Thilo Sarrazin heiter ein kar som lever i Tyskland. Han er fødd i 1945, og studerte økonomi som endte i ein doktorgrad ved Universitetet i Bonn. Deretter hadde han ein lang karriere som leiande embetsmann i det tyske føderale Finansdepartementet og andre statsorgan. Han var aktiv i det sosialdemokratiske partiet (SPD), og fekk etterkvart høge politiske stillingar i stat og styringsverk. Han var statssekretær i finansdepartementet i delstaten Rheinland Pfalz, og han avslutta yrkeslivet som Finanssenator i Berlin frå 2001 til 2009. Etter dette vart han(i 2010) utpeikt som medlem av styret i den tyske Sentralbanken(Bundesbank)
Same året vart han pensjonist, og han kunne resten av livet ha levd eit godt, fredeleg og kjedeleg liv som statspensjonist og fortent samfunnsstøtte. Men han gjorde ikkje dét. Han sette seg ned og skreiv i rask rekkjefølgje fem bøker, som har kome i store opplag, vekt stor brudulje og endra den politiske debatten i Tyskland. Bøkene er i kronologisk følgje: "Tyskland avskaffar seg"(2010), "Europa treng ikkje euroen"(2012), "Den nye dygdeterroren"(2014), "Ynskjetenkjing"(2016), og"Fiendtleg overtaking"(2018). Titlane gjev litt men ikkje særleg peiling på tematikken i bøkene. Svært kort fortalt set fyrste boka ("Tyskland avskaffar seg") søkjeljoset på problema som kombinasjonen av eit overdrivi raust velferdssamfunn og masse-innvandring, fallande nivå på undervisningsvesenet og manglande reproduksjon særleg av dei dyktigaste, skapar i Tyskland. Den andre ('Europa treng ikkje euroen") er ein kritikk av den sams EU-valutaen og Tysklands og andre EU-lands handtering av euro-krisen . Både fyrste og andre bok utløyste valdsam kritikk og hatske åtak frå politikarar, media og andre med påstandar om at Sarrazin målbar "rasisme","anti-islamisme" og liknande lett attkjenneleg sjikane. Bøkene er rettnok klare og hardtslåande i argumentasjonen, men er - som eg seinare skal syne - samtidig gjennomført saklege i argumentasjonen og med godt grunnlag i statistikk og fagøkonomisk tenkjing. Forfattaren har jo trass alt ein doktorgrad i økonomi! Likevel vart han altså utsett for sterk og aggressiv kritikk, og det kom krav om at han måtte kastast ut av det sosialdemokratiske partiet.
Kva var det som gjorde venstresida så rasande?
For å gje svar på det, vil eg gå gjennom den fyrste boka "Deutschland schafft sich ab" - Tyskland avskaffar seg sjølv med undertittelen:"Wie wir unser Land aufs Spiel setzen" - "Korleis vi set landet vårt på spel".
Innleiingsvis skriv Sarrazin at dagens Tyskland er i sluttfasen av ein økonomisk gullalder som tok til omlag 1950. Realinntektene til tyske arbeidstakarar har ikkje gått opp på 20 år, og seinast om 10 år kjem dei til å gå ned(1). Frå 1950 til 1960 vaks den vest-tyske økonomien derimot med 8% kvart år. Arbeidsløysa gjekk ned frå 11% i 1950 til 1,3% i 1960(2). Realinntekta steig med nesten 70% pr innbyggjar i ti-året 1950-1960. Alt i 1952 hadde Vest-Tyskland gått forbi sigerherren frå verdskrigen, Storbritannia, i BNP, og i 1955 gjekk vest-tyskarane forbi Frankrike i BNP pr. innbyggjar(3). I denne perioden oppnådde den tyske staten og den gjeldande samfunnsordninga eit "legitimasjonsnivå" som aldri før eller seinare i tysk historie. Men i denne perioden - skriv Sarrazin vidare - vart det også gjort vedtak og vegval, som sette i gang ei feilutvikling med konsekvensar som fyrst mykje seinare skulle bli synlege. Dette gjeld fire "temakompleks som heng saman med, og innverkar på kvarandre", nemleg dei demografiske og generetive åtferdsendringane; stimuli som vart bygde inn i det tyske sosial- og velferdssystemet; sosialisering, utdanning og motivering av borgarane; og endeleg kvaliteten på, strukturen av og den kulturelle bakgrunnen åt migrantane til Tyskland (4). Desse feilaktige vegval har ført til at det tyske folket "blir mindre og dummare". Sarrazin spør:"Kvifor skal klimaet om 500 år interessere oss, når det tyske samfunnsprogrammet går ut på å avskaffe tyskarane?".
Etter denne provokative innleiinga gjev han eit historisk omrit av stats- og samfunnsutviklinga frå Egypt til det moderne Vest-Europa(5). Sarrazin meiner å kunne slå fast at følgjande faktorar støtt har prega utviklinga åt menneskeætta:
- Det har støtt funnest sosiale organisasjonsformer som går ut over, og rekkjer vidare enn dei reine familie-samband.
- I desse organisasjonsformene har det støtt funnest eit hierarki.
- Hierarkiet i dei vidare sosiale organisasjonsformene var støtt avhengig av at det hadde tilgang til ( å utøve) vald.
