SKOTSK NASJONALISME

Artikkelen nedanfor stod på prent i tidsskriftet Syn og Segn nr.3/2013. Eg offentleggjer den på ny her av tre hovudgrunnar: For det fyrste fordi temaet skotsk nasjonalisme og sjølvstende for Skottland framleis er svært aktuelt. Faktisk er det sidan Brexit-avrøystinga i Storbritannia, og alt som fylgde i kjølvatnet av denne, meir aktuelt enn nokon gong. For det andre fordi det vesle som norske media formidlar om temaet framleis er overflatisk og ofte misvisande. For det tredje er eg så frimodig at eg vil hevde at innhaldet av denne artikkelen, som nå er snart 8 år gamalt, står seg godt. Som eg spådde vart det fleirtal mot sjølvstende ved folkeavrøystinga i 2014(55,3% nei, 44,7% ja til sjølvstende); men som eg også spådde, så vart ikkje dermed spørsmålet lagt daudt. Tvertimot er det dei yngre generasjonane som har ført kampen for eit uavhengig Skottland vidare med størst kraft og entusiasmisme. Økonomiske argument ser framleis ut til å spela ein mindre viktig rolle enn identitet og nasjonalt sjølvmedvet. Det viktigaste for at sjølvstendekampen har fått ny ammunisjon er EU-spørsmålet. Nesten 70% av skottane røysta mot å gå ut av EU, og det vart i Skottland reagert med sinne mot at eit stort  flerital for EU-utmelding i England gjorde dette mogleg. Dét at utmeldinga i 2020 faktisk vart gjennomført av den i Skottland alt frå før  sterkt upopulære og mislikte Boris Johnson, gav ekstra vind i segla til dei skotske nasjonalistane.

Frå 2007 har det skotske nasjonalistpartiet(SNP) vore største parti i det skotske parlamentet, og har altså 14 år utan avbrot hatt regjeringsmakta i Skottland. I 2011 fekk SNP absolutt flerital (med 69 av 169 parlamentssete), og hadde dermed det parlamentariske grunnlaget for å gjennomføre avrøystinga i 2014. I 2016 miste partiet sitt absolutte flerital, men heldt fram å styre  som største parti (med 59 av 169 sete). I 2021 vann SNP sitt fjerde parlamentsval på rad. Eit absolutt særsyn i den demokratiske delen av verda. Med 64 av 169 sete i det skotske parlamentet har det ikkje absolutt fleirtal(65), men er avhengig av partiet Dei Grøne med 8 sete. I og med  at Dei Grøne også er tilhengjarar av eit uavhengig Skottland, har SNP fleirtal for det store og nær sagt einaste prosjektet som samlar partiet, nemleg eit utbrot frå Unionen med England.   I skrivande stund (juli 2021) ser det ut til å gå mot ei ny folkeavrøysting om ja eller nei til eit uavhengig Skottland. Styresmaktene  i London seier rettnok nei til ei slik avrøysting m.a.med det argument at det er for stutt tid (berre 7 år) sidan den førrre avrøystinga. Formelt kan ikkje Skottland ha ei avrøysting utan godkjenning frå sentralregjeringa. Eg vil tillate meg å tvile på at Westminster kan blokkere ei avrøysting, dersom det regjerande partiet i Skottland og eit fleirtal i det skotske parlamentet går inn for dette. Ei slik blokkering vil truleg berre nasjonalistane tene på. Konklusjonen må difor bli den same som i teksten frå 2013 nedanfor , nemleg at kampen for skotsk sjølvstende på ingen er måte er over. Den vil vara ved, og dét faktum at nasjonalistpartiet SNP vinn val etter val i Skottland med sjølvstende som viktigaste fanesak, er i seg sjølv den beste stadfesting på at denne kampen truleg vil vara ved inntil Skottland ein gong blir ein sjølvstendig stat.

Øystein Hovdkinn, 26.7.2021.

##################################################################################################################

SYN OG SEGN, NR. 3/2013

Blir Skottland uavhengig i 2014? Framvoksteren og valsigrane til det skotske nasjonalistpartiet kan sprengje den 206 år gamle unionen med England .

