Nokre paradoks

I Noreg er det færre og færre par som giftar seg; over 60% av born blir fødde utanfor ekteskap. Men i ei gruppe har ekteskapet aldri stått sterkare: Blant dei homoseksuelle. Dei vil gjerne gifte seg, og aller helst i kyrkja, heilt omvendt av tendensen elles. Ikkje berre giftar dei seg; dei forlovar seg også. Blant fleirtalsseksuelle er det eit ørlite mindretal som forlovar seg

Norske styresmakter har gått lengre enn andre land i kvotering av kvinner til leiarstillingar i offentleg sektor, og i gjennomføring av lovvedtak om kvinnerepresentasjon i bedriftsstyre. Feminist- og kvinneorganisasjonar vil ha kvotering av kvinner også på andre område, som i filmproduksjon og kulturliv elles. Men kvifor er det ingen som har sett fram krav om kvotering av kvinner til stillingar som flypilot,sjøkaptein, kirurg?

Eg las eit intervju med ein anti-rasist. Ja, han kalla seg så. Ei sak han var oppteken av, var at det ikkje finst menneskjeraser, dette var uttrykk for ein reaksjonær illusjon. Men kvifor kallar han seg da antirasist? Dersom det ikkje finst raser, finst det vel heller ingen rasistar? Og utan dei siste har vel antirasisten mista sitt eksistensgrunnlag?

Det europeiske landet som hadde det største kolonirike utanfor Europa i høve til folketalet - Portugal - var og er også langt fattigare enn dei hine, tidlegare, europeiske kolonimaktene

Menn og kvinner konkurrerer kvar for seg i langrenn, fotball og boksing, frå NM til OL - naturleg nok.
Men kvifor konkurrerer menn og kvinner kvar for seg i SJAKK?

Før heitte det fengselsstyret,og institusjonen hadde som namnet sa, ansvaret for administrasjonen av norske fengsel.
Nå er namnet endra til "kriminalomsorgen". I ordbøkene er omsorg synonymt med omhug,omsut og omtanke.
Det er godt å veta at nokon har dagleg omsorg, omsut, omhug,omtanke for den pedofile sadisten som valdtok ein femårig jentunge.
Men kvar er den offentlege institusjonen som har omsut for offeret; "Offeromsorgen"?

21 politiske og militære leiarar som hadde tent det nasjonalsosialistiske Tyskland, stod hausten 1945 tiltala framfor Nürnberg-domstolen. Dei var tiltala for brotsverk under den 6 år lange verdskrigen som nyleg var over; den blodigaste og mest vidtfemnande krigen i manneætta si lange og konfliktfylte soge. Rettssaka i Nuernberg vart gjennomført på omlag 11 månader, frå 20.11.1945 til 1.oktober 1946. Rettssaka endte med 12 dødsdomar, 7 fengselsdomar og 3 frifinningar.(Martin Bormann vart dødsdømt in absentia,slik at 22 domar vart avsagde).
FNs internasjonale krigsbrotsverkstribunal i Haag (ICTY)vart etablert for å rettsforfølgje brotsverk under krigen og borgarkrigen i det tidlegare Jugoslavia. Dei mest kjende namn mellom dei tiltala var den serbiske statsminister Slobodan Milosevic, general Ratko Mladic,leiaren for serbarane i Bosnia-Herzegovina,Radovan Karadzick, nasjonalistleiaren Vojeslav Seselj og leiaren for Srpska Krajina,Goran Hadzic. Saka mot Milosevic pågjekk frå 2001 til 2006. Etter 5 års rettssak døydde den tiltala i fangenskap,utan at dom var fallen. Rettssaka mot Karadzic starta i oktober 2009 og dom fall etter 7 år, i mars 2016(40 års fengselsstraff). Seselj stod framfor retten frå 2006 til 2009, da domen fall(frifunne). Saka mot Hadzic rulla og gjekk frå 2011 til 2016, da saka vart avbrote fordi den tiltala var for sjuk til å vera til stades i rettssalen. Rettssaka mot general Mladic har vore i gang sidan 2012 etter at han vart utlevert til Haag i 2011. Dom er venta før utgangen av 2016 eller i 2017. ICTY har altså brukt 5 år eller meir på dei fleste av "sine saker", etter konfliktar som var av langt mindre omfang og kompleksitet enn dei som gav opphavet til Nürnbergdomstolen.
Denne heilt ulike tidsbruken i desse to domstolane med like oppdrag, reiser eit par spørsmål:
Har rettssakene i Haag teke for mykje tid, eller var det Nürnberg-rettssakene som ikkje varde lenge nok? Har Haag-rettssakene vore for grundige? Eller var ikkje Nürnberg - domstolen grundig nok?
**

Aldri har nordmenn reint statistisk hatt så kort arbeidstid, lange feriar og rikeleg med fritid.
Aldri har nordmenn klaga meir over stress, påkjenningar og "tidsklemme".
Aldri har så mange nordmenn vore borte frå jobben pga "sjukdom"