Stabile samfunnsformer knyter i hop områda politikk, kultur og økonomi på følgjande måte:
- Politikk: Trygging og avklaring av den ytre tryggleiken gjennom militære maktmiddel og av det indre maktspørsmålet enten gjennom valds- og maktmiddel, eller tradisjon, eller institusjonelle reglar. For det meste handlar det om ei blanding av desse tre elementa.
- Kultur: Legitimering av herredømme og hierarki gjennom eit religiøst overbygg eller gjennom ein alment akseptert verdikanon.
- Økonomi:Legitimering gjennom at den har skapt tryggleik og høve til materiell velferd.
Di betre desse områda var organisert og kunne knytast i hop med kvarandre, di meir stabil var samfunnet og vedkomande samfunns statlege organisasjonsform, og di lettare kom dei seg gjennom tider med indre uro og ytre påkjenningar.
Sarrazin illustrerer desse utsegnene med nokre døme:
Egypt: Velstanden i denne staten gjennom 3000 år vaks fram frå den kunstige vatninga og det rike landbruket i Nildalen, som gav grunnlag for ein kompleks statleg organisasjon. Den ytre tryggleiken var (lenge) lett å sikre, fordi landet var omgjeve av ørken. Det indre maktspørsmålet var avklara gjennom det hierarkisk organiserte diktaturet til Pharao-ane. Makta var legitimert gjennom samanfallet mellom verdsleg og religiøsts herredømme. Dette skapte føresetnadene for ein stabilitet som varde i tusenvis av år.
Romarriket: Grunnlaget for utviklinga av Romarriket og den lange stabiliteten i denne staten, var det strukturelt overlegne romerske militærvesenet. Takk vera denne overlegenskapen kunne Riket vekse i 700 år, og var deretter stabilt gjennom 400 år da Riket hadde si største utstrekning. Systemet var til og med smidig nok til at det greidde å fordøye eit skifte av statsreligion. Men di større Riket vart i utstrekning, di mindre funksjonsdyktige vart makt-institusjonane i den gamle by-staten. Men det lykkast romarane å utvikle ein ny institusjon; nemleg Keisaren som samtidig var Gud - Guds-Keisar-Riket. I 400 år fungerte denne organisasjonsforma som sameinte romersk-demokratiske og orientalske styringsformer på ein føremålstenleg måte. Samanbrotet i Romarriket kom ikkje innan- men utanfrå; rettnok hjelpt fram av indre utviklingsdrag - særleg dekadense og fødselskollaps i dei førande sjikt .
Europa: Undergangen til det vest-romerske riket førde til eit sivilisatorisk samanbrot, som Europa fyrst 700 år seinare greidde å reise seg etter. Men frå omlag år 1000 kom det ei rad viktige nyvinningar og oppdagingar: Jernplogen kom i bruk omlag på denne tid. Innføring av 3-vekselbruket eigde rom ca 100 år seinare.Deretter fylgde oppfinning av kompasset og det mekaniske uret i respektive det 12. og 13.hundreåret. Det 14.hundreåret såg innføring av svartkrut og det 15.hundreåret oppfinning av skytevåpen. Oppfinning av bokprentekunsta i det 15. hundreåret, og oppdaginga åt Kopernikus i året 1543 av at planetane krinsa om sola var dei førebelse slutt- og høgdepunkt i ei utvikling som la grunnlaget for moderniteten, basert på "ei åndshaldning som utan atterhald var orientert mot det faktiske og det faktisk eksisterande"("..zeugt von einer voraussetzungslos dem Tatsächlichen zugewandten Geisteshaltung")(6). Så fylgde reformasjonen som frigjorde tenkjinga frå religiøst og statleg overformynderi, og skapte føresetnadene for opplysningsfilosofien og sekulariseringa. Denne framgangen i vitskap og teknologi førde i sin tur til ein dramatisk folke-auke i Europa og resten av verda. Rundt år 1000 levde omlag 300 millionar menneskje på kloten; ikkje særleg fleir enn på Kristi tid. I året 1500 var folkemengda kome opp i 500 millionar; alt år 1800 var talet 1 milliard, 1920 2 milliardar og i våre dagar lever over 7 milliardar på jordkloten. Denne folke-eksplosjonen reiser iflg. Sarrazin to hovudspørsmål:
Kan jorda på lengre sikt reint fysisk fø og kle så store folkemengder? Kan så mange menneskje leva på velstandsnivået åt dei vestlege industriland utan å tøme naturressursane?
Eit tredje spørsmål som heng nære saman med dei to ovannemnde er om dei "særeigne mentalitetar og evner s0m førde til utviklingsforspranget åt Europa(og USA)" kan bli endra negativt som følgje av dei rammevilkår som velferd og velferdsstaten har skapt. Ein konsekvens av dette økonomiske forspranget og av den demografiske eksplosjonen er migrasjonen frå sør til nord, med endring av folkesamansetnaden i nord som resultat. " Sjølv om dei genetiske skilnadene mellom menneskje og folk verda rundt ikkje er så store, er det store mentalitetsskilnader mellom folk og samfunn". Sarrazin avsluttar dette innleiande kapitlet med å slå fast at "all forsking har synt at økonomiar, samfunn og statar er dimeir framgangsrike, dimeir folkestnaden er flittig, godt utdanna,føretaksam("unternehmerisch") og intelligent". Lenge klatra Tyskland stadig lenger oppover på denne stigen, men "talrike indikatorar" tyder på at Tyskland og tyskarane "nå er på veg nedover". Om dette er riktig, korleis det kjem til uttrykk og om korleis dette evt. kan motvirkast, er tema for denne boka - skriv Sarrazin til slutt i innleiinga.