I 2007 vart det skotske nasjonalistpartiet (Scottish National Party, SNP) sensasjonelt  største parti ved val til det skotske parlamentet. Med Alex Salmond som fyrsteminister kunne SNP for fyrste gong skipe regjering med ansvar for det indre sjølvstyret i Skottland.  Salmond er ein politikar med stort charisma, velutvikla sans for humor og strålande talegåver, kombinert med politisk kløkt og evne til strategisk tenking. I 2007 vart han av publikasjonen «Spectator» utpeikt til « British Parliamentarian of the year». Saman med ein underskog av yngre politikarar med nestleiaren Nicola Sturgeon og leiaren for SNP-gruppa i det britiske parlamentet, Angus Robertson, som dei viktigaste, brukte nasjonalistane regjeringsmakta til å konsolidere og styrke oppslutnaden blant skottane.  Etter 4 år ved makta kom nasjonalistane enda sterkare attende, og vann det absolutte fleirtalet i 2011. Med grunnlag i dette fleirtalet vart den skotske fyrsteminister Salmond og  den britiske statsminister Cameron i oktober 2012 samde om at det skal skipast til ei folkeavrøysting i Skottland om sjølvstendespørsmålet i 2014. Denne dramatiske utviklinga i eit granneland har vekt merkeleg lite interesse i Noreg; sjølv om konsekvensane for norske interesser av skotsk sjølvstende  kan bli store.

Kva forklarar   -  utanom dyktige leiarar   -  framvoksteren til det skotske nasjonalistpartiet og spesielt dei historiske valsigrane i 2007 og 2011?

Gjennombrotet i form av regjeringsmakt kom i 2007, men den lange marsjen mot toppen starta allereie 40 år tidlegare.  Da sigra den unge kvinnelege nasjonalisten , Winifred Ewing, uventa ved eit suppleringsval til det britiske parlamentet i ei tradisjonell  Labour-høgborg i Glasgow. Glasgow-området har i moderne tid alltid vore nøkkelen til økonomisk og politisk makt i Skottland. Her finst den største folkekonsentrasjonen, og her låg kolgruvene, tungindustrien, skipsverfta og våpensmiene. Og her var Labour dominerande med basis i ei velorgansiert, sjølvmedvete  industri-arbeidarklasse.  Difor var Ewings valsiger så sensasjonell og så uakseptabel for Labour. Men etterkvart har nasjonalistane gjort djupare og djupare innhogg i «the central belt»; for til slutt i 2011 å bli større enn Labour til og med her. Dette er ei utvikling som har gått parallelt med avvikling av det gamle industrisamfunnet og den tilhøyrande, tradisjonelle arbeidarklassen på den eine sida, og med  framvoksteren av servicenæringar , papirarbeidarar og skiftande lojalitetar på den hi.  Det er logisk at eit part som tek utgangspunkt i nasjonen og ikkje i klassen, tener og veks på at den sterke klasse-identiteten, som vart skapt i og av det tradisjonelle industrisamfunnet, visnar, går opp i liminga og blir erstatta av noko anna. I meiningsmålingar legg medlemer av SNP hovudvekta på folket og nasjonen, ikkje klasse-tilhøyrsle, som dei viktigaste element i identitetsgrunnlaget. I meiningsmålingar er SNP-medlemmer langt mindre viljuge enn medlemmene av andre parti til å identifisere seg som tilhøyrande ei nærare definert sosial klasse. Den som har vore på eit SNP-landsmøte kan ikkje unngå å legge merke til at her er alle sosiale grupper og sjikt representert, i motsetnad t.d. til eit landsmøte i det skotske konservative partiet. Og di større partiet har vorte, di meir har det vorte eit folkeparti, naturleg og trivielt nok.

Avviklinga av det det gamle industrisamfunnet utgjer berre eit bakteppe for framvoksteren av SNP. Dette var kanskje naudsynt for at skotsk nasjonalisme skulle vekse, men det var ikkje tilstrekkeleg. Det ville vere for enkelt.

