryp da? Berre ørlite grann meir enn ingenting. I ein lett desperat freistnad på å avgrense dette altfor store rommet, spurde eg faderen: "Men kanskje støyter du på ein vegg når du kjem langt nok ut?". "Og kva trur du er på hi sida av den veggen" , var svaret frå opphavet. Da svimra det nesten for meg. Freistnaden på å skapa meg eit bilete av det uavgrensa rommet, hadde berre skapt ei sterk kjensle av kor avgrensa min eigen hjerne var.

På eit orienteringsmøte på universitetet for nye studentar fekk vi klar melding om at nettopp på fagområda arkeologi og astronomi var det ingen sjansar for å få seg arbeid på mange år. Trass alt og heldigvis var eg såpass matnyttig anlagt, at eg dermed sa farvel til både stjernehimmelen og arkeologisk utgraving. Elles trur eg at min tenkjemåte var heilt typisk for denne bortskjemte generasjonen av nordmenn: Den som tok ei universitetsutdanning, var tryggja arbeid og eit rimeleg godt utkome etter avslutta eksamen. Akkurat kva vi skulle drive med, trong vi ikkje bry oss om. Og det gjorde heller ikkje eg.

Politikk og samfunnsspørsmål var eg interessert i, og dermed så vart fyrste faget statsvitskap. Her var det ingen åtvaringar om mangel på jobb etter avslutta studium. Men i tillegg tenkte eg at det kunne vera greitt - same kva eg kom til å drive med seinare - å ha eit språk i fagkrinsen. Dermed fall valet på tysk. Eg hadde hatt ein fenomenal lektor i tysk på gymnaset, Johs. Myhren . Han hadde gjeve meg både eit solid grunnlag i tysk og ei sterk interesse for Tyskland og tysk historie.

Så fann eg ut at eg måtte få ein sommarjobb i Tyskland for å lære språket blant dei som kunne det beste. Den gongen var dette kanskje lettare å få til enn nå. Eg tok kontakt med den vest-tyske ambassaden, som sende meg eit skjema med spørsmål om kva slag arbeid eg ville ha, og i kva område. Etter nokre veker fekk eg tilbod om arbeid på ein gard i Franken, eit område nord i Bayern, noko eg sa ja takk til. Så enkelt var det.

Så ein varm sommardag i slutten av juni 1967 sat eg på eit lokaltog nedover i det bølgjande, frodiggrøne tyske landskapet. Eg var svært spent på kva som venta meg. Korleis var dei eigentleg desse tyskarane , som eg hadde høyrt og lese så mykje om? Dette var altså berre vel 20 år etter andre verdskrig. Som andre nordmenn av min generasjon hadde eg vakse opp med forteljingane om verdskrigen, okkupasjonen, jødeforfølgjingane og mykje meir, som kan forklare den spenninga som eg nå sat og kjende på da toget rulla inn i Bayern.

Men alt slikt var forteljingar og teori. Nå skulle eg altså bli kjent med korleis tyskarane eigentleg var. Eg var ikkje berre spent - men også nysgjerrig.
Det starta bra. Da eg kom ut av jernbanestasjonen med koffert i handa, fann eg ikkje nokor drosje. Eg spurde ein mann som kom forbi, om det ikkje fanst drosjer i denne landsbyen. " Kvar skal du?", spurde mannen. Eg fortalde han kvar eg skulle, og da sa han: " Kom med meg,eg kjører deg dit". Han hadde sjølvsagt forstått at eg var utlending, og spurde kvar eg kom frå. Da han fekk høyre at eg var norsk, lo han og sa:" I Noreg ferierte eg i to år under krigen". "Ferierte...under krigen?", spurde eg forundra. " Ja," var svaret',"i Wehrmacht vart eit opphald i Noreg sett på som rein ferie samanlikna med Russland eller Balkan". Han var nettopp ferdigutdannna lege da krigen braut ut, og tenestegjorde på fleire frontavsnitt, og i fleire okkuperte land til alt var over. Men best var det altså hjå oss. Der hadde han gått på tur,fiska og kosa seg. Nordmennene var høflege og greie, motstandsrørsla hadde han ikkje merka noko til. Seinare møtte eg fleire frå same generasjon, og historiene dei fortalde, likna mykje på kvarandre. " Norwegen war sehr, sehr schøn". Eg tykte på ein måte at det var hyggeleg med slik lovprising av heimlandet. Det var også lett å forstå at Noreg måtte fortone seg som ein idyll samanlikna med helvetet på austfronten. Samtidig fann eg det pinleg at den heroiske norske motstandsrørsla - eit historiebilete som alle nordmenn av min og seinare generasjonar er oppfostra med - hadde gått så sporlaust forbi desse tyske soldatane " på ferie" i Noreg.