Sarrazin peikar på fleire utviklingstrekk som gjev honom grunn til pessimisme: Den økonomiske veksten i Tyskland er i ferd med å turke inn, og frå år 2020 vil truleg veksten stagnere; den yrkesaktive delen av folket vil gå ned og delen av menneskje over 65 år vil fordoble seg fram mot å 2050. I 2005 var det 0,46 individ over 65 år pr. yrkesaktiv. I 2050 vil det for kvar yrkesaktiv tyskar vera ein pensjonist (dvs.eit menneskje over 65 år)(7). Ei fastfrysing av dei økonomiske ytingane til pensjonistane på dagens nivå(dvs 2010 da boka vart skrivi) ville føre til at prosentdelen utgifter av BNP som går til pensjonistane ville stige frå 16,5%(i 2010) til 25,6% i 2050. Pr. hovud har BNP pr innbyggjar i Tyskland ikkje auka på 20 år, dvs frå 1990 til 2010. For breie folkelag har faktisk realinntektene gått ned gjennom denne perioden.
Følgjande faktorar er dei viktigaste for utvikling av BNP: Tekniske framsteg og investeringsintensivitet, arbeidsproduktivitet, talet på og prosentdelen av yrkesaktive og deira sysselsetjingsgrad, og utvikling i etterspurnaden frå staten, private og fra utlandet.
Tekniske framsteg er i stor mon avhengig av at det blir utdanna nok ingeniørar, matematikarar, naturvitskapsfolk, teknikarar og andre realfagskvalifiserte. Men prosenten studentar med avslutta eksamen i realfag ved tyske universitet låg i 2008 på berre 5,8% , godt under OECD-gjennomsnittet på 7,8%. Til samanlikning var den tilsvarane prosentdelen i Sverige, Japan og Storbritannia resp. 10,9, 9,5 og 9,0. I ei rangeringsliste over verdsens beste universitet og høgskular finst det ingen tyske universitet på dei 30 fyrste plassane. Det høgst rangerte (Technische Universität München) ligg på 55.plass! (8).
Eit anna problem som heng nære saman med den aukande mangel på høgt kvalifisert akademisk arbeidskraft, er at dei best og høgst utdanna i Tyskland også er dei minst re-produktive, dei dårlegaste til å formeire seg. Prosentdelen bornlause kvinner som forlet universitet og høgskular med avslutta eksamen ligg på over 40%. Og når dei kjem så seint i gang, blir også resultata deretter. Ifølgje ein rapport frå 2008 må det gjerast rekning med at av tyske kvinner mellom 40 og 75 år med universitetsutdanning e.l. vil 26% vera bornlause(9). Dette er eit alvorleg faresignal for det tyske samfunn, meiner Sarrazin, fordi ein så stor del av dei best utdanna kvinnene ikkje fær born, og fordi all forsking syner at intelligens er 50-80% arveleg(10). Kvinner med lågare utdanning fær fleire born enn dei høgt utdanna.Når dei mest intelligente fomeirer seg mindre enn dei mindre intelligente, søkk altså gjennomsnittsintelligensen i folket som heilskap(11). "Slik er situasjonen i Tyskland... Innanfor ein generasjon vil dette knapt ha effekt, men over fleire generasjonar kan konsekvensane bli store".
Det tyske folket "skrumpar inn" og det blir " eldre, meir heterogent og mindre dyktig ("weniger leistungsfähig")". "Det faktum at i Tyskland overgjennomnittleg mange born veks opp i utdanningsveike grupper med undergjennomsnittleg intelligens, fører til at vi av reint demografisk grunnar blir gjennomsnittleg dummare. Prosentdelen menneskje som pga manglande utdanning eller intelligens ikkje let seg integrerere i det moderne arbeidslivet aukar strukturelt"(12). Det kan difor ikkje overraske at Tyskland har falle langt ned på PISA-målingar både når det gjeld lesekunnskapar og matematisk kompetanse(13). (Det er truleg ei mager trøyst for tyskarane, at Noreg ligg enda lenger nede på PISA-rangeringane!)
Prosentdelen yrkesaktive er heller ikkje imponerande: Berre 56% av menn mellom 55 og 65 år i Tyskland er yrkesaktive, og enda verre: Berre 40% av kvinnene (14)
Når talet på yrksaktive går ned både absolutt og prosentvis, blir økonomisk vekst oppnåeleg berre gjennom høgre arbeidsproduktivitet. Så er det sume som meiner at den demografiske nedgangen, den aukande delen pensjonistar og den fallande delen av yrksaktive kunne løysast gjennom innvandring. Men dette er ein illusjon, ifølgje Sarrazin. Innvandring frå Sentral- og Aust-Europa vil snart stanse opp både fordi landa i dette området har like store eller større problem enn Tyskland med fallande fødselstal, og fordi dei opplever økonomisk framgang som vil minske utvandringa. Av same grunn vil truleg innvandring frå Aust-Asia og India gå kraftig attende. Dermed stå ein att med den "problematiske" innvandringa (15) frå Afrika og Midt-Austen.
