I april 2017 vekte det stor oppsikt da fjernsynsprogrammet NRK-Brennpunkt kunne "avsløre" at sigøynartigging var uttrykk for og ein lekk i organisert kriminalitet. Programmet utløyste sterke reaksjonar; som varierte frå krav om innføring av forbod mot tigging, til framlegg om at nå måtte Noreg gjera meir for å løyse fattigdomsproblemi i Romania. Fattigdomen i det landet skulle visstnok vera skuld i at sigøynarane vart sendt til Bergen for å tiggje.
Det er forståeleg at reaksjonane var sterke. Organisert tigging er menneskehandel på line med prostitusjon, og er i strid med norsk lov, altså kriminelt.
Eg såg på programmet, og fylgde debatten etterpå med det som truleg var ein meir enn gjennomsnitts interesse. Bakgrunnen for denne sterke interessen er at eg frå 2008 til 2013 var ambassadør i Bucuresti med ansvar for Romania og Moldova. Eg reiste mykje særleg i Romania, både i embetssamanheng og som privatperson på ferie; og eg har gjesta alle dei rumenske regionane, alle større regionbyar og truleg hundrevis av småbyar og landsbyar. Eg tør påstå at eg har solid kunnskap om Romania og rumenske tilhøve. Eg veit korleis det ser ut nede på bakken, og ute i dei tusenvis av landsbyar og bygdesamfunn der fleirtalet av rumenarane - og ikkje minst sigøynarane(1) - bur.
Etter å ha vore stasjonert i Bucuresti 5 år, skreiv eg i mai 2013 ein rapport om dei rumenske sigøynarane og tigging, delvis med utgangspunkt i at også den gongen var det ein debatt i Noreg om tigging, og kva ein skulle gjera med denne.
Rapporten vart, som alle slike ambassaderapportar, sendt UD, og vart lagt ut for offentleg innsyn. Førespurnad om innsyn kom (m.a. frå NRK), og på vanleg måte måtte eg som rapportansvarleg ta stilling til om media kunne få slikt innsyn. Dette såg eg ingen problem med, og sa ja til at media skulle få innsyn. Men så skjedde det overraskande at departementet sa nei til førespurnaden. UD ville ikkje gje media tilgang til denne rapporten. Den var tydelegvis for politisk sensitiv. Kanhende fordi det da som nå var partipolitisk kiv om kva tiltak som burde setjast inn mot tigging generelt og mot sigøynartigging spesielt. UD var truleg redd for at rapporten kunne bli brukt av ei side i denne dragkampen.
Etter at det i samband med NRK/Brennpunkt-programmet påny vart utløyst ein debatt om sigøynartigging; har eg kome til at rapporten frå 2013 kanskje likevel burde bli gjort tilgjengeleg for ålmenta. Det ser ut som innhaldet i rapporten framleis er like gyldig og altså ikkje likegyldig..
Om eg har lov til å offentleggjera min eigen rapport på denne måten, veit eg sanneleg ikkje.
Men nå er dødsstraff avskaffa her på berget, og fengselsstraff er heller ikkje noko særleg å vera redd for, slik følgjande soge illustrerer: Ein rumensk sigøynar vart dømt for ymse lovbrot, og "måtte" sone i norsk fengsel: Da han kom ut etter endt soning, uttala han til ei rumensk avis at han aldri hadde budd og ete så godt i heile sitt liv. Og attpåtil fekk han betaling for dette gilde opphaldet! Så same kva sanksjonane eventuelt skulle bli, så er det tydelegvis lite å frykte.
Her følgjer rapporten som vart sendt Utanriksdepartementet 15.mai 2013:
From: Hovdkinn, Øystein
Sent: 15. mai 2013 14:35
To: Seksjon for Sentral-Europa og EØS- finansieringsordningene
1. I Romania er (iflg. folketeljing 2011) offisielt ca 660.000 personar registrert som rom /sigøynar. Andre vurderingar går ut på at det «reelle» talet kan liggje dobbelt så høgt, eller sogar 3-4 gonger så høgt. Til og med rundt eit så grunnleggjande spørsmål som den faktiske storleiken på rom-minoriteten - 0.7 mill. eller 2,4 mill. - rår det altså den største uvisse og usemje. Problemet er m.a.o. at det ikkje finst nokon omforeint definisjon av rom: Skal denne byggje f.o.f på økonomisk-sosiale og/eller kulturelle kriteria? Fordi dette er så komplisert, blir det overlate til den enkelte rumenar sjølv å definere seg (eller ikkje definere seg) som rom. Vi har tilsynelatande ikkje noko anna val enn å ta utgangspunkt i at litt under 700.000 personar i Romania definerer seg som rom. (Det nasjonale fondet for sosial utvikling i Romania (som har fått forvaltingsansvaret for det mest rom-relevante EØS-programmet) meiner at 1,2 mill. rumenarar sjølv vil oppfatte seg som rom; altså om lag dobbelt så mange som det offisielle talet iflg. folketeljingi av 2011. Dette høyrest ut som eit rimeleg overslag ut frå våre røynsler; men altså ikkje noko ein kan basere seg på).