Så svinga bilen med den hyggelege legen som sjåfør inn på gardsplassen på Widdumhof, der eg hadde fått sommarjobb.
Widdumhof var ein storgard på over tusen mål innmark, og med ein arbeidsstokk på 7 personar. Av desse var det 4 karar som arbeidde ute, og 3 jenter som arbeidde på kjøkkenet og i huset. Dei dreiv hovudsakleg med produksjon av svinekjøt, poteter og korn. I det daglege stellet av dei mange grisane deltok både karar og kvinnfolk.
Gardbrukaren var inngift på garden, med odelsjenta. Gardbrukaren med kone og born og svigerforeldre budde i den eine enden av det store våningshuset.Her budde også faren til gardbrukaren. I den andre enden budde dei sju tilsette - og eg.

Det fyrste som var uvant for meg, var dei lange arbeidsdagane og - vekene.
Vekkjarklokka ringde kl 0600, og etter ein kopp kaffe med ein liten matbit til, bar det rett ut i fjoset for å mate alle grisane. Det var hundrevis av dei, så det tok innpå ein time. Resten av dagen var det varierande arbeidsoppgåver i fjos og ute på åkrane. Hundrevis av mål med poteter og andre vekster kravdeå mykje luking og anna arbeid. Arbeidsdagen var slutt kl 1900 om kvelden. Laurdagane slutta vi ein time før, kl 1800. Også sundagen måtte vi opp tidleg for å mate grisane ca 1 times tid. Tilsaman blir dette ei 78 timars arbeidsveke. Men eg må skunde meg å leggje til: Brutto arbeidsveke er det her tale om; for vi hadde mange matpauser. Godt over 60 timars arbeidsveke vart det likevel.

Og så var det mykje og god mat - og drikke.
Etter den fyrste kaffekoppen med biteti kl 0600, var det innatt ca kl 0700 etter morgonstellet i fjoset til eit stort morgoverd. Da stod alle slags pølser, ostar og syltetøy, saman med kaffe og andre drikkevarer, og grovt rugbrød på bordet. Det meste meiner eg å hugse var laga på garden , god og mykje mat. Hovudmåltidet var midt på dagen, kl 1200. Da vart det alltid servert ein varm kjøttrett - oftast svinekjøtt, naturleg nok - med grønsaker og poteter. Det vart aldri servert fisk. Men fyrst var det ei suppe,og sist ein dessert. Ingenting av dette kunne seiast å vera uvant eller ukjent mat for ein nordmann. Det som derimot var nytt, var at ved hovudmåltidet vart det servert cider, altså eplevin, produsert på garden. Den hadde sikkert ein 10-12 % alkohol. Og tyrst som eg var etter føremddagsøkta, og uvant som eg var med vin til maten, gjekk dette rett i hovudet på meg. Eg vart rett og slett på ein snurr under kvart einaste middagsmåltid. Dette vart lagt merke til, og både arbeidskameratane og " sjølvefolket" hadde stor moro av denne nordmannen som vart så lett påvirka. Heldigvis hadde vi ca ein times kvild etter maten, så eg fekk sove av meg det meste av rusen. Om ettermiddagen arbeidde vi som regel ute på åkrane, som ofte låg langt unna, så vi vart kjørde ut. Omlag kl 1600 var det matpause i åkeren, såkalla "Brotzeit". Da kom det ein bil kjørande frå garden med påsmurde skinkesmørbrød, og ei 1/2-literflaske kaldt øl pr mann. Og dermed fekk kroppen tilført nye promiller etter ciderrusen som hadde utvikla seg under middagsmåltidet.
Arbeidsdagen var slutt kl 1900, og etter at alle hadde vore i dusjen, samlast vi rundt langbordet i storkjøkkenet til kveldsmåltidet, som var ein større versjon av frukostbordet - og påny ei 1/2-literflaske øl pr mann. Eg fekk etterkvart greie på at både eplevinen til middag og ølflaskene om ettermiddagen og til kvelds, var ein del av arbeidskontraktene til dei mannlege tilsette på garden. Men resultatet var iallfall at dei to månadene eg var på Widdumhof, gjekk eg kvar dag rundt i ein liten rus. Det gjekk jo ikkje an å seia nei takk til gratis eplevin og øl? "Det var ei nordmanns vis".
Men festen var ikkje slutten med dette. Nesten kvar onsdag og fredag kveld gjekk arbeidarane bort til landsbyen like ved, og tok seg ein øl eller tre på vertshuset saman med landsbyfolket. Eg vart sjølvsagt med til vertshuset, og kunne heller ikkje vera dårlegare enn dei andre m.o.t. ølinntak. Og på toppen av alt dette var det mest kvar einaste laurdag fest i ein eller annan landsby, såkalla "Kerwa".
Dette dialektordet heiter på høgtysk "Kirchweihe",på bayersk "Kerwa"; altså kyrkjevigsling. Dette var altså ein fest til minne om at landsbykyrkja vart vigsla. Og det var mange landsbyar og mange kyrkjer. Kvifor desse kyrkjene alle hadde vorte vigsla i sommarmånadene kan ein lure på. Kanskje fordi det var beste årstida for å samlast til ein durabeleg fest?