Kvifor er innvandringa frå desse område "problematisk"? Fordi innvandrarane frå desse område i gjennomsnitt har svært dårleg utdanning, oftast er vanskelege å integrere, og difor stort sett - dersom dei i det heile let seg bruke som arbeidskraft - finn arbeid berre i den ufaglærde delen av arbeidslivet, der det alt er store arbeidsløyseproblem(15). Av migrantar frå Afrika er 25% utan utdanning (16), og det er ikkje teikn til at integrasjonen lykkast betre i neste generasjon. Menneskje av tyrkisk avstamning i Tyskland har dårlegast utdanning av alle minoritetsgrupper. Heile 30% av desse er utan avsluttande eksamen av noko slag (16). Resultatet er at heile 1/4(24%) av menneskje med afrikansk opphav lever av sosiale overføringar. Dei tilsvarane tal for den tyrkiske folkegruppa er 1/6(16%), medan gjennomnittet for innfødde tyskarar er 8%. Situasjonen blir ikkje betre av at desse gruppene som er minst i stand til å ta vare på seg sjølve, også er mest re-produktive. Gruppene med lågast utdannings- og sysselsetjingsnivå har altså dei høgaste fødselstal for å seia det enklare(17).
Den høge arbeidsløysa i desse gruppene har truleg samanheng med at ein kan leva godt i Tyskland utan å arbeide; omlag like godt som dei som har jobbar i det lægre lønnsspennet. Mottakarane av grunntrygd eller arbeidsløysetrygd kan bu bra fordi husleige og oppvarming blir betalt. Dei har krav på gratis helsehjelp. Dei kan kle seg godt på line med andre. Dei kan ernære seg sunt og helsemessig riktig. Borna deira kan ta gratis utdanning frå barnehage til avsluttande eksamen på gymnaset (18). Velferdssystemet har altså vorte så raust at for store folkegrupper "lønner " det seg ikkje å arbeide.
Innvandringa tok til da det tyske "Wirtschaftswunder" skaut fart på 1950-talet. Inntil 1973 - da det vart sett i verk ein tilsetjingsstopp av utanlandsk arbeidskraft - vart det henta millionar "gjeste-arbeidarar" til Vest-Tyskland. Dette året vart det registrert 2,6 millionar arbeidstakarar av utanlandsk opphav. Mange innvandrarar frå Sør-Europa vende attende til sine heimland. Derimot vart dei fleste av dei 700.000 tyrkarane som hadde kome som "gjeste-arbeidarar" verande, og familiane slutta seg til, slik at det i dag bur 3 millionar mennskje av tyrkisk opphav i det sameinte Tyskland (19). Sarrzin meiner at den massive "gjestearbeidar-innvandringa" på 1960- og -70-talet var eit "gigantisk mistak" s(20), fordi dei stort sett vart rekruttert inn i "døyande" industrigreiner, og førde altså med seg at ei uunngåeleg strukturendring i tysk økonomi vart forseinka. For det andre tillet masse-innvandringa at tyske styresmakter kunne tillate seg å stengje augo for fødselsnedgangen som tok til å avteikne seg nettopp i denne perioden med stor innvandring.
I 2007 levde i Tyskland 15,4 millionar menneskje med innvandringsbakgrunn. Av desse kom 3,7 mill. frå andre EU-land. Frå Tyrkia, Midt-Austen, Bosnia-Herzegovina og Afrika kom 4 mill. (21). 4,6 mill. menneskje med immigrasjonsbakgrunn kunne pga manglande opplysningar ikkje tilreknast ein spesiell region. Dersom ein tek omsyn til denne statistiske veikskapen må delen muslimske innvandrarar justerast opp med 43 %, slik at det faktiske talet (i 2007) låg på omlag 5,7 mill. Av dei 15 mill. med innvandringsbakgrunn stammar altså mellom 25 og 45% frå muslimske land. Samtidig kan 70-80% av alle problem i samband med sysselsetjing, sosiale overføringar, og kriminalitet knytast til denne gruppa(22). Problemet har vorte større fordi utviklinga har skjedd så fort: Rundt 1950 fanst det knapt muslimar i Vest-Europa. I 1970 var det 2 millionar, og hovudsakleg var det tale om algeriarar i Frankrike, pakistanarar i Storbritannia og tyrkarar i Tyskland. I dag (dvs. i 2010) har dette talet auka til 15-20 millionar, og er framleis i sterk auke. Sume åtvara tidleg mot utviklinga, såleis Enoch Powell i England, som i ei tale 1968 spådde at den muslimske minoriteten i UK som på den tid utgjorde omlag 1 mill. menneskje ville auke til 4,5 mill. i år 2000. Powell spådde nesten heilt riktig: I år 2002 var det 4,63 mill. muslimar i Storbritannia. Kvifor gjorde ikkje den politiske leiarskapen i desse europeiske hovudlanda noko for å bremse denne utviklinga? Storbritannia var demoralisert etter å ha vunne verdskrigen men tapt imperiet etter 1945, og hadde mist evna til å handle. Frankrike sleit med traumet etter den tapte Algerie-krigen, og Nederland hadde eit liknande trauma etter den tapte kolonialkrigen i Indonesia. Og tyskarane hadde sjølvsagt sitt "nazitrauma". Sarrazin siterer forfattaren Christophwer Caldwell: "Even those who felt that such shame was misplaced were forced to admit its power"(23)