Nasjonalistane hadde teke til å få vind i segla før olje- og gassutvinning vart ein faktor i britisk økonomi. Det er likevel ingen som helst tvil om at ingen enkeltfaktor har vore meir utløysande for SNPs framgang den siste mannsalderen enn oljeinntektene. Det var nettopp Nordsjø-oljen som på 1970-talet gav SNP eit velkome argument for at eit uavhengig Skottland kunne stå på eigne økonomiske bein. Under slagordet "It's Scotland's oil" reid partiet på ei bølgje av framgang ved fleire val. Framleis brukar Nasjonalistane olje-argumentet ofte, og etter samtaler i Oslo i november 2006 stod Alex Salmond fram i skotske media og proklamerte at det norske oljefondet var ein modell for Skottland. Stordelen (visstnok omlag 90%) av dei britiske olje- og gassressursane i Nordsjøen ligg på (geografisk) skotsk del av sokkelen; og regjeringar av skiftande partifarge i London har vore klar over det eksplosive potensialet som låg i Nordsjøoljen.  I eit internt notat som ein økonom i Scottish Office skreiv på 1970-talet, heiter det at oljeinntektene frå Nordsjøen ville gje eit eventuelt uavhengig Skottland "pinleg store skatteinntekter". Notatet vart ikkje  offentleg kjent  før i 2007, av otte for at det ville styrke SNP. Dette var sikkert ei riktig vurdering på bakgrunn av at eit uavhengig Skottland frå 1970-talet ville hatt inntekter frå petroleumsaktivitetane i Nordsjøen omlag på nivå med det Noreg har hatt. Teoretisk kunne Skottland altså bygt opp valutareservar tilsvarande det norske pensjonsfondet. I staden har desse inntektene forsvunne inn i den britiske statskassa.

Det som blir kalla Thatcher-effekten, var også viktig for oppslutnaden om SNP. Marknadsliberalismen til Margareth  Thatcher var av ulike grunnar meir upopulær i Skottland enn i England; og vart ein pådrivar for at SNP i denne perioden offisielt erklærte seg som eit sosialdemokratisk parti, plassert til venstre for sentrum i økonomiske og sosiale spørsmål. Under Thatcher vart det som var att av tungindustri i Skottland, lagt ned, og arbeidsløysa vart høgre i Skottland enn i England.

Misnøyet med  Thatcherismen steig til nye høgder og spreidde seg til breiare sosiale grupper da den såkalla «poll tax» ( dvs kommunal  koppskatt pr hovud i eit hushald i staden for etter  formue og inntekt) vart innført i 1987. Det som vart oppfatta som mangel på sosial solidaritet og medkjensle hjå Thatcher og det konservative partiet i denne perioden,  har fått varige skadeverknader for dei konservative i Skottland.

Dette vart nok også forsterka av at Thatcher sjølv og dei fleste av hennar næraste medarbeidarar var engelske; som ofte la for dagen ein nedlatande tone overfor Skottland og skottane. Det konservative partiet identifiserte seg i aukande mon med England, eller slik var iallfall det inntrykket som utvikla seg blant mange skottar. Ikkje berre engelske konservative politikarar framstod som anti-skotske. Engelske media med London-aviser som Daily Telegraph i spissen, dreiv under Labour-regjeringane åt Blair og Brown (som båe to hadde skotsk bakgrunn) ein kampanje med sterke innslag av "anti-Scottishness". Mellom anna vart det hevda i Daily Telegraph at ein skotsk  "mafia» styrde labourregjeringane.   Dette er bakgrunnen for at Toriane er redusert til eit marginalt parti i Skottland, med ein einsleg representant i det britiske parlamentet.

Kvifor kunne SNP i aukande grad tene på denne faneflukta frå det konservative partiet i Skottland? Truleg fordi dei nye makthavarne i Storbritannia, «New Labour» under Tony Blair, i stor mon overtok Thatchers økonomiske og sosiale politikk.  Dette gjorde det mogleg for nasjonalistane å kritisere Labour frå ein venstreposisjon, noko som slo an i miljø også utanfor tradisjonelle Labour-veljarar. I tillegg kom Blairs Irak-eventyr saman med USA. Dette var upopulært over alt, men av større politiske parti i Storbritannia var det berre dei skotske nasjonalistane som var slik plassert at dei kunne kritisere Blair, og dermed hauste politisk gevinst av denne kritikken. Vedtaket under Blair om å fornye det britiske atomforsvaret  (Trident) skapte også ein proteststorm i Skottland,  i motsetnad til i England. Såleis gjekk den skotske kommunalministeren og Labour-politikaren Malcolm Chisholm, ut av den daverande skotske sjølvstyreregjeringa i protest mot vedtaket. Påny var dette «gefundens Fressen» for SNP, som alltid har markert seg som eit anti-atom-parti, og har ført an i protestane i Skottland mot atomvåpen generelt og mot britiske atomvåpenbaser på skotsk territorium spesielt. Dette er ein tradisjon som går heilt attende til 1960-talet da Macmillian-regjeringa utplasserte Polarisubåtane på baser i Skottland. Nasjonalistane har som einaste parti fylgd ei konsekvent line i dette spørsmålet. Dette har jo ikkje vore populært i alle krinsar, men SNP har iallfall utøvd eit monopol på anti-atomvåpen- og anti-Irak-krig -kamp som også har trekt veljarar.