I dei illustrerte utgåvene av Snorre Sturlasons Heimskringla om dei norske kongane blir kongane oftast framstilt som gamle gubbar med langt skjegg.
Skjegg hadde dei sikkert, men desse kongane vart sjeldan så gamle som dei ser ut på teikningane av Werenskiold,Egedius,Krogh,Munthe m.fl.:
Håkon Adalsteinfostre, var litt over 40 år da han fall i slaget på Fitjar. Olav Trygvason var vel 30 da han hoppa i havet frå Ormen Lange i slaget ved Svolder. Olav Digre&Heilage var mellom 35 og 37 år da han vart stukken og hoggen ned på Stiklestad. Sonen,Magnus den Gode, var 23 år da han døydde på felttog i Danmark.
Olavs halvbror , Harald Hardråde, vart rettnok litt eldre. Han var over 50 år da han let livet ved Stanford Bridge i 1066. Sonen, Olav Kyrre, livde eit langt fredelegare liv enn både faren og den heilage onkelen, men han vart likevel berre litt over 40 år gamal. Magnus Olavsson Berrføtt likna meir på farfaren enn på faren, og levde opp til sitt eige slagord:"Kongar har ein til ære, ikkje til eit langt liv". Han var 30 da han fall på krigsstigen i Irland. Magnussønene, Øystein og Sigurd(Jorsalfar) var som kjent svært ulike. Sigurd drog på krosstog til det heilage land. Øystein heldt seg heime, og let byggje kvilebuer for pilegrimane som for over Dovrefjell , og for fiskarane i Lofoten. Da Sigurd kom heim,etter si eventyrlege utanlandsferd og måtte høyre på broren skryte av denne hyttebygginga, vart han sinnsjuk,og døydde, berre 40 år gamal.
Høgst alder av alle mellomalderkongane våre nådde den aller fyrste i rekkja, rikssamlaren sjølv, Harald Sigurdsson Hårfagre, som vart over 70, kanskje bortimot 80 år gamal. Men denne eldste av dei alle har Erik Werenskiold rettnok teikna som ein yngling den dagen da han let dei fagre lokkane falle. Riket var samla. Gyda hadde fått det som ho ville, og Harald nå også som han ville med henne, må vi tru.
Arvtakaren, Eirik Blodøks, er den nesteldste av mellomalderkongane; han var 59 år da han fall under eit slag i Northumbria. Denne andreplassen deler han med Håkon Håkonsson, som fekk tilnamnet Håkon "den Gamle" - etter at han hadde sytt for å få Snorre Sturlason drepen. Drapet var ingen hemnaksjon for omtalen Snorre hadde gjeve av honom i Heimskringla, for den vart avslutta før Håkon kom inn på scenen. Men trass i ein uventa og valdeleg daude kunne Snorre trøyste seg med at han nådde ein høgre alder (61-62 år) enn både Håkon Håkonsson og nokon av dei norske kongane han hadde skrive om, med unntak av Harald Hårfagre.
Håkon Håkonsson døydde i Kirkjuvågur(Kirkwall) på Orknøyane i 1263 etter det mislykka felttoget mot Skottland. Håkon den Gamle, var da 59 år gamal...
Med unntak av Harald Hårfagre, Eirik Blodøks, Håkon Håkonsson og Harald Hardråde vart ingen av dei omlag 30 norske kongane mellom 874 og 1319 over 50 år gamle. Dei aller fleste døydde før dei vart 40 år.

Internasjonale målingar syner at norske elevar på vidaregåande skule scorar dårleg jamført med andre vestlege land m.o.t. kunnskapar i sentrale skulefag - realfag, språkfag, norsk.
Trass i at Noreg brukar meir pengar enn andre europeiske land på undervisning og skulestell, ligg vi likevel nær botnen i resultat. Samtidig når russefeiringane nye høgder i omfang og kostnader. Sist nytt (januar 2017) er at fyrsteklassingane på vidaregåande tek til å bu seg på russebusskjøp, og har årlege samlingar og feiringar fleire år før slutteksamen.
Finst det ein samanheng mellom prestasjonar og feiring?
Sjølvsagt: Di dummare elevar, di dummare feiring

USA har ikkje noko kulturdepartement.
Island har eit kulturdepartement.
Er dette eit paradoks?
Ved nærare ettertanke: Kanskje ikkje.

50-60 år etter den såkalla frigjeringa av dei européiske koloniane kan vi dra ein førebels konklusjon:
Det var ein tragedie for heile Europa at nokre europeiske stormakter fekk seg koloniar i Afrika.
Det var ein tragedie for Afrika at Europa gav opp herredømet over desse koloniane

Di fleire lover, di mindre rettferd. Di meir teologi, di mindre religion. Di meir moralisering, di mindre moral