Sommaren 2017 var den norske ålmenta vitne til eit politisk lystspel av høg kvalitet, som eg for min del hadde større glede av enn det som vart sendt av tidtrøyte på norsk fjernsyn. Problemet er at det var ikkje så mange andre som såg ut til å le med meg.
Det vart ei einsam glede, men slike gleder er heller ikkje å forakte i vår delvis terroriserte og delvis trivielle tidsalder.
Kva eg siktar til?
Sjølvsagt dei politiske aktørane, dvs skodespelarane, Jonas Gahr Støre og Børre Brende som sloss om kven som likna mest politisk på den nye franske presidenten Emmanuel Macron.
Fyrst ute var AP-leiaren som i Aftenposten 16.7.17 slo fast at "han og Frankrikes nye president hadde mye felles..Han ser flere likhetstrekk mellom Macrons politiske prosjekt og det han selv ønsker få til..". Støre grunngjev dette med at Macron vil ha nærare samarbeid mellom arbeidslivspartane og " brede, progressive løsninger". Vidare trekkjer Støre fram "Macrons klare avvisning av ytre høyre", og det faktum at Macron "ser Europa som en mulighet, ikke som en syndebukk"
Dagen etter står utanriksminister Børge Brende fram i same avis (Aftenposten 17.7.17), og hevdar at Støre er frekk når han samanliknar seg med Macron. Støre og AP har i motsetnad til Macron nedtona EU-spørsmålet; dei vil auke skattane, reversere kommunereform og andre reformar som Solberg-regjeringa har sett i gang. Det einaste Macron og Støre har sams, er at båe snakkar fransk - ifølgje Brende.
Utvekslinga mellom dei to heldt fram. Den 19.7.17 syner Støre til at Macron ser mot Norden og den nordiske modell,"han vil inkludere partene i arbeidslivet, lytte og gi dem medansvar". Svaret frå Brende kjem dagen etterpå, der han skriv at sjølvsagt ser Macron mot Noreg og Norden som modellsamfunn; naturleg nok etter 4 år med høgreregjering. M.a.o. meiner Brende at Macons næraste politiske slektning i Noreg er Børge Brende og Høgre. Reformane Macron vil setja i gang, er dei same som Solberg og Brende er i gang med å gjennomføre.
For meg er krangelen mellom APs Støre og Høgres Brende altså ein ufriviljug komedie. Kvifor?
For det fyrste minner det meg om sume gutungar i barndomen som samanlikna seg med popstjerner og fotballstjerner, og som levde seg heilt inn i rollen som t.d. Elvis eller Kniksen. For alle andre var det komisk, men for hovudaktørane var det blodig alvor.
Når Støre og Brende oppfører seg som gutungar som slåss om kven som er mest lik den nye, unge og kjekke presidenten i det stooore Frankrike, da blir det for meg like komisk.
I tillegg til at det er komisk,er det også pinleg, for dersom vi skal vera litt ryddige, så høyrer vel korkje Støre eller Brende til i Macrons politiske familie?
Støre er leiar for eit sjølverklært sosialdemokratisk parti, eit parti som for ikkje så lenge sidan omtala seg sjølv som forkjempar for den demokratiske eller reformvenlege sosialismen. For ikkje så lenge sidan var det AP-folk, særleg av den meir intellektuelle typen, som søkte inspirasjon hjå Karl Marx og marxistiske tenkjarar. Støres forgjengar som AP-formann, Reiulf Steen, var ein slik ein. Men sjølv om knapt nokon i Arbeidarpartiet lenger kallar seg marxistar, står iallfall AP programmatisk fast på sosialdemokratiet og sosialdemokratisk ideologi. Korleis ein enn snur og vender på det, så er sosialdemokratiet historisk eit ektefødd barn av den marxistiske sosialismen. Fyrst ut på 1920-talet braut AP med den revolusjonære marxismen, og vart etterkvart medlem av den politiske familien som satsa på reform i staden for revolusjon, den såkalla demokratiske og reformvenlege sosialismen i motsetnad til den revolusjonære og diktatoriske varianten.