Sarrazin syner vidare til at når det gjeld Storbritannia, var innvandringa samansett av tre hovudgrupper: Nemleg folk frå Vest-India, frå India og frå Pakistan og Bangladesh. Etter den røynsla som det britiske samfunnet gjennom mange ti-år har hatt med desse ulike gruppene er konklusjonen klar: Det er dei muslimske innvandrarane frå Pakistan og Bangladesh som har representert dei største problem når det gjeld utdanning og arbeidsintegrasjon (24). Dei ligg langt etter innvandrarar frå India, også i andre og tredje generasjon. Islamske innvandrarar skapar ikkje berre problem i Tyskland men i heile Vest-Europa, skriv Sarrazin. Etter mange års røynsle må ein slå fast at muslimsk innvandring til Europa har ført med seg alvorlege problem som er særeigne for denne gruppa, og som finst i alle dei land der muslimar har innvandra i stort omfang:
-Dei syner ein undergjennomsnittleg integrasjon i arbeidsmarknaden -Dei er overgjennomsnittleg avhengige av sosiale overføringar frå det offentlege - Dei syner ein undergjennomsnittleg evne til å ta utdanning - Dei har ein overgjennomsnittleg fertilitet - Dei har sterk tendens til segregering, dvs tendens til å slå seg ned i eigne område som utviklar parallellsamfunn - Dei dyrkar ein overgjennomsnittleg religiøsitet med aukande tendens til dyrking av tradisjonelle respektive fundamentalistiske straumdrag i Islam - Overgjennomsnittleg kriminalitet som dekkjer alt frå den "enkle" og valdelege gatekriminaliteten til terroristisk verksemd(24).
Slik utgjer den muslimske immigrasjonen eit stort problem for og eit alvorleg trugsmål mot det tyske samfunnet(25). Den utgjer eit økonomisk problem fordi den tappar og svekkar ressursane ("dei tek imot større ytingar frå statskassa enn den økonomisk meirverdien dei fører inn"), og fordi den kulturelt og sivilisatorisk inneber eit stort attendeslag. Den utgjer eit trugsmål fordi den enorme frævleiken(fertiliteten) blant muslimar på lengre sikt vil skapa ubalanse i eit aldrande Europa. Sarrazin avviser at slike synspunkt gjev uttrykk for "islamofobi". Fobi er redsle for det ukjende, for noko som ikkje finst. Men terroren, æresmord, herjingane åt Taliban og IS, ekteskap med småjenter i Saudi Arabia, steining av utru kvinner og henging av homoseksuelle er alt saman realitetar(26). Det er tale om faktisk eksisterande, ikkje innbilte redsler.
Følgjene av det økonomiske og sivilisatoriske attendslaget i den islamske verda sidan inngangen til nytida, er analysert i V.S. Naipauls bok "Ei islamsk reise"(27). Som illustrasjon på dette samanbrotet nemner Naipaul at frå byrjinga av Islam til i dag (altså ein tidsbolk på nesten 1400 år) er det omsett færre bøker til arabisk enn det kvart år blir omsett i Spania!
Av dei vel 4 millionar muslimane i Tyskland (år 2007), er det berre 33,9 % som lever av eige inntekt frå arbeid eller næringsverksemd (28). Fire gonger så mange muslimar som etniske tyskarar lever t.d. av arbeidsløysetrygd. Det skræmande er at denne mangelen på integrasjon og evne til å ta ansvaret for eige liv held fram i minst like stort omfang i 2. og 3. generasjon av muslimske innvandrarar i Tyskland. Problema ser ut til å vera "arvelege", skriv Sarrazin (29). Det er altså ikkje det omstendet at dei er immigrantar som skapar problem for intgerasjon, men det faktum at dei er muslimar. Som ein grell kontrast til den tyrkisk-muslimske minrotrten i Tyskland , trekkjer Sarrazin fram born av immigrantar frå Vietnam, der 80% tek "Abitur", altså avsluttande eksamen frå vidaregåande skule. I Frankrike har det kome bølgje etter bølgje av immigrantar - polakkar, jødar, kinesarar og vietnameserar - som alle har integrert seg utan problem og vorte ein del av det franske samfunnet. I motsetnad til dei millionar muslimske immigrantar frå Algerie og andre arabiske land, som i motsetnad til dei andre immigrantgruppene isolerer seg og lever i sine eigne bydelar og av offentlege overføringar (30). Som i Frankrike har tyske styresmakter tillate muslimske parallellsamfunn å vekse fram. Eit slikt døme er bydelen Neukölln i Berlin, som blir omtala som den største tyrkiske byen utanfor Tyrkia. Offisielt har bydelen 305000 innbyggjarar (31), men pga av dei mange illegale immigrantane er det ingen som veit kva som er det faktiske talet. I Nord-Neukölln har 80-100% av skule-elevane immigrantbakgrunn. 60% av 25-åringane lever av trygd osv.,osv. Det er ifølgje Sarrazin "mange" Neu-Kölln i Tyskland. Byen Ahlen i Westfalen har eit innbyggjartal på 56000 , men sør for jernbanelina ligg det ein "kompakt muslimsk by" med 15000 innbyggjarar(32). Det finst "hundrevis" av liknande område og bydelar i Tyskland der tyrkiske og arabiske migrantar utgjer eit fleirtal eller eit stort mindretal. "Alle slike område er prega av same type problem", og dei veks mykje raskare enn omkringliggjande område med ein etnisk tysk folkesetnad. Eit nærare blikk på Neukølln er lærerikt, fordi denne bydelen er "eksemplarisk": Fleire lever av trygder og andre offentlege overføringar enn av eige arbeid og andre inntekter. Langt færre fullfører utdanning. 30% har svært dårlege tyskkunnskapar. Langt fleire born blir fødde pr kvinne. Langt fleire er kriminelle. 90% av personar under 25 år manglar kvalifikasjonar for å få arbeid i eit moderne samfunn; dei er ikkje "integrerbare" i arbeidsmarknaden(33).