Festen starta med gudsteneste i fullsett kyrkje. Vel og merke var det stort sett kvinnene og yngre born som gjekk i kyrkja. Dei fleste mennene samlast i vertshuset. Deretter var det opptog ,der mange var kledd i folkedrakt. Opptoget enda i eit stort telt der det vart dansa til eit " Blaskapelle", altså eit lite hornorkester. Musikken var støtt i marsjtakt. Og det vart sjølvsagt servert øl,pølser og andre kjøttretter i store mengder. Ølet drakk ein av literstore krus,"Masskruege".
Og så song mange og særleg dei yngre Kerwa- songen, der fyrste verset lyde slik:
" Die Kerwa is' 'kommen,
die Kerwa is' do,
Die Alten die brummen,
Die Jungen sind froh".

I det heile song tyskarane mykje i festlege samanheng, ofte humoristiske og av og til nokså grovkorna songar. Her fyrst ein humoristisk variant, som vart mykje brukt:
"Es war einmal ein Infantrist.
Der wusste nicht was Liebe ist.
Dann kam ein Brief vom Amtsgericht:
Dann wusste er was Liebe ist.

Og så ein grovare ein, som vart songje litt seinare på kvelden:
" Und hoch auf den Bergen
Da steht a' Fabrik
da werden die Maedel
elektrisch gefickt.
Holleria, hollera,
Holleria,hollera,
Holleria, holleria,hollera".

Ein av arbeidarane på garden, Herman, var ugift, utan veninne og hadde bil, så eg var mykje med honom rundt på "Kerwa". Han drakk øl og kjørde bil, det var heilt vanleg. Når det er sagt, så må det også leggjast til at det var sjeldan å sjå alt for fulle folk på desse festane og elles. Tvertimot var det sett på som skamfullt å bli "overstadig". Folk var truleg så vande med eit jamnt alkoholinntak, at dei også tola mykje meir enn ein nordmann, som har (hadde?) for vane å drikke sjeldnare , men meir når dei fyrst kastar innpå.