2. I norske media blir det hevda at rom-minoriteten representerer dei fattigaste, mest undertrykte og mest stigmatiserte sjikt i Romania. Sjølv om dette er ein gjennomgangsmelodi i media, treng det ikkje dermed vera riktig. Ca 30% av ca 20 mill rumenarar lever under fattigdomsgrensa, dvs ca 6 mill. menneskje. (Statistikken om dette er rettnok nokså sprikande. Enkelte kjelder opererer med 40% rumenarar under fattigdomsgrensa. Vårt tal som representerer eit slag gjennomsnitt, stammar frå det rumenske Europafondsdepartementet). Dette tilsvarar i underkant av 6 mill. menneskje. Det er vidare ei vanleg oppfatning at omlag 80% av rom lever under fattigdomsgrensa. Går vi ut frå det offisielle talet på rom - 660.000 - lever altså om lag 530.000 rom under fattigdomsgrensa; men over 5 mill. etniske rumenarar. Det er m.a.o. ein langt høgre prosentdel av rom som lever under fattigdomsgrensa; men dei aller fleste ( godt over 90%) som lever under den same fattigdomsgrensa er etniske rumenarar. Sjølv om vi tek utgangspunkt i dei ovannemnde, langt høgre estimat for rom-folket, forblir dei eit klart mindretal blant dei fattigaste rumenarane.
3. Denne situasjonen har vi (representantar for ambassaden) observert med våre eigne augo ved våre mange gjestingar i rumenske byar og landsbyar. Fattigdomen i Romania er det på ingen måte rom-minoriteten som har monopol på.
4. Kvifor er det eit så stort gap mellom det offisielle talet på rom og vurderingar frå ulike eksperthald? Delvis fordi, som nemnt, kriteria for rom-definisjonen er uklare og lite omforeinte. Delvis fordi mange rom - som ville ha registrert seg som rom - av ulike grunnar ikkje blir registrert under folketeljingar - fordi dei ikkje finst i folkeregistret, fordi dei er på reisefot. Andre fordi dei ikkje ser seg tent med bli registrert. Så er det i tillegg ei stor gruppe «skap-rom», som ikkje er fattige, men som tvertimot er godt integrert og som ikkje vil bli registrert eller oppfatta som rom. Mange svært vellykka rumenarar er av delvis rom-ætt, mellom dei visstnok tidlegare president Iliescu, tidlegare statsminister Nastase m.fl. Fleire av dei rikaste rumenarane har likeeins rom-bakgrunn. Men ingen frå desse elitene vil stå fram som rom. Når du har lykkast , så "er" du ikkje lenger rom - med nokre få unntak.