Ikkje uviktig for valresultatet i 2011 var nok også at SNP etterkvart har fått store økonomiske tilskot frå skotsk næringsliv og store næringslivseigarar, i tillegg til inntektene frå ei veksande medlemsmasse. Resultatet var iallfall at SNP i 2011 hadde eit langt større valkampbudsjett enn noko av dei andre partia.

Etter valsigeren i 2007 trudde mange at SNP ville bli sliti i stykker av indre motsetnader, og som mindretalsregjering miste oppslutnad blant veljarane når det etterkvart ville syne seg at dei mange vallovnadene ikkje kunne bli haldne. Det fortel mykje om den politiske dugleiken åt SNP-leiarskapet at dei ikkje berre greidde å halde seg ved makta gjennom ei økonomisk krisetid, men avslutta si fyrste regjeringsperiode med å vinne absolutt fleirtal i det skotske parlamentet. Ikkje minst viktig for dette resultatet var det nok at skotske veljarar fekk inntrykk av at nasjonalistane ærleg arbeidde for skotske interesser mot styresmaktene i London; og at desse styresmaktene frå 2010 var dei i Skottland upopulære toriane i allianse med dei nesten like upopulære liberaldemokratane.

2. Kva står SNP for ideologisk?

SNP er den fremste representanten for den organiserte, politiske nasjonalismen i Skottland. Tilhengjarane kallar seg nasjonalistar, og har som fremste mål å atterreise Skottland som ein eigen suveren nasjonalstat. Nasjonalisme er som kjent  eit mangetydig omgrep, som blir brukt om politiske fenomen som spenner over store delar av det politiske spektrumet i synet på økonomiske, sosiale og andre spørsmål. Ein nasjonalist kan vere autoritær eller demokratisk, høgreorientert eller venstreorientert i økonomiske-sosiale spørsmål; framandfiendtleg eller inkluderande. Finst det kriteria som dekkjer alle desse ulike retningane? Store Norske Leksikon gjev følgjande definisjon av nasjonalisme: " Politiske ideologier eller idéretninger som er basert på prinsippet om nasjonens, særlig den etnisk homogene nasjons , egenverdi. Nasjonalismens understrekning av det nasjonale innebærer først og fremst at nasjonalstaten oppfattes som den eneste naturlige eller normale politiske enhet" . Fagbøker viser til at i definisjonen av nasjon og nasjonalisme inngår eitt eller fleire av følgjande kriteria:  Sams territorium/land; sams språk, same ætt/etnisitet, sams religion og kultur, sams historie  og historisk samliv.  På grunnlag av desse kriteria har det utvikla det seg ein sams identitét  -  og ein vilje til å leve saman i fellesskapet nasjon og innanfor rammene av ein nasjonalstat. Språklege og andre sams identitetskjennemerke er ikkje i seg sjølv nok til å skape ein nasjon. Utan kollektiv vilje til nasjon, ingen nasjon, ingen nasjonalstat.

Det skotske nasjonalistpartiet oppfyller, som nemnt, definisjonen når det gjeld synet på nasjonalstaten som den høgste politiske eining, og som den naturlege ramme for samlivet innanfor nasjonen. Leiande SNP-leiarar i spissen dyrkar også ein teori om ein eigen småstatsnasjonalisme. Såleis har Alex Salmond fleire gonger sagt at statar med ei folkemengde mellom 5-10 millionar har det ideelle omfanget for ein velfungerande og vellykka statsskipnad.

Men det er ikkje heilt lett å få SNP til å passe inn i kriteria om språk, kultur og etnisk homogenitet som her er nemnde.