Ser ikkje Støre og andre AP-folk det komiske i at partileiaren på død og liv vil omfamne den nye liberale presidenten som franskmennene har vald?
Er sosialdemokrati einstydande med liberalisme?
Er den demokratisk sosialismen vorte så utarma og utvatna at han vil bruke lånte fjør frå ein fransk liberalar?
Kvifor er det ingen som ler av denne klossute freistnaden på ideologisk tjuveri?
Børge Brende må iallfall på papiret vera konservativ i og med at partiet hans kallar seg og blir kalla konservativt. Rettnok pyntar Høgre seg ofte med etiketten "libaralkonsrvativ" , truleg for at ingen skal forstå kva dei vil.
Den borgarleg-konservative, "liberalkonservative", kandidaten i det franske presidentvalet var Francois Fillon frå Republikanarane. Han tapte pga ei korrupt fortid. Det er difor i og for seg forståeleg at Brende og Høgre ikkje vil bli mint om kva som er systerpartiet deira i Frankrike. Men derifrå til å kline seg innpå den liberale sigerherren er vel eit for langt sprang?
Kvifor er det ingen som ler?
Støre har argumentert med at Macron inntil nyleg var med i den sosialistiske regjeringa under det tidlegare regimet. Er altså Macron likevel sosialist?
La oss altså sjå på kva Macron sjølv og franske observatørar har sagt om hans politiske ståstad:
Da Macron i 2014 vart utnemnt til økonomiminister i den daverande sosialistiske regjering, omtala han seg ifølgje fleire kjelder sjølv som sosialist. - sjølv om han på dette tidspunktet visstnok hadde vore utmeldt av sosialistpartiet sidan 2009. Andre oppfatta han som moderat sosialdemokrat eller sosialliberal. Han hadde sine støttespelarar både på høgrefløyen av det franske sosialistpartiet og blant ein del borgarleg-liberale politikarar. Macron ville på dette tidspunkt likevel ikkje stå fram som liberal. Dette året(2014)uttala Macron at "dersom liberalisme var slik å forstå at den vil la dei frie marknadskreftene fungere som den sterkaste lov, så var han ikkje liberal".
Men Macron fann truleg ut at Frankrike er ei messe verd, og han fann det ut fort. Alt året etterpå, i august 2015, sa han på eit møte i Vendée: "Eg vil nå vera ærleg, og fortelja dykk at eg ikkje er sosialist". Han erklærte seg nå som liberal, på det politiske og økonomiske området. Sjølv om han altså framleis sat som minister i ei sosialistisk regjering. Rettnok var han påpasseleg med å understreke at han såg liberalismen som ein "venstre-ideologi"("une valeur de la gauche"); han var ikkje ultraliberal, korleis det nå var til å forstå. Ved eit anna høve sa han at liberalisme korkje høyrde heime på venstre-eller høgresida. (Dersom det ikkje finst ein slik høgre-ventre-akse,kan ein rettnok lure på korleis det kan ha seg at liberalismen høyrer heime på venstresida).
Den 27.09.2015 rapporterte avisa Le Monde frå eit møte der Macron var hovudtalar, i eigenskap av økonomiminister. Han hadde da vore minister i den sosialistisk leia regjeringa under Valls i over eit år. Men han var som nemnt ikkje medlem av det regjerande sosialistpartiet ( PSF). Macron vart teke inn i regjeringa som fagmann, som teknokrat, ikkje pga partibok. Dette er ikkje uvanleg i Frankrike.
På ovannemnde møte i 2015 stadfeste Macron (iflg. Le Monde) enda ein gong at han er tilhengjar av liberalismen, at liberalismen høyrer heime på den politiske venstresida, og at Frankrike nå måtte gjennom vidtfemnande reformar i økonomi, administrasjon, sosialpolitikk osv. Ulikskapane i samfunnet må nedkjempast ved at at alle får same høve til utdaning, arbeid og det gode liv. Frankrike måte opne seg for globalisering og konkurranse, ikkje stengje seg inne.