5. Kvifor er dei fleste tiggjarane m.m. i Vest-Europa rom frå Romania, når dei talmessig langt fleste fattige i Romania er etniske rumenarar? Det er vanskeleg å finne ei anna forklaring på dette enn at tigging er akseptert som meir legitimt blant fattige rom enn blant andre fattige. Dette kan ein observere også i Romania. Fattige rom-born tigg, fattige etnisk-rumenske born tigg ikkje. Men korleis greier så store grupper fattige menneskje ta seg til Vest-Europa, leve der i månadsvis for å tiggje og drive med andre former for lovleg og ulovleg aktivitet? Den som har sett den ufattelege fattigdomen som rår i mange rumenske landsbyar og rom-gettoar, forstår at dette ikkje er menneskje som på eige hand er i stand til å finansiere reiser til Vest-Europa. Dei har knapt nok pengar til å dra til Bucuresti. Svaret på dette spørsmålet synest heilt klart å vere at stordelen av denne aktiviteten er resultat av organisert verksemd, ofte organisert av meir ressursterke rom, som også fær den største del av overskotet. Dette faktum blir stadfest av talrike politirapportar (mellom anna frå dei nordiske politi-liaison-offiserane i Bucuresti og Sofia), av talrike dokumentar-program i media m.m. Det kan sikkert eksistere enkelte unntak frå dette hovudbiletet; men dei er få. Tigging er m.a.o. i all hovudsak organisert kriminalitet på line med andre former menneskjehandel frå Romania og andre aust-europeiske land. Etablering av toalett og dusjtilgang o.l. for tiggarar i norske byar er m.a.o. tilrettelegging for organisert kriminalitet. Det er vanskeleg å forstå at dette kan vere eit diskusjonstema i norsk debatt. Er det fordi alliansen av moralisme og kunnskapsløyse i Noreg byggjer på eit så sterkt emosjonelt grunnlag at den blir uimottakeleg for fakta?
6. Det er mange tusen rom som er aktive med tigging, prostitusjon og annan kriminalitet basert på menneskjehandel i Vest-Europa. Men det er også mange - truleg fleirtalet - som aldri tek del i slik aktivitet. Kvifor er det slik? Det er det truleg ingen som har noko fagleg solid grunnlag for å uttale seg om. Men dersom det er lov å formidle eit inntrykk etter mange gjestingar i rumenske landsbyar og rom-område, så må det bli at der dei lokale styresmaktene syner eit minimum av engasjement for å integrere rom, så let dei seg også integrere i ein viss mon; og fell ikkje så lett som offer for organisert kriminalitet.
7. Løysing av rom-problemet kan berre skje i Romania; og i Romania kan det berre skje lokalt. Her kan våre EØS-middel yte eit lite tilskot - eit mikroskopisk tilskot - men brukt på rette måten kan det utgjera ein skilnad. Rette måten kunne vere å stø opp under eit par utvalde, mindre lokalsamfunn som alt har demonstrert vilje til å integrere rom. Dette kan vera i form av små, konkrete tiltak, så som lærebøker, skuletransport, ungdomhus o.l. - ut frå den overtyding at nøkkelen til sosial integrasjon er utdanning. Kanskje kunne vi såleis lykkast med å utvikle små modellar for korleis ting burde fungere. Men da bør vi ikkje smøre våre middel for tunt utover. Og tidi for seminar og konferansar om rom bør tilhøyre eit avslutta stadium. Slikt er berre til glede for hotell- og restaurantbransjen. Nå er det på tide å koma seg ned på bakken der problemi ligg. I dette arbeidet bør det fyrst og fremst ikkje rå nokon illusjon om at resultat vil bli oppnådd fort og breidt. Det vil i beste fall ta tiår. Det står heller ikkje på pengar. Den norske overtru på at alle problem kan løysast med meir pengar, må leggjast til side. Det det gjeld, er å ta dei riktige grep i samarbeid med kunnige folk og organisasjonar på lokalt nivå. I EU-kommisjonen ligg det minst nkr. 5 mrd. ubrukt, øyremerkte for rom og andre sårbare grupper i Romania. Som rumenske styresmakter ikkje har greidd å bruke, like lite som dei har greidd å nyttiggjera seg stordelen av dei over kr 200mrd som EU har stilt til rådvelde for Romania i bussjettperioden 2007-2014.
8. Norske styresmakter bør av den grunn ikkje setja seg på sin høge hest. Vi har jo ikkje så mykje å skryte av i så måte. Det har aldri lykkast Oslo kommune å få til ei vellykka integrering av eit par rom-storfamiliar som held til der - trass i rause budsjett og talrike tiltak gjennom mange år.
Øystein Hovdkinn
Kgl.Norsk Ambassade
Bucuresti
Dette var og er ikkje eit innlegg i debatten om tigging; ein debatt som eg ikkje vil blande meg inn i. Eg har ingen problem med å forstå at det er mogleg å ha motstridande tankar i hovudet om dette spørsmålet. På den eine sida er det ein fare for at eit slikt forbod ville bli like ineffektivt som forbodet mot sex-kjøp. Forbod som ingen bryr seg om, undergrev vyrdnaden for lov og rett. På den hi sida må¨det vera eit nederlag for rettsstaten at alvorlege lovbrot, nemleg menneskehandel og organisert kriminalitet fær lov til å utfalde seg fritt i det offentlege rom, synleg for alle, utan at nokon grip inn.