Når det gjeld språk, så kan ein ikkje tale om eit eige skotsk språk, som skil skottane som folk frå t.d. engelskmenn. Det gamle keltiske språket(gælisk) er nesten heilt utdøydd eller rettare sagt utrydda. Truleg færre enn 2%  har det som morsmål. Ei anna sak er at det også i mellomalderen var store folkegrupper i Skottland som ikkje hadde gælisk som morsmål. Det gjekk eit klart språkleg og etnisk skilje mellom Lowlands og Highlands. Det finst filologar som hevdar at skotsk-engelsk er så ulikt standard-engelsk at det kan definerast som eit eige språk, men dette er eit mindretalssyn. (Det har vore hevda av enkelte at dersom norsk bokmål og dansk kan definerast som to ulike språk, så er også skotsk-engelsk og engelsk to språk).  Det er nok også riktig at dei fleste SNP-leiarane  -  frå Alex Salmond og Nicola Sturgeon, til John Swinney og Fiona Hyslop snakkar engelsk med den sterke aksenten som vi gjerne assosierer med Skottland. Ingen av desse har lært engelsk på privatskular ”south of the border”. Men det finst også sume slike i SNP, utan at det blir oppfatta som eit stort lyte. For dei aller fleste skotske nasjonalistar er språket rett og slett ikkje noko hovudtema; det er ikkje eit nasjonalitetsbyggjande eller –hindrande  element. På den måten har skotske nasjonalistar same haldning som dei irske nasjonsbyggjarane.

Det same kan seiast i enda sterkare grad om etnisitet. SNP manglar rett og slett innslag av framandfiendskap eller rasetenkjing. Tvert imot er partiet tilhengjar av sterkare innvandring. Motivet ser fyrst og fremst ut til å vere å få opp folketalet i Skottland. Enkelte motstandarar av SNP hevdar rettnok at partiet si haldning til England og engelskmenn har rasistiske tendensar, men dette er vanskeleg å ta alvorleg. Det er meir uttrykk for politisk polemikk enn realitetar. Sjølvsagt har  skotske nasjonalistar ofte uttala seg og aksjonert mot England, men det er på same måte som irske og andre sjølvstende-forkjemparar har gjort dette, nemleg som ein kamp mot ei dominerande overmakt. Vektlegging av det etniske, for ikkje å snakke om rasetenking og raseteoriar manglar heilt i SNPs tradisjon og politikk. Skotsk statsborgarskap har ifølgje partiet alle rett til som lever i Skottland og identifiserer seg med Skottland. Det er typisk at det fyrste ikkje-europeiske medlemmet av det skotske Parlamentet , vart innvald som representant for SNP. Dette var Bashir Ahmad som kom som ung immigrant frå Pakistan i 1960-åra, og vart innvald frå Glasgow ved Parlamentsvalet i mai 2007.  Enda meir overraskande er at dei skotske nasjonalistane heller ikkje syner spesielt  sterk interesse og engasjement for tradisjonell skotsk folkekultur og skotske særsvip. Dette er som kjent sterke kjennemerke ved nasjonalismen i t.d. slaviske og tyske område. Sjølvsagt brukar SNP-tilhengjarar, som mange andre skottar, kilt og sekkjepipe-musikk, men slik bruk har ikkje vore noko innslag i parti-ideologien eller –politikken. Det er ikkje tale om ei ideologisk dyrking av folkekulturen , av den spesifikke skotske kulturarven.  Heller er det snarare tvert imot: I det 20.hundre-året har det heller vore ein tendens til at SNP heller har sett på, og bortimot forkasta slik dyrking som ei romantiserande tilsløring av den øydelegging av det økonomiske og sosiale grunnlaget for den autentiske Høglandskulturen; som faktisk har skjedd  -  og ofte gjennomført av dei som var mest opptekne av å iføre seg staskilten ved festlege høve. Eg trur ikkje det er tilfeldig at eg aldri har sett SNP-leiaren Alex Salmond iført kilt ved festlege høve.

Så kva blir da innhaldet i den skotske (SNP-) nasjonalismen, dersom det manglar dei vanlege kjennemerke som elles pregar nasjonale eller nasjonalistiske rørsler og parti?

Den skotske statsvitaren Jack Brand meiner at nøkkelen til forståing av den skotske nasjonalismen er omgrepet ”separateness” og ein skotsk ” sense of own separateness”. Den historiske utviklinga og den hundreår lange kampen mot England og engelsk dominans, har gjort skottane medvetne om at dei er åtskilt frå og ulike engelskmennene, og dette byggjer ikkje på objektive kriteria som skil dei frå engelskmennene; men på ei kjensle av eigen identitet, særmerke og ulikskap.

Framståande SNP-talsmenn er også opptekne av at deira nasjonalisme tilhøyrer same politiske familie som dei demokratiske nasjonale frigjeringsrørslene i Skandinavia før 1914, og i den tredje verda etter 1945. Frå eit tidleg tidspunkt var den norske sjølvstendekampen og det sjølvstendige Noreg frå 1905 ein modell for det skotske nasjonalistpartiet. Mellom Noreg og Sverige var det knapt større etniske eller språklege skilnader i 1905, enn mellom Skottland og England idag. Det skulle såleis for ein nordmann vere lett å forstå skotsk nasjonalisme og sjølvstendekamp.