I eit intervju med nettutgåva av Le Figaro 12.5.17 uttalar Alexis Vintray, som leiar tenkjetanken Contrepoints, at Macron vil erstatte skiljet mellom venstre og høgre i fransk politikk med skiljet mellom liberal og konservativ. Og han (Macron) reknar seg altså sjølv til dei liberale. Dette gjer han med god grunn ifølgje Vintray, som syner til at Macron er talsmann for liberale fanesaker som lågare selskapsskatt, forenkling av regelverket for arbeidslivet, premiering av suksess og vilje til å yte; han er for "Uber-samfunnet",globalisering og internasjonal konkurranse. Men Vintray meiner likevel at Macrons profil hittil minner mindre om venstreliberalisme enn om eit modernisert sosialdemokrati. "Dette er Frankrike som oppdagar Schrøder eller Blair 25 år på etterskot". I alle fall så er Macrons form for liberalisme noko som kjem ovanfrå - frå Staten. "Macron vil liberalisere Frankrike gjennom staten, ikkje gjennom individet" - skal vi tru Vintray. Dette samsvarar i så fall med gamle franske tradisjonar der dei fleste endringar har kome ovanfrå med unntak av dei 3-4 gongene i fransk historie da franskmennene greip til revolusjonære middel, som oftast endte i terror og elende.
I ei bok ("Revolution")som Macron gav ut i november 2016, etter at han hadde gått av som minister, presenterte han seg på ny som heimehøyrande på venstresida og som liberal.
Så vi kan trygt seia at i den korte perioden som minister kjørde Macron politisk slalåm mellom sosialisme og liberalisme. Da han etter brotet med sosialistpartiet endeleg skipa si eige politisk rørsle "Republique En marche!", vart denne plassert ideologisk over eller bortanfor venstre-høgre-skiljet i fransk politikk. "Det verkelege skiljet i vårt land går mellom framstegsvenlege ("progressistes") og konservative", sa Macron.
Ein leiande tenkjar på verdikonservativ side i Frankrike, Alain de Benoist, skriv følgjande om Macron og hans ideologiske ståstad: "Emmanuel Macrons maktovertaking symboliserer sameininga av den sosiale venstreliberalismen og den økonomiske høgreliberalismen, og kan såleis tene til å klargjera ein gong for alle at liberalismen i sin kjerne er "progressivistisk" og ikkje konservativ, for å bruke eit omgrep som påny kjem på moten. Det er nettopp dette som Guillaume Bernard forklarar svært godt:"Kombinasjonen av liberalisme og konservatisme kan ved fyrste augnekast verke forførande: Liberalismen for økonomien, konservatismen for samfunnet. Men dette er å miskjenne den liberale doktrinen som byggjer på individualismen og subjektivismen. Det er i seg sjølv og for seg sjølv at den enkelte avgjer korleis livet hans skal bli. Det finst ikkje objektive verdiar , men berre konsensus skapt av individuelle viljer som møtest. Liberalismen ber med seg øydeleggjinga av sosiale tradisjonar..." Dette må ein forstå dersom ein vil vinne slaget om ideane"(1).
Eg har sjølv opplevd Macron på eit valmøte framfor eit stort og entusiastisk, ungt og urbant publikum. Ideologisk framstod han her som ein venstreliberal sentrumspolitikar, som vil reformar av økonomien, av finans- og skattepolitikk; som vil satse på djupare EU-samarbeid, og er positiv til globalisering og frihandel, som er liberal i innvandringsspørsmål, menneskerettist og pratar varmt om likestilling og om rettane til seksuelle og etniske minoritetar.
Det er sett frå norsk synsvinkel ikkje så mykje nytt i dei enkelte elementa i Macrons politiske bodskap. Når Macron har kopla saman sosial, politisk og økonomisk liberalisme på denne måten, så framstår dette likevel som noko nytt i fransk samanheng.