Ein illustrasjon på at muslimane ikkje ynskjer å bli integrert i det tyske samfunnet er at 33% av muslimske kvinner ber hijab, og prosenten er aukande: Hjå kvinner mellom 30 og 39 år brukar 37% hovudplagget (34). Bruken av hijab og andre tildekkjande hovudplagg er ei "..vedkjenning til ei tradisjonell fortolking av Islam..", og er i samsvar med det som er nedfelt i Koranen, vers 8(Sure)4,34:"Mennene er overordna kvinnene , fordi Allah har gjort meir ære på dei eine enn på dei hine, og fordi dei gjev av formua si. Difor er dygdfulle kvinner dei lydige"(35). Eit anna slikt uttrykk er at 60% av tyrkiske menn og kvinner i Tyskland finn seg ein ektefelle i Tyrkia. Stordelen av desse ektefellene har lågt utdanningsnivå, og 10% av dei er sogar analfabetar. Ofte er dei importerte ektefellene i nær slekt med dei framtidige partnarane, noko som resulterer i særleg mange medfødde skavankar blant born frå slike ekteskap. Slike medfødde lyte blir kanskje utjamna gjennom at muslimske familiar er svært barnerike. Dersom tyskarane etter andre verdskrig hadde vore like reproduktive som t.d. den arabiske folkesetnaden i Palestina, ville Tyskland i dag hatt 600 millionar innbyggjrar(!) (36). Det same fenomenet ser ein - ifølgje Sarrazin - i alle vest-europeiske storbyar, der ein stor del av nyfødde born er muslimske: : I København 1/5, i Paris 1/3 og i London halvparten. I Frankrike blir det fødd 1,7 born pr kvinne, medan kvinner med opphav i Marokko, Tunis og Tyrkia i gjennomsnitt fær 3,3 til 3,4 born(37). Ifølgje overslag vil det difor leva 7 millionar muslimar i Tyskland i året 2030.
Gjennom årtusen har folkesetnaden i Europa vore forbausande stabil. Såleis har genetisk forsking slege fast at heile 75% av det genetiske arvestoffet i England er det same som i folkesetnaden som levde i England for 7500 år sidan(38). Frå andre europeiske land finst liknande tal. Nokre få tiår med masseinnvandring frå Afrika og Asia har altså endra folkesetanden meir i Vest-Europa enn på dei mange tusen år som gjekk føreåt.
Når innvandrarane særleg frå muslimske land er så vanskelege å integrere i arbeidsmarknade, og i så stor mon blir liggjande samfunnet til last, så har det slik Sarrazin ser det, også nær samanheng med dei rause velferdsordningane som møter dei i Tyskland og andre vestlege land. Her fær dei med ein gong dei har fått lovleg opphald alle slag trygder og sosialhjelp, sjælv om dei ikkje før seg arbeid. Til samanlikning har innvandrarar i USA krav på sosialhjelp fyrst etter at dei har opphalde seg 10 år i landet (38). Den som innvandrar til USA, lovleg eller ulovelg, må syte for seg sjølv. Den som innvandrar til Tyskland blir sytt for av det offentlege - uavhengig av eigen innsats(39). Som ein tyrkisk innvandrar sa:" I Tyrkia kan ein ikkje overleva utan å arbeide. I Tyskland går det heilt fint"(40). Sarrazin meiner dette fører til ein negativ seleksjon av innvandrarar til Europa, dvs at Vest-Europa trekkjer til seg dei minst kvalifiserte, minst arbeidsviljuge og integrasjonsviljuge, medan t.d. USA fær dei beste eller iallfall dei meir dugande..