SNP ser seg sjølv som noko anna og meir enn andre politiske parti; SNP er dét skotske partiet; ikkje ei partiavdeling  underlagt ein britisk partiorganisasjon slik dei andre partia i Skottland uomtvisteleg er.

Under denne store fanasaka gjer det seg store sprik gjeldande særleg i synet på økonomisk og sosial politikk. Sjølv definerer partiet seg i sitt program som sosial-demokratisk, men SNP spenner nok over eit større spektrum av ulike grupperingar og retningar enn sosialdemokratiske parti flest. Det finst ein klart sosialistisk fløy, som styrka si stilling da mange frustrerte Labour-tilhengjarar i Skottland forlet Blairs New Labour og slutta seg til SNP.

I boka ”Grabbing the Thistle” (2006) kjem den andre helvta av SNPs Janusandlet (i spørsmålet om sosialisme eller marknadsøkonomi) til syne. Her går SNP-aktivisten og den seinare miljøvernministeren Michael Russell inn for å redusere radikalt statens samfunnsrolle i Skottland. Han argumenterer for å skjera sterkt ned på offentlege utgifter og det offentlege byråkrati, og styrke næringslivet ved å kutte i skattar og avgifter. Både firmaskatten og inntektsskatten bør kraftig ned. Russell hyllar marknadsøkonomiens far og teoretiske grunnleggjar, (skotten) Adam Smith i sterkt rosande ordelag (”.. Adam Smith has done more to advance the living standard and well-being of our fellow human beings than any other book”) (1). Ordet sosialisme eller sosialdemokrati blir knapt brukt i boka, og  når det blir brukt, så er det i negativ samanheng. Den ”gamaldagse statssosialismen” og det høge offentlege forbruket i Skottland blir gjeve skulda for dei ”vesentlege strukturelle veikskapane” som landet slit med  -   ifølgje Russell.

Under SNP-paraplyen finst det m.a.o. sterkt ulike syn og meiningar om økonomi og statsstyring versus marknadsøkonomi, men det må vere rett å seia at ein pragmatisk sentrumsprofil er den som i dag pregar partiet. Sume kommentatorar har spådd at det berre er eit tidsspørsmål før det store mangfaldet i posisjonar innanfor SNP må føre til spenning og konflikt. Hittil har ikkje dette skjedd. Det kan sjå ut som dette er noko nasjonalistane i Skottland er istand til å leve med, kanskje fordi at for alle fraksjonar er alt anna underordna hovudmålet, nemleg lausriving frå England og statleg sjølvstende. Da SNP sat i regjering 2007-11 var dette  med eit mindretalsgrunnlag i Parlamentet, noko gjorde det lettare for partileiinga å displinere venstrefløyen. Ved å skapa problem for si eige regjering  vil sosialistane risikere at sjølvstendespørsmålet rykkjer ut i ei usikker framtid. Men også etter at SNP fekk absolutt parlamentsfleirtal i 2011, har det lykkast fyrsteminister Salmond å halde troppene samla. Truleg er det klart for alle at berre eit parti med regjeringsmakt kan gjennomføre ei folkeavrøysting om sjølvstende, og Nasjonalistpartiet er det einaste partiet som vil ha ei slik avrøysting. Venstrefløyen held seg altså i ro, kanskje heilt til det store slaget er over.


Kor sannsynleg er det at Skottland blir ein sjølvstendig stat?

Den 18.september 2014 skal skottane i ei folkeavrøysting ta stilling til spørsmålet: «Bør Skottland bli eit uavhengig land?» («Should Scotland be an independent country?»). Kva vil dei så svara på dette spørsmålet? Meiningsmålingar gjennom fleire år har synt at dei er svært delte i synet på sjølvstende. Mange målingar syner at om lag 1/3 er for, 1/3 er imot sjølvstende, medan 1/3 ikkje har gjort seg opp ei meining. Men oppslutnaden om det eine eller andre alternativet svingar nokså mykje over tid. Enkelte målingar har synt fleirtal for sjølvstende, andre har synt ein oppslutnad nede på rundt 25%. Det som har slege meg når dette temaet kjem opp i samtaler med skottar, er kor pragmatiske mange av dei   -  kanskje skottar flest  -  er i synet på eit uavhengig Skottland. Det som går att i argumentasjonen, er tvil om korleis lausriving frå storebror England vil slå ut økonomisk. Mange er i tvil om dei kan greie seg på eige hand. Dersom dei var sikre på at sjølvstende ikkje ville slå negativt ut økonomisk , er det nok eit klart inntrykk  at mange skottar ville stø eit uavhengig Skottland. Meiningsmålingar kan sjå ut til å stadfeste slike anekdotiske inntrykk.