I debatten om forbod mot sigøynartigging har sume ,som nemnt ovanfor, synt til at tigging berre er eit symptom, og at problemet ikkje vil forsvinne ved at ein går laus på symptomet. Årsakene til tigging er ifølgje desse røystene fattigdom og elende i Romania, og Noreg må rette innsatsen inn mot å løyse det rumenske fattigdomsproblemet.
Nå har eg i rapporten av mai 2013 ytra meg kritisk til teorien om at fattigdom er ei tilstrekkeleg forklaring på tigging, og står sjølvsagt fast på den vurderingi.
Men sjølv om vi skulle godta premisset om at økonomisk hjelp og utvikling vil løyse problemet, så tyder ikkje røynslene på at Noreg og norsk hjelp til fattige land har løyst fattigdomsproblemet i andre mottakarland av norsk hjelp. Noreg har jo lang røynsle med å yte raus hjelp til fattige land. Romania og dei andre sentral- og aust-europeiske land er nykomlingar i historia om norsk utanlandshjelp. Her har vi rike kunnskapar å ause av - dersom vi ville. Det er vel på ingen måte klart - dersom eg skal uttrykkje meg svært høfleg - at meir enn 60 års norsk u-hjelp med enorme økonomiske overføringar til land i Asia og Afrika har drege desse landa opp or fattigdom og underutvikling. Mange sakkunnige er i tvil om det er mogleg å påvise ein positiv effekt av mange ti-år med norsk og vestleg u-hjelp. Sume sakkunnige meiner til og med at effekten generelt har vore negativ(2).
Men Afrika er Afrika og Romania og andre mottakarland av norsk EØS-hjelp ligg jo i Europa, så det blir vel ei anna historie?
Sidan EØS-avtalen kom i kraft i 1994, har Noreg overført store økonomiske middel til EU-medlemene i Sentral- og Aust-Europa.
Nest etter Polen er Romania det EU-landet i Sentral- og Aust-Europa som tek imot dei største overføringane av norske finansmiddel under EØS-avtalen. Og det er ikkje små summar vi talar om: Frå 2009 til 2014 gjekk det ut over 2,7 mrd.kr(etter dagens,dvs.mai 2017, euro-kurs) frå den norske statskassa til Romania. Frå 2014 til 2021 er det avtala ei overføring på over 4,5 mrd.kr. Økonomisk hjelp av slike dimensjonar er fullt på høgde med det dei største afrikanske mottakarland fær i norsk u-hjep år om anna.
I Romania har vi mange døme på gode prosjekt, som har kome dei lokalsamfunn til nytte der dei har vorte gjennomførde. Det er nok reint faktisk lettare å få til positiv resultat i eit europeisk fattig land som Romania enn i eit afrikansk fattig land - av årsaker som det ikkje er plass til å gå inn på her.
Ein lærdom har eg likevel teke med meg frå Romania; nemleg at eit land ikkje kan byggjast gjennom økonomiske overføringar utanfrå. Slike overføringar kan i beste fall utgjera eit lite tilskot til utvikling og omforming i eit gjeve land. Samfunnsendringar vil alltid og i all hovudsak måtte vera eit ansvar for folket og den politiske leiarskapen i det aktuelle samfunnet.
Dei 60 år EU har eksistert, er det gjort enorme økonomiske overføringar frå det rike Nordvest-Europa til det mindre velståande i Sør-Europa og Irland, utan at nokon vil påstå at dette har gjort Sør-Europa vesentleg meir like gjevarlandi i nord. I den mon det har skjedd ei utvikling i mottakarlandi, så er det svært ulike resultat frå land til land; jfr berre Hellas og Irland.
Sume land er i stand til å gjera seg nytte av hjelp, andre ikkje, og det tek i alle fall lang tid. Og det trengst massive overføringar, på EU-nivå. Norsk hjelp utgjer mange milliardar , men er mikroskopisk samanlikna med overføringane frå EU, dvs frå velståande EU-land.
Dei som meiner at vi med vår hjelp skal løyse det rumenske fattigdomsproblemet må vera utanom det vanlege naive, eller ha eit hundre-eller tusenårs-perspektiv på når vi skal sjå resultat av denne hjelpa. Og i mellomtida vil fleire generasjonar med tiggjarar, prostituerte og andre organiserte kriminelle også ha forlate scenen.