Liknar Macron ideologisk mest på Støre eller Brende?
Eg tykkjer han minner mest om det norske Venstre. Så kvifor har ikkje
Skei Grande hekta seg på Macron og late hans blanke rusting skine litt på stakkars Venstre som seigpinast så gudsjammerleg rundt sperregrensa ?
Kanskje fordi Macron ikkje har så mykje nytt å by på i andre land enn Frankrike?
Når alt dette er sagt, så trur eg likevel at både Macron og sume franske kommentatorar - som synt ovanfor - er inne på noko viktig når dei meiner at det tradisjonelle høgre-venstreskiljet i politikken er i ferd med å bli erstatta av eit skilje mellom liberale og konservative. Ein kan lett finne andre ord-par for å karakterisere dette skiljet t.d.: Internasjonal- nasjonal, progressiv-tradisjonsbunden, urbane eliter-folk. Når Macron plasserer sin liberalisme på venstresida, så er dette i samsvar med idéhistorisk, fagleg basert språkbruk. Konservative statsmenn heilt frå Bismarck og Disraeli har alle sett ein hovudmotstandar i liberalismen. I USA ( i motsetnad til t.d. Noreg ) blir "liberal" framleis brukt synonymt med venstreorientert.
Så kanskje er liberal versus konservativ også i våre dagar alt i alt dei omgrepa som fortel meir om kven som finst att på den eine eller andre sida av det politiske hovudskiljet, enn høgre-venstre-skiljet.
Tidlegare Høgre-politikar og nå leiar for den liberale tankesmia Civitas, Kristin Clemet, hadde ein kronikk i Aftenposten 30.7.17 der ho langt på veg vedgjekk at også i Noreg har det tradisjonelle høgre-venstre-skiljet vorte mindre viktig, "fordi andre konfliktlinjer er blitt mer aktuelle ".
Clemet peikar på fleire saksområde som har skapt nye skiljeliner mellom norske politiske parti. For det fyrste ser ho på haldningar til globalisering og internasjonalisering, dvs. frihandel og multilaterale avtaler og EU/EØS. Overfor desse saksområde plasserer norske parti seg annleis enn dei gjer på høgre/venstre-aksen - skal vi tru Clemet: "Her står nemlig Høyre, Arbeiderpartiet, Venstre og KrF på den ene siden, som er de mest positive til frihandel, multilateralisme og EU/EØS, mens FrP, SV,SP og Rødt er på den andre".
Eit anna viktig saksområde er innvandring, der Clemet (etter mi meining med rette) meiner det er viktig å skilje mellom europeisk arbeidsinnvandring og utanomeuropeisk såkalla flyktning- og asylinnvandring. Om dette skriv Clemet:"Her har FrP den mest restriktive politikken, mens Rødt, KrF, SV og Venstre er de mest liberale. Høyre og AP og SP står i en mellomposisjon".
Ei tredje skiljeline skapar klimaspørsmål og tiltak mot påstått menneskjeskapt global oppvarming. Her skil Clemet mellom dei som vil prioritere vern av klimaet og dei som vil gje økonomisk vekst forrang."Her blir gjerne Venstre, SV og MDG, og til dels KrF, plassert på den ene siden, som de partiene som er mest opptatt av å ta vare på klmaet, mens Høyre, AP,FrP, og til dels også Sp, gjerne blir plassert på den andre siden". Ei anna grenseline er ifølgje Clemet viljen til samfunnsendring og reform, og konkluderer med at:"Mitt inntrykk ..er nok likevel at Sp,SV og il dels Ap og KrF plasserer seg på tradisjonalistenes side, men Høyre, FrP, Venstre og MDG har større vilje til forandring".