Dette var, som nemnt, berre eit par tiår etter andre verdskrig. Det var synlege og usynlege spor etter krigen over alt. Millionar tyskarar hadde mist livet, knapt ein familie var kome frå katastrofen utan tap av slektningar eller andre skader. På stueveggen på Widdumhof hekk foto av nære slektningar som var falne. På vertshuset i landsbyen der vi drakk vår faste øl, hekk eit stort foto i svarte ramer av ein ung mann i Wehrmachtsuniform med jernkrossen på brystet. Det var bror av vertshuseigaren, som var bonde i landsbyen ved sida av å drive vertshus. Ein av arbeidarane på garden hadde mist far sin i krigen.
Rundt bordet på vertshuset gjekk ofte praten om krigen, og kva dei hadde opplevd. Dette var karar i 40-50-årsalderen som fortalde fæle soger om kva dei hadde vore med på. Særleg frå Austfronten vart det skildra bestialske hendingar. Skurken i desse sogene var som regel geriljaen, " die sowjetischen Banditen". Nå gjekk som kjent tyskarane heller ikkje fram med silkehansker, men slik desse karane hadde opplevd Austfronten , så var det geriljaen som med sin råskap utløyste harde tyske mottiltak og represaliar.
På ein av landsbyfestane gjekk praten som vanleg om krigen , og alt det fæle som hadde hendt. Det sat også ein kar i femtiårsalderen ved langbordet, men han var heilt stille medan den eine etter andre fortalde sine historier.
Da dei andre var ute og tok seg ein dans, spurde eg denne mannen om han ikkje hadde vore i krigen. " Jauda", sa han, " men eg likar ikkje å prate om krigen fordi denne store ulykka for meg vart den store lykka. Før krigen var eg landarbeidar på ein storgard. Eg hadde aldri vore utanfor Franken bortsett frå da eg avtente verneplikt i ei kaserne ved Nuernberg. Eg kunne knapt vone på at eg fekk såpass utkome at eg kunne få meg ei kone og familie. Så kom krigen. Eg vart kalla inn til teneste. Eg var med på felttoget i Polen og i Frankrike. Eg var på Balkan og i Italia. Eg fekk sett meg om i Europa, eg var i Paris og Roma, det var eit eventyr. Samtidig var eg med på mykje grufullt, og eg miste mange gode kameratar. Eine broren min fall. Sjølv fekk eg ikkje den minste skade.Så var krigen over, det var mangel på mannfolk. Dei låg att på slagmarkene. Og det var stort overskot av gifteferdige kvinner. Eg fann meg ei som var odelsjente på ein pen,liten gard. Faren og broren hennar var båe falne, ho og mora var glad for at ho fann seg ein mann som kunne ta over og drive garden vidare saman med dei. Det er nokså mange slike som meg, som krigen gav eit betre liv. Men vi likar ikkje prate om det, for det kan høyrast ut som vi gler oss over andres ulykke. Slik er det ikkje. Det er med blanda kjensler at eg fortel dette, men faktum er at eg personleg hadde hatt det verre , langt verre, utan krigen"

Bayern tilhøyrde den amerikansk-okkuperte sonen av Tyskland. Sjølv om Vest- Tyskland i 1967 offisielt ikkje lenger var okkupert,så var det likevel mange amerikanske militærkaserner der, og mange amerikanske soldatar å sjå.
Ein gong vi atter var ute på fest, la eg merke til eit bord der det sat ein 5-6 amerikanske soldatar, i full uniform. Da sa ein av Widdumhof-arbeidarane som eg var saman med: "Sjå på desse stakkarane,der dei sit, isolerte og upopulære, ingen vil ha noko med dei å gjera. Det var jammen bra vi tapte krigen, elles hadde vi nå sitji ved eit liknande bord langt inne i Russland".