I tillegg til overføringane frå den norske statskassa til Romania , blir det altså - som NRK/Brennpunkt har påvist - overført store middel til Romania frå utbytet av tigging. prostitusjon og annan kriminalitet i Noreg.
Kven kjem desse pengane til gode?
Dei sigøynarane som organiserer kriminaliteten over heile Europa, tilhøyrer sigøynareliten, og er ofte svært rike. Og dei er ikkje redde for å syne fram rikdomen. I dei fleste større rumenske og moldovske byar er det ein eigen bydel der berre rike sigøynarar bur, i store, oftast pompøse villaer. Her ligg det investert mykje pengar, som er samla inn av mange flittige hender mellom anna på gatene i Bergen.
På mine mange reiser i Romania og Moldova la eg alltid ein tur innom "sigøynarbyen", som dei blir kalla på folkemunne.
Ein av dei mest imponerande, ja, utrulege, sigøynarbyane ligg i Soroca, ein by lengst nord i Moldova på grensa mot Ukraina; ein by eg har gjesta fleire gonger. Sigøynarbyen i Soroca ligg på eit høgdedrag med vakkert utsyn over resten av byen, elva Nistria og inn i Ukraina. Her ligg det gate etter gate med enrome hus, mange er kopiar av kjende byggverk, som det Kvite Hus i Washington eller Peterskyrkja i Roma. Når ein kjem hit fyrste gongen, så er det så må ein må gni seg i augo. Kan det vera sant? Faktisk har sigøynarbyen i Soroca vorte nærmast ein turistattraksjon. Dei få turistane som kjem til Soroca, må innom sigøynarbyen på høydedraget. Da eg var der på min siste tur, vart eg synt rundt av borgarmeisteren, som tydelegvis også tykte at dette var interessant. Eg spurde han kvar sigøynarane fær pengar frå til å byggje slike svære hus. Han flirde og sa at dei har stor forretningsverksemd i utlandet, alle som ein. Eg sa at han måtte vel få gode skatteinntekter frå desse store og velståande huseigarane. Han svara at det kom ikkje eit øre derifrå, Dei betalte ingenting, og når dei vart gått etter i saumane, hadde dei aldri noko på konto. Bypolitikarane hadde gjeve opp å få noko att frå sigøynarbaronane på gratishaugen.
Det interessante med norske samfunnsdebattar er at dei oftast blæs opp med stor kraft, varer nokre få dagar, for så å døy bort som om ingenting har hendt.
Ein kan lure på om nordmenn flest trur at problemet har vorte løyst fordi ein har prata om det?
I april 2017 hadde NRK/Brennpunkt sitt program om organisert kriminalitet i Bergen. I mai 2017 går den organiserte kriminaliteten vidare.
Det er kanskje ikkje så store skilnader mellom borgarmeisteren i Soroca og norske styresmakter?
###################################
(1) Eg brukar stort sett omgrepet sigøynar sjølv om omgrepet rom(a) eller romfolk er det politisk korrekte. Eg gjer dette av to grunnar:
For det fyrste brukar folk flest, og særleg gjeld dette i Romania som vi talar om her, uttrykket sigøynar. For det andre er det ikkje semje blant sigøynarane om bruk av omgrepet rom. Sume avviser å bli omtala som rom(a), og grunngjev dette med at rom utgjer berre enkelte grupper innanfor sigøynar-minoriteten.
Sigøynarane eller rom som det blir kalla upresist men politisk korrekt, er ei fargerik og mangfaldig gruppe som er prega av store ulikskapar og eit hierarki. Den viktigaste byggjesteinen er storfamilien og oppå denne kjem klanen. Mellom klanane rår det liten eller ingen solidaritet. Tradisjonelt var dei mest prestisjefylte klanane musikarklanen og metalarbeidar- og finsmed-klanen. Lengste nede står dei som lever av å samle rusk og rask frå avfallsplassasr og søppel - og av tigging.
(2) Jfr. t.d. professor Øyvind Østerud som i Aftenposten 29.9.2016 skriv m.a. at: "Å tro at jo mer vi gir i bistand, jo mer reduserer vi verdens fattigdom, er rett og slett feil..Fortsatt bidrar for mye av bistanden fra den rike verden til å forsterke problemet..Bistanden har befestet korrupte regimer.."