Andre skiljeliner Clemet dreg opp er den moralsk-religiøse (synet på homo-ekteskap, surrogati,KRLE-faget), der ho plasserer KrF og Sp på den konservative fløyen med Venstre på den motsette ytrefløyen, medan Ap, Høgre ligg på mellomposisjonar. Endeleg dreg Clemet fram motsetnaden by-land. Denne er i norsk samanheng ikkje berre eit geografisk skilje:"Opprinnelig var den ment å beskrive en geografisk akse - bokstavelig talt by mot land - men i dag snakker man vel så ofte om sentrumperiferi-aksen, fordi den også har en ideologisk dimensjon, som blant annet målbæres av en folk- og eliteretorikk". Clemet plasserer ikkje uventa Senterpartiet ytst på anti-elite-aksen, som det partiet som er "mest opptatt av å ta vare på distriktene og ..som også har markert seg med en retorikk som retter seg mot makteliten i Oslo".
Det Clemet ovanfor har påpeikt av faktiske politiske posisjonar, er det nokså lett å seia seg samd i. Det er på dei fleste punkt innlysande riktig.
Derimot kan det reisast spørsmål ved omgrepsramma som Clemet set dette inn i, nemleg plasseringa av dei ulike posisjonane og haldningane på ein høgre-venstre-skala.
Ein kan lure på kva klima har med høgre-venstre-skiljet , med vekst kontra vern, å gjera. Av ein eller annan uforståeleg grunn har klimaseksepsis vorte knytt til høgresida - klimaskepsis her definert som skepsis til at den utvilsame endring av klimaet som skjer, er menneskeskapt. Kvifor er det så uvanleg at folk på venstresida er skeptiske til faglege autoritetar i akkurat dette spørsmålet? Elles er dei jo ofte i opposisjon til det meste.
Plasseringa av by-land/folk-maktelite-motsetnaden i på ein høgre-venstre-skala er også litt sært. Partiet Høgre har tradisjonelt stått sterkt i byane, men hatt ein veik posisjon på bygdene. Senterpartiet og tidlegare Bondepartiet tok seg av dei konservative fanesakene på bygdene.
Skal ein tilhengjar av grenselaus frihandel og globalisering plasserast på høgre- eller venstresida? På dette politikkområdet ser det ut til Clemets høgre-venstre-akse har vorte til ein sirkel, motstand og skepsis mot globalisering finst både langt til "venstre" og langt til "høgre".
I dei raske reformane som den nåverande norske regjering har gjennomført, kjem den største entusiasmen frå det venstreliberale støttepartiet Venstre. Ein kan forstå at liberale parti har det travelt med å reformere, men dette er vel ikkje tradisjonelt høgrepolitikk?
Dei venstreliberale og liberale av alle partifarger er også samde om å imøtekoma alle krav frå dei brokute gruppene av seksuelle minoritetar. Noko som på ingen måte kan definerast som konservatisme.
Clemet trekkjer ingen eintydige konklusjonar av sin eigen kronikk, men ein konklusjon som etter mi meining klart avteiknar seg, er den ho sjølv legg opp til: Høgre- venstre-skiljet, høgre-venstre-aksen er ikkje til stor hjelp for å teikne det norske politiske landskapet. Iallfall blir det spesielt ubrukeleg når ein ikkje definerer kva ein legg i omgrepa høgre og venstre; og det gjer altså ikkje Clemet. Ho ymtar frampå om at synet på privatisering og konkurranse plasserer vedkomande til høgre eller venstre. Dette har i så fall lite å gjera med dei idéhistoriske omgrepa høgre og venstre. Derigjennom har det mykje å gjera med liberalisme, og kor langt eller kort ein vil gå i liberal retning.
Sjølv om det er stor ulikskap mellom det politiske landskapet i Frankrike og Noreg, så kan det kanskje vera grunn til å sjå på om den omgrepsbruken den nye franske presidenten har innført ( jfr. ovanfor), kan vera relevant også for norske tilhøve.
Macron definerer som sagt seg sjølv som "liberal og progressiv"; ein posisjon han set i motsetnad til "konservativ". Han oppfattar liberalisme som heimehøyrande på venstresida.