Sarrazin drøftar så ein del tiltak og reformar som kan motverke denne utviklinga, ei utvikling som alt nå er skadeleg for Tyskland og andre vest-europeiske land, og som på lengre sikte må øydeleggje Euopa slik vi kjenner det dersom ikkje noko blir gjort. Blant dei åtgjerder som Sarrazin går inn for, skal nemnast (41): Nye innvandrarar som har fått opphaldsløyve, har å delta i obligatoriske språkkurs. Dei som har fått tilbod om arbeid, har å innfinne seg på arbeidsplassen til fastsett tid. Dei som ikkje stiller opp til språkkurs eller arbeid fær kutta arbeidsløysetrygd og andre trygdeutbetalingar til eit minimum som trengst for å overleva. Sjukmeldingar blir etterprøvde. For born gjeld barnehageplikt frå 3-års alderen, og for innvandrarborn skal hovudvekt leggjast på språkopplæring gjennom opplesing og samtaler på tysk. Ved ikkje-frammøte blir barnetrygd skore ned til det minimum som trengst for å overleva. Det blir innført forbod mot fritak frå undervisning av religiøse grunnar. Det blir innført forbod mot religiøse hovudplagg i skulen. Etterhenting av ektefeller blir gjort avhengig av at vedkomande (dvs ektefelle som blir henta frå heimlandet) kan tysk, og av at den som hentar ektefelle i utlandet, dei siste 3 år før så skjer har vore i stand til å syte for seg sjølv ved lønns- eller næringsinntekt, utan hjelp frå det offentlege. For all framtidig innvandring til Tyskland må gjelde dei strengast vilkår, som i praksis inneber at berre spesialistar med høg akademisk eller annan fagleg kompetanse som Tyskland treng, vil få opphaldsløyve. All annan innvandring må stansast. Målet er altså å sørgje for at dei som alt har innvandra og fått opphaldsløyve, skal bli betre og raskare integrert, og at framtidig innvandring skal avgrensast til høgt kvalifiserte fagfolk. Dersom slike tiltak ikkje blir gjennomførde , er det berre eit tidsspørsmål før tyskarane "blir eit mindretal i eige land". Den same utfordring står dei fleste land i Europa andsynes.
Muslimsk innvandring er likevel, som før nemnt, berre ei side ved det demografiske problemet som Tysklnd har, og i aukande mon vil ha, dersom ikkje effektive mottiltak blir sette i verk. Dei andre hovudutfordringane er: Aukande ubalanse mellom personar i arbeidsdyktig alder og pensjonistar. I 2005 var det 2 sysselsette pr. pensjonist. I 2050 kjem det - iflg. prognosane til å bli 1 sysselsett pr. pensjonist. For det andre blir dei arbeidsaktive eldre. I 2050 kjem 30% av dei til å vera over 55 år, berre 20% mellom 25 og 35 år. Det tredje hovudproblemet er det minkande folketalet. Frå generasjon til generasjon blir det færre tyskarar, som er eit uunngåelege resultat av ei netto-reproduksjonsrate på 0,64. Eit fjerde hovudproblem er den store skilnaden i frævleik(fertilitet)mellom høgt og lågt utdanna kvinner (42).Etter berre få generasjonar vil dette må få store konsekvensar for det "intellektuelle" potensialet til det tyske samfunnet. Darwins evolusjonslære, Mendels arvelover og dei funn som moderne genetisk forsking har gjort om at intelligens i stor mon er arveleg, gjev oss eit fast vitskapleg grunnlag for å slå fast at det intellektuelle nivået er fallande..
Kva kan gjerast for å snu denne utviklinga. Sarrazin gjer seg til talsmann for følgjsande tiltak og reformar: Det må ei kraftig endring til i organiseringa av tyske barnehagar og skular, slik at hovudregelen blir at born blir teke hand om på heile dagen fra småbarnsstadiet til folkeskulestadiet, slik tilfellet er t.d. i Frankrike og Skandinavia (43). Slik blir det mogleg for båe partnarar i eit ekteskap og arbeide full tid. Og særleg viktig: Det blir mogleg for høgt utdanna kvinner med karriere å fø born og ta ansvaret for born. Vidare må lengda på akademisk utdnning i Tyskland reduserast kraftig, slik at det bli skapt føresetnader for å få born i yngre alder enn det som er tilfelle nå. Gjennomsnittsalderen for fyrstegongs fødande kvinner i Tyskland ligg 5 år over gjennomsnittet i t.d. USA. Barnetrygd og andre tilskotsordningar for barnefamiliar må justerast så mykje opp at ingen tapar økonomisk på å få born. Som spesielt tiltak for kvinner med høgre utdanning, gjer Sarrazin framlegg om at kvinner med avslutta studium fær 50.000 euro for kvart barn som blir fødd før fylte 30 år.
Sarrazin avsluttar boka med følgjande grunnsetningar: 1. Kvar stat har rett til å avgjera kven som slår seg ned i landet og kven ikkje 2. Dei vestlege og europeiske verdiane og den kulturelle eigenart som kjenneteiknar kvart folk, er verdt å ta vare på . Danskar skal også om 100 år kunne leva blant danskar og tyskarar blant tyskarar - dersom det er det dei ynskjer (44)
"Eg vonar - skriv Sarrazin til slutt - at mine etterkomarar om 100 år lever i eit land der språket er tysk, i eit land som har halde på og vidareutvikla sitt kulturelle og åndelege nivå, og som er ein del av eit Europa av fedreland. Dette - tillet eg meg å meine - er viktigare enn om havnivået i Nordsjøen om 100 år har stigi med 10 eller 20 centimeter"(45).