Gardbrukaren - som heitte Wallmueller, førenamnet har eg gløymt - oppdaga fort at eg var interessert i historie og politikk, og han likte sjølv å prate om båe emne. Dei andre på garden var nok mindre interessert i slikt, dermed vart det til at han prata di meir med meg.
Etterkvart forstod eg at folk på Widdumhof i eit par generasjonar hadde forsynt lokalsamfunnet sitt med politiske leiarar. Den tidlegare eigaren - altså svigerfar til min " samtalepartnar" - og hans far før dette, hadde vore ordførarar. Svigerfaren (Leonhard Murr)hadde frå tidleg på 1930-talet vore av dei leiande Hitler-tilhengjarane og nasjonalsosialistane i området, og etter at det nasjonalsosialistiske partiet (NSDAP) overtok makta i Tyskland, var han NS-ordførar heile perioden fram til krigsnederlaget og samanbrotet i 1945. Han må ha vore ein populær ordførar, for etter krigen vart han i 1957 innvald i den tyske Forbundsdagen for det Fridemokratiske Partiet(FDP). Han sat som medlem av Det tyske parlamentet fram til 1965, da han slutte i politikken av helsegrunnar. Heile familien var FDP-tilhengjarar.
Dette forklara svigersonen for meg på følgjande måte:
"I krisetidene frå 1929 og framover vart vi nasjonalsosialistar, fordi vi vart overtydde om at berre Hitler og hans parti kunne få Tyskland ut av uføret. Det plaga oss ikkje at dei var anti-demokratiske. Det var jo demokratiet som hadde skapt krisetilstanden. Det plaga oss heller ikkje at nasjonalsosialistane var antisemittiske. Jødane var mislikt ute på bygdene, ikkje minst fordi bankane og andre kreditorar ofte brukt jødar til pengennkrevjing frå gjeldstyngde bønder og andre. Slikt styrka hatet mot jødane. Dei fyrste åra gjekk alt bra, både innanriks og utanriks. Hitler vart dyrka som ein gud, som ein frelsar. Eg var som alle andre i Hitler-jugend, og stod saman med titusenvis av andre ungdomar og jubla på Rikspartidagen i Nuernberg. Det var uforgløymeleg.Ulykka var at Hitler var viljug til å risikere krig med vestmaktene, sjølv om han ikkje ville krig med England. Men så vart det likevel krig, og krigen vart ei katastrofe for Tyskland. Hadde Hitler mist livet i ei ulykke i januar 1939 hadde det vore ei lykke for Tyskland og Europa, og Hitler ville ha vore dyrka som den største helten i tysk historie, større enn Bismarck. Fordi Bismarck samla berre ein del av Tyskland, medan det var Hitler som gjennomførde samling av alle tyskarar - Stortyskland - som også femnde om Austerrike og Sudetenland."
Slik forklara storbonden på Widdumhof korleis han og resten av familien og ( som eg etterkvart kom til å røyne) truleg eit fleirtal tyskarar av hans generasjon såg på nasjonalsosialismen og det Tredje Riket. Dei var i det store og heile svært positive til nasjonalsosialismen både som ideologi og som praksis, men dei var kritiske til den risikable utanrikspolitikken åt " Føraren".
Etter krigsnederlaget ( eller " katastrofen" som bonden konsekvent omtala dette), hadde familien på Widdumhof vorte tilhengjarar av det Fridemokratiske Partiet( FDP). I Vest-Tyskland var det inntil 1970-talet tre store politiske partigrupperingar: Sosialdemokratane (SPD), Kristelegdemokratane (CDU/CSU) og altså det liberale FDP.
I Bayern var CSU sterkaste parti under den karismatiske og populære leiaren Franz Josef Strauss, og han førde ein meir høgreorientert politikk enn CDU i resten av Vest-Tyskland. For meg såg det litt rart ut at den utvilsamt konservative bondefamilien på Widdumhof heldt seg til det liberale FDP, og ikkje til Strauss og CSU. Så ein dag over kvelds-ølet spurde eg han om dette: Kvifor var han og resten av familien FDP-og ikkje CSU-tilhengjarar?
" Det er enkelt å svara på,"sa han."Før var vi nasjonalsosialistar. Etter katastrofen vart vi nasjonalliberale. For oss fanst det ikkje noko alternativ. Sosialdemokratane er agentar for Moskva. Kristelegdemokratane og CSU er agentar for katolisismen og Paven. Fridemokratane er dei einaste som ikkje er ein reiskap for utanlandske interesser. Dessutan innsåg vi at det hadde ført gale av stad å overlate så mykje makt til ein person slik det hadde skjedd under nasjonalsosialismen. Den mislykka Weimarrepublikken hadde ført oss til Hitler. Krigen , som Hitler hadde risikert, og katastrofen som fylgde, hadde ført oss attende til demokratiet".
Omlag slik forklara han korleis familien på Widdumhof tenkte politisk. Eg skreiv det ned like etterpå, så slik eg har gjeve det att her, ligg det nær opp til korleis bonden Wallmueller på Widdumhof hadde ordlagt seg.
Eg var også nyfiken på kva han meinte om jødane og jødeforfølgjingane under Hitler. Som nemnt før hadde han sagt at jødane var mislikt fordi dei ofte var brukt som pengje- innkrevjarar ut på bygdene. Men trass i at eg prøvde, så var det ikkje lett å få ut av han så mykje meir om jødane. Ein gong nemnde han at det var " jødane som stod bak den blodige kommunistrevolusjonen i Muenchen tidleg på 1920-talet og som hadde ført til auka antisemittisme i Bayern".
Men så mykje meir vart det i fyrste omgang ikkje sagt om dette temaet.
Men ein gong eg var inne i storfjoset for å mate grisane om kvelden, kom Wallmueller inn til meg. Han vart ståande å sjå på arbeidet med griseforing. Grisane sprengde seg fram og skubba dei andre til sides for å få mest mogleg av maten. Da sa brått Wallmueller:
" Weisst Du, wenn ich mir das anschaue, faellt mir ein wie aehnlich Juden und Schweine sind: Gleichzeitig frech und feig". Denne kraftsalva kom heilt uventa, og da eg heller ikkje kom på noko fornuftig svar, så snudde han seg berre og gjekk. Eg veit ikkje kvifor han gav frå seg dette på denne måten. Iallfall sa han aldri noko meir om "jødespørsmålet" så lenge eg var på Widdumhof. Eg konkluderte med at iallfall på dette området var min alltid hyggelege og venlege arbeidsgjevar framleis meir nasjonalsosialist enn nasjonalliberal.

