Norsk språkstrid eller målstrid - naturleg nok har vi to ord for same sak - er vanskeleg å forstå for utlendingar.
Sjølv er eg utstyrt med ein fransk partnar, og ho har brukt mange år på å trengje inn i dette eksotiske universet. Eg veit ikkje om ho har lykkast heilt, og det kan ikkje overraske, med tanke på utgangspunktet: Frankrike er jo kjent for å ha gjennomført ei vellykka utrydding av alle andre språk enn fransk. I alle delar av Frankrike blir eitt skriftspråk brukt, og språket er også svært homogent i munnleg bruk. Dialektskilnader finst ikkje, berre nokre små nyansar og uttaleskilnader mellom regionane kan registrerast. Men dette er bagatellar samanlikna med dialektskilnadene i Storbritannia, Tyskland og altså Noreg. Min partnar blir alltid like forundra, når eg kan slå fast omlag kvar ein nordmann kjem frå ut frå dialekt eller uttale. Men slik det er i dag, var det ikkje alltid i Frankrike. I det 18.hundreåret var det truleg berre eit mindretal av innbyggjarane i det fransk kongeriket, som hadde fransk som morsmål. I aust snakka dei tysk, lengst i nord flamsk, i Bretagne bretonsk og over store delar av det sørlege Frankrike rådde provencalsk, oksitansk og katalansk. Dette snudde med den franske revolusjonen. Dei revolusjonære såg på språkskilnadene innanfor Frankrike som uttrykk for gamaldags tenkjemåte, føydalisme, bakstrev, kort og godt "ancien regime". Det vart sett i gang kraftig, ofte brutal sentraliseringspolitikk også på det språklege området, og 225 år seinare er resultat som skissert ovanfor.
Det er interessant å jamføre den norske med den franske språksituasjonen. Desse to må seiast å tilhøyre to motpolar, to heilt ulike modellar iallfall i ein europeisk samanheng.
Kva er føremonane og kva er ulempene ved desse modellane?
Den homogene franske språksituasjonen gjev utlendingar eit stort komparativ forsprang (samanlikna med den norske) når dei skal lære språket. For utlendingen er det sjølvsagt ein stor føremon at han treng lære berre eitt fransk språk, og når han har lært dette språket, så kan han utan vanskar lesa alle franske aviser og bøker, og forstå alle program i radio og fjernsyn, og reise til alle område i Frankrike utan å ha problem med å forstå og bli forstått.
Slik er det ikkje for utlendingen som kjem til Noreg. dersom han lærer bokmål vil han ikkje skjøne så mykje av nynorsken, skriftleg eller munnleg. Lærer han nynorsk forstår han tilsvarande like lite av bokmålet. Nordmenn innbiller seg at bokmål og nynorsk står så nær kvarandre. Men dansk og bokmål står jo langt nærare kvarandre, og gjeld likevel som to ulike språk. Og dersom utlendingen som har lært bokmål, tek seg ein tur utanfor Oslo-gryta; til Gudbrandsdalen eller Valdres, til Trøndelag eller Helgeland, vil han forstå svært lite av dialekten.
Den franske språksituasjonen har også den føremon at for unge, innfødde franskmenn som skal lære morsmålet når dei tek til på skulen, er det lettare (enn hjå oss) fordi avstanden mellom talemål og skriftmål er nærmast ikkje-eksisterande. I Noreg er dét tilfelle for bokmålet sin del (dvs liten avstand mellom talemål og skriftmål) berre i Oslo-gryta og i områda rundt Oslofjorden. I andre område der bokmål er skulemål, må dialektane stort seiast å liggje nokså langt frå skriftmålet. For nynorsken sin del ligg skriftmålet nokså nær dialektane i dei område som framleis har nynorsk som skulemål, men likevel ikkje så nær som talemålet i Oslofjord-området ligg bokmålet.
Kva er så føremonane med den norske språksituasjonen samanlikna med den franske?
Så vidt eg kan sjå er det tre element som kan trekkjast fram:
Sterke dialektar gjev sterk identitet. Dette er så sjølvinnlysande , at det vel er openberrt for alle. Ein trønder som ikkje pratar trønder, eller i det minst med trønderaksent, ser vi ikkje på som trønder. Ein bergensar som snakkar Oslomål, er ingen bergensar. og slik kan vi gå landet rundt. Unntaket er kanskje Osloregionen: Her lever mange innflyttarar, men som har skifta språkleg ham, dei talar bokmål med mest mogleg osloaksent. At dei ofte lykkast dårleg med dette er i anna sak. Om dei blir rekna som "Oslofolk" av andre er meir usikkert. Men finst det ein eigen Oslo-dialekt eller eit Oslo-mål, som ein Oslo-identitet kan knytast til? Det har tradisjonelt funnest eit folkeleg Oslo-mål, ein sosiolekt som vart brukt av arbeidsfolk og andre frå folkedjupet i austlege område av hovudstaden. Nå seier språkforskarane at dette folkemålet er på veg ut og ned. Talemålet i Oslo blir meir og meir likt over alt i hovudstaden; og stadig meir samsvarande med bokmålet. Ut frå dét eg har sagt ovanfor, skulle dette føre til at Oslo-identiteten blir ytterlegare veikt; og den var ikkje sterk frå før. Bergensfolk, trondheimsfolk,stavangerfolk har alltid kjent ein sterkare identitet med sin by. Talemålsstandardiseringa i Oslo fører til at hovudstaden enda meir blir ein talemålsmodell for korrekt uttale av bokmålet, men den lokale identiteten forsvinn. Men Oslo er altså unntaket; i aandre delar av landet er inntrykket at dialektane har høgre status, og blir bruk meir enn tidlegare, også av (fyrste generasjon)innflyttarar til Oslo.