Reaksjonane mot Sarrazins fyrste bok var som nemnt aggressive og valdsame og hadde ofte fokus på personen Sarrazin. Den tyske venstresida (definert som tilhengjarar av liberalisme og sosialdemokrati) har dominerande makt over tyske media og akademia, og dette går hand i hand med eit venstre-ekstremt gatemiljø ("Die Szene") i tyske storbyar som med glede og entusiasme tek valdelege metodar i bruk. Krav om og freistnad på åkaste han ut av det sosialdemokratiske partiet (SPD) har hittil mislykkast. Sarrzin vil ikkje melde seg ut av SPD; han reknar seg framleis som sosialdemokrat. Men hjå svært mange tyskarar står Sarrazin også høgt i kurs. Meiningsmålinar har synt at over halvparten av tyskarane er samde i kritikken og meiningane han målber. Bøkene hans har kome i opplag så store at dei tilhøyrer dei mest selde i Tyskland etter 2.verdskrig.
Ein kan forstå at Sarrazin har vekt kritikk. Han er svært direkte, nesten brutal i språkbruken, på ein måte som er uvanleg i det uhyre politisk korrekte Tyskland, som spesielt er på vakt mot alle tankar som kan oppfattast som "høgre-orienterte". Hans omtale av den muslimske minoriteten er ikkje høfleg eller omsynsfull. Hans formuleringar om at tyskarane blir færre og "dummare" , er ikkje snille. Men viktigare enn om Sarrazins språkbruk er høfleg, snill og omsynfull må etter mi meining vera om han har rett i sine analysar, karakteristikkar og påstandar. Det meiner jo eg at han langt på veg har. Problemet med Sarrazin - for kritikarane hans - er at alt han skriv er så grundig dokumentert og faktabasert. Sjølvsagt kunne bodskapen ha vore pakka inn i den vanlege anonyme og lyddempande bomullen. men hadde vi da høyrt bodskapen hans like tydeleg? Det Sarrazin skriv, er gyldig ikkje berre for Tyskland men langt på veg for alle vest-europeiske samfunn. Alle som vil vera ærlege, ser dette, sjølv om problema og omfanget av problema kan variere frå land til land. Det er difor trist at Thilo Sarrazins bøker ikkje er omsett til norsk og at han stort sett er eit ukjent namn i Noreg. Dette er enda eit uheldig resultat av at tysk- kunnskapane og kunnskapane om Tyskland har vort så kritisk dårlege i det norske samfunnet dei siste generasjonane.
Dei negative reaksjonane mot den fyrste boka utløyste nok langt på veg dei neste bøkene som Sarrazin gav ut, og som m.a. tok opp den kritikken han hadde vorte utsett for: "Europa braucht den Euro nicht"(2012), "Der neue Tugendterror.Über die Grenzen der Meinungsfreiheit in Deutschland"(2014), "Wunschdenken. Europa,Währung, Bildung, Einwanderung- warum Politik so häufig scheitert"(2016) og til (førebels?)slutt "Feindliche Übernahme: Wie der Islam den Fortschritt behindert und die Gesellschaft bedroht"(2018). Også desse bøkene er komne i store opplag, og tilsaman har bøkene gjort Thilo Sarrazin til ein økonomisk uavhengig mann. Men heller ikkje dei seinare bøkene har vekt interesse hjå norske forleggjarar. Dei har kanskje ingen som kan omsetja bøker frå tysk....
1)Thilo Sarrazin: Deutschland schafft sich ab. Wie wir unser Land aufs Spiel setzen. Deutsche Verlags-Anstalt,Berlin 2010. s.11
(2) Sarrazin,s.15
(3) Ibid
(4)Ibid., s.16-17
(5)Ibid.,s.23-35
(6) Ibid.,s.28
(7) Ibid., s.36
(8) Ibid.,s. 52-53
(9) Ibid.,s. 90
(10) Ibid.,s. 93
(11) Ibid.,s.99
(12) Ibid.,s.100
(13) Ibid.,s.210-211
(14) Ibid.,s.54
(15) Ibid.,s. 59
(16) Ibid.,s.62
(17) Ibid.,s.64
(18) Ibid.,s.85
(19) Ibid.,s.258
(20) Ibid.,s.259
(21) Ibid.,s.261
(22) Ibid.,s.262
(23) Ibid.,s.263
(24) Ibid.,s.264
(25) Ibid.,s.267
(26) Ibid.,s.278-279
(27) Ibid.,s.280
(28)Ibid.,s.282
(29)Ibid.,s.284
(30) Ibid.,s.288
(31) Ibid.,s.299
(32) Ibid.,s.300
(33) Ibid.,s.304
(34) Ibid.,s. 314
(35) Ibid.,s.315
(36) Ibid.,s.317
(37) Ibid.,s.318
(38) Ibid.,s.320
(39) Ibid.,s.321
(40) Ibiod.,s.325
(41) Ibid.,s.328 ff.
(42) Ibid.,s.346-347
(43) Ibid.,s.380-381
(44) Ibid.,s.391
(45) Ibid.,s. 392