Nordmann på garden vekte oppsikt. Så uvanleg var dette utruleg nok - den gongen. Lokalavisa kom og hadde intervju med påfølgjande heilsides oppslag og foto av den norske studenten som fora grisane.
Det vekte støtt litt venleg nyfikne når eg var ned Herman rundt på landsbyfestane. "Aha," vart det sagt," så slik ser ein nordmann ut".

Dei to månadene på storgarden Widdumhof vart avgjerande for mi vidare utvikling. Opphaldet hadde skapt ei sterk interesse for tysk nyare historie, noko som fleire år seinare førde til at eg skreiv hovudfagsoppgåva i historie om Joseph Goebbels og sosialismen i nasjonalsosialismen. Det hadde gjeve meg eit grunnlag for å studere tysk, men eg hadde ikkje lært så mykje tysk som eg hadde hatt von om. Grunnen til dette var at dialektane i mange tyske regionar ligg langt unna, dvs er svært ulik høgtysken; den offisielle tysken utlendingar lærer på skulen. Dialektane i Franken, der Widdumhof ligg, er sikkert minst like ulike høgtysken som dialektane i Ottadalen er ulike norsk bokmål/ riksmål. Ein tyskar som hadde lært norsk bokmål og kom til Vågå, ville forstå lite eller ingenting av Vågå-dialekten. Eg hadde hatt ein glimrande tysklektor på gymnaset, og trudde eg kunne tysk da eg kom til Franken. Men da dei andre arbeidarane på garden opna munnen, forstod eg lite eller inkje.
Etterkvart fanga eg opp ein del, men eg hadde ikkje kome til Tyskland for å lære ein dialekt som tyskarar t.d. i Hamburg , heller ikkje ville skjønt stort av. Heldigvis sa gardbrukaren frå om at dei tilsette hadde å snakke høgtysk når dei prata med meg. Og faktisk gjorde dei stort sett nettopp det, sjølv om det for dei var både kunstig og strevsamt å målbera seg på offisielt tysk. Ein fekk inntrykk av at for dei var det nærmast eit framandspråk. Men også det var ein viktig lærdom; det var ikkje berre i Noreg at vi sleit med ulike skriftspråk og dialektar.

Ein annan lærdom var at tyskarane ikkje var så ulike nordmenn. Dei levde på ingen måte opp til skrekkbiletet som verdskrigen 20 år tidlegare hadde skapt. Stort sett var det hyggelege og greie folk. Samtidig oppdaga eg ,som nemnt, at mange framleis var positivt innstilt til mange sider ved nasjonalsosialismen. Kritikken gjekk mest på at Hitler hadde vore for dumdristig, heller enn at han hadde teke i feil i sak...
Seinare skulle eg koma til å ha mange samtaler med tyskarar frå den generasjonen som hadde levd gjennom og overlevd Det Tredje Riket. Men få forklara på ein så endefram og - trur eg - utilsløra og ærleg måte kvifor dei hadde trudd på og fylgd nasjonalsosialismen og Hitler , som bonden på Widdumhof i Bayern.