Sterke dialektar skapar meir jordnære og folkenære skriftspråk. Fransk har ingen dialektar å ause av; og følgjeleg har det utvikla seg eit skilje mellom eit høglitterært fransk skriftspråk med eit så avansert og lite daglegdags ordforråd at det ofte er vanskeleg å forstå for franskmenn utan høgre utdanning. Frankrike har ikkje dialektar, men der er ulike nivå av fransk i ulike sosiale lag, og dei har langt meir bruk av "slang" enn i Noreg - kanskje som ein slag kompensasjon forr mangelen på dialektar?
Nynorsken er jo direkte sprunge ut av folkemålet, dialektane. Rettnok har ikkje nynorsken sine røter i alle dialektar og dialektområde, men mest i dei som blir brukt i Fjord-og Fjell-Noreg. Trass i det uomtvisteleg danske opphavet til riksmål/bokmål, har dette likevel hatt eit jamt tilsig av norsk folkemål gjennom dikting og annan bruk av skriftmålet. Noko som kanskje delvis forklarar framgangen for bokmålet dei siste mannsaldrane. Like etter 2.verdskrig hadde om lag 2/3 av norske skuleborn bokmål som opplæringsmål; 1/3 nynorsk. 70 år seinar nærmar fordelinga mellom bokmål og nynorsk seg 90% og 10%.På ein måte kan bokmålet seiast å ha fylgt etter nynorsken i å suge næring frå folkemålet.
Ein tredje føremon ved den norske språksituasjonen er våre to skriftmål. Mange hevdar at to-språkssituasjonen tvertimot er ei ulempe; at det er meiningslaust og ressurssløsande at eit demografisk lite land skal halde seg med to offisielle skriftmål, som attpå til er så like at dei fleste nordmenn med hjerne forstår båe to, båe skriftmål.
Problemet med denne argumentasjonen er at vi kan ikkje skru historia attende. Dersom Ivar Aasen ikkje hadde eksistert; dersom nynorsken ikkje hadde eksistert; hadde vi kanskje hatt eitt norsk norsk skriftmål, rettnok med opphav i dansk, men som frå eit tidleg stadium ville ha vore langt opnare for påverknad frå norsk mål og folkemål. Med det resultat at vi hadde hatt eitt norsk språk, som i både skrift og tale hadde hatt eit langt sterkare norsk preg enn dagens dansk-norske riksmål/bokmål. Slikt kan ein spekulere på, men historikarane seier at ingenting er meir bortkasta å bruke tid på enn kontrafaktiske hypoteser.
Ettersom eg er historikar av utdanning, seier eg meg samd i dette, og slær fast at to-språkssituasjonen er eit stort gode, ein stor komparativ føremon som få andre land har.
Truleg er det folk som har sitt utspring på nynorsk-sida, som har størst glede og nytte av denne situasjonen. Vi skriv og les bokmål like lett som nynorsk. Vi er glad i Duun og Hamsun, vi les Dag og Tid og Aftenposten, vi snakkar dialekt, nynorsk og til og med bokmål - dersom det trengst. Arne Garborg og Per Sivle skreiv like godt landsmål som riksmål, som det heitte den gongen.Sjølv har eg i arbeidssamanheng ofte hatt kontakt med danskar og finnar; og da kjem ein ikkje langt med nynorsk. Bokmålet har vore godt å ty til. Og ein oppdagar kor lett det er å bruke, også munnleg. Det har trass alt sine fordelar for eit språk å ha vore dominerande i administrasjon, skuleverk og media i hundre år og meir til. Ofte når eg hadde hastverk, og måtte få ferdig eit stykke tekst med knapp tidsfrist, skreiv eg bokmål. Her er formuleringane ferdigtygde. Det trengst ikkje så mykje tid for å finne dei. Nynorsken krev meir hjernearbeid, noko som både gjev meir glede og meir pine.
Riksmåls-/bokmålsfolk har nok berre i unntakstilfelle den same gleda av nynorsk. Dei manglar dermed ein viktig dimensjon i sin norske identitet, som dei fleste nynorskfolk har, fordi desse siste kjenner seg heime i båe dei norske målformene og skriftkulturane.
(Kanskje skriv vi både betre nynorsk og bokmål? Det meinte iallfall riksmålsmannen Trygve Bull, som sa at nynorskfolk ofte skreiv eit lettare, mindre substantiv-tungt bokmål, fordi dei var vande med å tenkje meir verbalt, og finne språklege alternativ til den overdrivne dansk-tyske substantivbruken.)
Det var på denne bakgrunnen med interesse og glede eg las eit intervju med sambygding (og frende) Oskar Visdal, som i fjor(2015) fekk den høgt hengjande Bastianprisen for sine omsetjingar av den islandske diktaren Gyrdir Eliasson. I intervjuet seier Oskar Visdal m.a.: "Jeg anvender tre varianter av norsk. Fundamentet er gudbrandsdalsdialekt - jeg formaster meg til å si som min sambygding Knut Hamsun:" Jeg bærer vågåmålet i mitt hjerte", og jeg benytter begge målformer. En tilværelse uten alle disse tre er utenkelig, og jeg er like meget nynorskist som riksmålist."
Eg trur det er mange frå typiske nynorskbygder, frå Fjord-og Fjell-Noreg som ville skrive under på det Oskar Visdal her seier. Den dagen fleirtalet nordmenn kan seia det same, kunne vi byrje å omtale Noreg som ein kulturnasjon.