Skiljelina mellom liberal og konservativ bør erstatte den tradisjonelle skiljelina mellom høgre og venstre ("droite et gauche") i fransk politikk - ifølgje Macron. Dersom vi avgrensar oss til å sjå på det som var utgangspunktet for denne artikkelen, nemleg kven av Ap og Høgre som står nærast Macron, så er det klart at på dei fleste saksområde skissert i Clemets kronikk så framstår Høgre som eit liberalt parti: Det prøvar å drive gjennom reformar, som mange ikkje vil ha, i eit høgt tempo. Dette er på ingen måte konservativt men på alle måtar liberalt. Ap har vingla, men har fylgt ei meir konservativ line.
Høgre er frihandels-,globaliserings - og EU-venleg, heilt på line med den liberale Macron, og i delvis motsetnad til Ap. Partiet er pragmatisk-varsamt i asyl-/innvandringsspørsmål, ikkje ekstremliberalt som Venstre, men omlag like liberalt som Arbeidarpartiet. Høgre har kasta alle konservative prinsipp overbord når det gjeld moral og etikk, og er vidopne for alle krav frå alle tenkjelege seksuelle minoritetar. I desse sakene er det liten skilnad på Ap og Høgre.
I sentrum-periferi-diskusjonen framstår Høgre som ein forsvarar av urbane og urban-elitære verdiar, i tråd med si eige partihistorie. Det nye er at det som tidlegare måtte ha eksistert av verdikonservative innslag, er effektivt utradert. Her framsyner Ap ein meir blanda profil. Partiet har trass alt framleis sine bastioner på bygdene, og er under press frå det delvis nasjonalkonservative og iallfall bygdekonservative Senterpartiet.
Konklusjonen må altså bli at Børge Brende hadde meir rett enn Jonas Gahr Støre da han hevda at Høgre stod nærare Macron og hans ny-liberale posisjonar enn Ap.
Men kva fortel det om Høgre?
Meg fortel det at Høgre nå bør slutte å kalle seg eit konservativt parti. Same korleis ein definerer konservativt, må ein bruke mikroskop for å finne restar av konservatisme i partiprogram og politisk praksis hjå partiet Høgre. Når Høgres utanriksminister nå er så ivrig etter å pynte seg med lånte fjør frå den venstreliberale Macron - som sjølv ser seg som det motsette av konservativ
- så burde Høgre ta steget fullt ut og heretter definere og omtale seg som liberalt.
Kva fortel det om Arbeidarpartiet og Ap-leiaren Støre at dei spring etter Macron? Fyrst og fremst kanskje at partiet ikkje veit kvar det sjølv står og kva det vil. Håkon Lie visste kva som var sosialdemokrati, og kva som var liberalisme og kva som var kommunisme.
Støre talar ein dag om at den liberale Macron er hans politiske åndsfelle, etter at han nokre dagar før hadde gått hand i hand i 1.mai-tog med leiaren for det venstre-ekstreme Rødt, Moxnes. Eller er kanskje arvtakarane etter norsk maoisme og stalinisme også i ferd med å bli liberale? Partiet Raudts syn på moralspørsmål og innvandring - slik Clemet har påvist i sin Aftenposten-kronikk - høyrer iallfall heime i den liberale folden.
Skiljelina går altså mellom ulike sjatteringer av "progressivsme" og liberalisme på den eine sida, og ein nasjonal, tradisjonsberande og verdiorientert konservatisme på hi sida. Problemet er at alle ser ut til å ville vera liberale, men få kjenner seg kalla til å lyfte den konservative fana. Innslag av slik konservatisme finst både i FrP, SP, KrF og til og med i Ap, men knapt nok i det einaste partiet som kallar seg konservativt, nemleg "Høgre".
Kanskje det kan seiast slik at det nokså konsekvent liberale Høgre gjennom sin misbruk av salsskiltet konservatisme, har vanskeleggjort eller umogleggjort bruken av dette omgrepet i norsk samanheng og i Noreg.
Det ville difor nyttig og ryddig om Høgre nydefinerte seg som eit liberalt parti.
(1) Nettavisa Boulevard Voltaire 29.07.2017