Det er iallfall langt mellom skotske kjærleikserklæringar til Unionen. Den 300 hundre år gamle unionen mellom England og Skottland har i sanning utvikla seg til eit fornuftsekteskap. Noko som kanskje ikkje er så overraskande etter eit så langt samliv. (At det same er tilfelle på engelsk side er ei anna historie, eller kanskje heller ei anna side av same historie).  Den kjende skotske historikaren Tom Devine har synt at unionen med England av 1707 lenge var upopulær, men fekk ei sterk stilling i Skottland etterkvart; og dette av to hovudgrunnar: På grunn av imperiet som gav arbeidsplassar og marknader, og på grunn av velferdsstaten som vart bygt opp etter 2. verdskrig. Nå er imperiet borte, og spørsmålet er om fleirtalet av skottar oppfattar unionen som ein føresetnad for velferdsstaten og for det skotske velstandsnivået. Dersom dei ikkje lenger gjer dét, er det lite som kan berge statsfellesskapet med engelskmennene -  ifølgje professor Devine.

Når skottane i dag er delte i sjølvstendespørsmålet, er dei   -  dersom vi skal følgje Devine  - m.a.o.  i tvil om unionen er den beste garantien for økonomien og for velferda. Tvilen kan godt koma Unionen til gode. Den økonomiske krisen frå 2008/2009 da skotske storbankar måtet reddast av britiske styresmakter, har vel helst auka tvilen om Skottland kan greie seg på eige hand. Nasjonalistane har rettnok og tvert imot argumentert med at krisen har synt at skottane må få herredøme over sin eigen økonomi.

Dét faktum at størstedelen av britiske olje- og gassressursar utaskjærs ligg på skotsk del av sokkelen, gav som nemnt ovanfor, eit sterkt påskuv til SNP frå 1970-talet. Men nå går det nedover med desse ressursane, sjølv om dei vil bli uttømt fortare på engelsk del av sokkelen enn på den skotske. Ut frå at den økonomiske faktoren blir tillagt slik vekt, kan dette altså styrke dei unionsvenlege.  Av same grunn kan nye store olje- eller gassfunn på skotsk sokkel styrke nasjonalistane. Slike funn kan som kjent koma brått og uventa i Nordsjøen (jfr  norske funn ved Utsira m.m. i 2012); men dei bør altså helst koma rimeleg fort for å gjera utslag i folkeavrøystinga hausten 2014.   Ein annan faktor som kan gje eit visst utslag, er det faktum at blant dei yngre er det langt fleire tilhengjarar av sjølvstende enn blant eldre  -  ifølgje meiningsmålingane. Det kan difor tene nasjonalistane at dei ser ut til (i skrivande stund) å få gjennomslag for ei 16-års aldersgrense ved folkeavrøystinga.

Alt i alt er det likevel lite truleg at sjølvstende-alternativet fær fleirtal neste år.  Men sjølv om eit fleirtal av skottane skulle røyste nei til sjølvstende i 2014, vil truleg ikkje siste ord vere sagt med dette. Så lenge dei skotske nasjonalistane står så sterkt politisk som dei har gjort sidan iallfall 1990-talet, så vil dei sørgje for at sjølvstendespørsmålet blir ståande  på dagsorden.

Sjølvstyret har hatt ein indre dynamikk i retning av auka skotsk sjølvmedvet og politiske ambisjonar. Den politiske kulturen i Skottland er endra etter at indre sjølvstyre , med eige parlament og regjering, vart innført i 1999; og  særleg etter 6 år med SNP-regjering. Det er vanskeleg å sjå korleis  denne prosessen kan bli snudd. Når SNP har fått så sterk oppslutnad ,  så er det mykje  fordi partiet har fokusert positivt. Partiet har lagt vekt på kva Skottland kan få til; og på dei store naturressursane landet rår over. Denne positive tilnærminga har smitta over på heile partiapparatet og regjeringsadministrasjonen, og er ein viktig faktor for å forstå at SNP på få år har utvikla seg frå eit lite og nokså sært parti, til eit moderne og samlande parti med regjeringsmakt i Skottland. Av mange og av  stadig fleire blir SNP rett og slett oppfatta som det skotske partiet; Skottlands parti som strir for skotske interesser mot England. Den skotske nasjonalismen har - som nasjonalistiske krefter andre stader -  ein innebygd evne til å sprengje seg opp og fram. Det er difor vanskeleg å sjå bort frå at Skottland kan koma til å utvikle seg i retning av sjølvstende. Det økonomiske limet vil truleg på lengre sikt ikkje kunne halde Unionen saman.

Kva har den politiske utviklinga i Skottland å seia for Noreg og norske interesser?

Utanom dei nordiske landa så er det vel ikkje noko land Noreg har hatt og har tettare bilateralt samband med enn Skottland. Det har vore eit tilhøve prega både av samarbeid og konflikt; frå bønder og vikingar busette seg på Hjaltland, Orknøyane og Sudrøyane, til norske studentar i dag fyller skotske  universitet og norske båtar står i kø på Aberdeen-hamn -  den hamn i Europa som ser flest norske båtstopp. Noreg har like tunge interesser i Skottland som vi har i våre nordiske granneland. Om eit sjølvstendig Skottland vil tene norske interesser, er eit komplisert spørsmål å svara på. Storbritannia har tradisjonelt vore sett på som ein av våre næraste allierte blant dei europeiske stormaktene. Rettnok har utanriksminister Eide i oktober 2012 uttala offentleg at Tyskland er Noregs viktigaste partnar i Europa. Storbritannia forblir likevel viktig for norske interesser, økonomisk, politisk og kanskje særleg tryggingspolitisk. Eit uavhengig Skottland ville redusere Storbritannias, eller rettare sagt Englands tyngde i EU og NATO. Det vil likevel ikkje vere tale  om ei dramatisk endring. Skottland utgjer berre omlag 10% av den britiske folkemengda. England ville forbli ei stor militærmakt, medlem av FNs Tryggingsråd og atommakt også utan Skottland.

På den hi sida ville vi få eit nytt partnarland på andre sida av Nordsjøen av om lag same format, med liknande profil innanfor energi og maritim sektor. Korleis dette vil slå ut, vil m.a. koma an på om og kor snart eit uavhengig Skottland oppnår medlemskap i EU. SNP er i utgangspunktet ikkje tilhengjar av skotsk NATO-medlemskap, så det blir truleg ingen ny alliert for Noreg i Atlanterhavsalliansen. Men slike og andre store spørsmål -  t.d.  monarki eller republikk, pund eller euro  -  vil måtte forbli opne til sjølvstendet eventuelt er eit faktum.

Utviklinga i Skottland vil gå sin i gang uavhengig av korleis den tener norske interesser. Dersom denne utviklinga  skulle føre til ein ny skotsk statsskipnad må vi sjølvsagt respektere og leve med dét. Det finst iallfall ikkje noko grunnlag for ein eventuell norsk skepsis til eit uavhengig Skottland. Skottane må ha same retten til sjølvstende som Noreg hadde i 1905, Kroatia i 1991, Slovakia i 1993 eller Montenegro i 2006.


Fotnote

(1): Michael Russel&Dennis MacLeod: Grabbing the Thistle, s. 42-43

Litteratur

Gerry Hassan (redaktør): The Modern SNP. From protest to power. (Edinburgh University Press 2009)

Tom Devine (redaktør): Scotland and The Union 1707-2007 (Edinburgh University Press 2008)

Murray Pittock: The Road to Independence (Reaktion Books 2008)

Gregor Gall (redaktør): Is there a Scottish Road to Socialism? (Scottish Left Review Press 2007)

Michael Russell& Dennis MacLeod: Grabbing the Thistle (Edinburgh 2006)

Michael Fry: Wild Scots. Four Hundred Years of Highland History (John Murray 2006)

Dennis MacLeod& Michael Russell: Grasping the Thistle (Argyll Publishing 2006)

Tom M. Devine: The Scottish Nation 1700-2000 (Penguin Books 2000)

Jack Brand : The National Movement in Scotland (Routledge& Kegan Paul 1978)

Christopher Harvie: Scotland and Nationalism. Scottish Society and Politics 1707-1977(George Allen&Unwin 1977)

Arne Bergsgård: Nasjonaliteten I europeisk historie, (Oslo, 1946)