DEN POLITISKE PRELATEN. KYRKJA SOM POLITISK AKTØR.

Nordmenn forlet kyrkja

Den norske kyrkja mister medlemmer og tilslutnad, og dette er ei utvikling som starta for ikkje så mange år sidan. I min ungdom på 1950- og 1960-talet var praktisk tala alle nordmenn medlem av statskyrkja. Unntaket var nokre katolikksjeler, og dei få som aktiviserte seg i ei av dei meir eller mindre sære frikyrkjene. Ei handfull fritenkjarar heldt Kongeriket seg også med; det siste var eit eksklusivt akademisk fenomen. Godt over 90% av nordmennene var medlemmer av den offentlege kyrkja. Det vil ikkje seia det same som at dei var aktivt praktiserande kristne og kyrkjegjengarar. Slike har i mange år vore i eit mindretal her i landet dersom vi ser bort frå folkestnaden langs den ytre kyststripa mellom Arendal og Molde. Her kom kristendomen tidlegare , og slo djupare røter. Eller er det kanskje eit anna folkeslag ute ved kysten, med sterkare religiøse gener? Vi andre i by og bygd har iallfall, og korsom er, brukt kyrkja berre ved dei store høgtider og merkedagar i livet; ved dåpen, konfirmasjon, vigsel og gravferd, ved jul og 17.mai. Resten av året har vi overlate kyrkjegonga til dei få, oftast eldre, trufaste slitarane, som kanskje like mykje gjekk til messe for å møte og prate med andre trufaste slitarar særleg over kaffen etter at preika var overstått.. Fleirtals-Vi har ikkje brukt kyrkja fordi vi har trudd på jomfrufødsel, helvetes pine, evig liv på hi sida, eller av ein avsindig kjærleik til eit ukjent vesen som blir kalla nesten, dvs. alle andre menneskje som finst på jordoverflata. Dei fleste av oss har truleg vore likesæle eller agnostiske, i sume tilfelle heidningar eller ateistar. Fleirtals-Vi-et har brukt kyrkja fordi dette, særleg på bygdene, var det einaste offentlege rommet som høvde for dei store og glade eller sorgtyngde stundene for ein familie eller ei ætt. Vi har måtta tole det kristne ritualet og det meir eller mindre livsfjerne prestepratet for å få oppleva samveret i det same rommet der våre forfedrar hadde vorte døypte, gifte og gravlagde. Heller ikkje forfedrane såg mykje annleis på det. Min farfar, som var fødd i 1874, sa at "kristendomen er til for å halde folk i age". Han let seg ikkje halde i age, og var heller ingen kyrkjegjengar, men brukte kyrkja når han hadde bruk for henne, slik fleirtalet av oss held fram med til denne dag.
Men dette fleirtalet har altså skrumpa inn. Medan bortimot 95% av det norske folket på 1950-talet var medlemmer av statskyrkja; hadde statskyrkja i 2016 3,7 millionar medlemmer som utgjer litt over 70%. Dette er ein kraftig nedgang på kort tid, og enda større er nedgangen i talet på dei som giftar seg og døyper borna sine i kyrkja.

Kvifor gå det nedover med oppslutnaden om den norske kyrkja?

Dét er det sikkert fleire grunnar til. Mange syner til den generelle utvikling i samfunnet med sekularisering, materialisme og forbrukarjag. Men eg trur dette blir for lettvint. Bortsett frå den kristne kyststripa er det svært lenge sidan det har vore noko sterkt kristent eller religiøst trusliv blant nordmenn flest. Eg har vanskeleg for sjå at det har skjedd radikale endringar i så måte i mi levetid - som starta i 1947. Ein må gå svært mange generasjonar attende for å finne ein annan situasjon.
Kva andre forklaringar kan det vera på at så mange nordmenn på så stutt tid snur ryggen til kyrkja, og at stadig fleire også sluttar å bruke kyrkja på den pragmatiske måten som eg har nemnt ovanfor?
Ei viktig tilleggsforklaring trur eg er at mange reagerer på eit presteskap som i det offentlege ordskiftet agerer som venstreorienterte politikarar, og tek stilling i saker og spørsmål som er politisk omstridde, dvs emne for strid og kamp mellom politiske parti og grupperingar.

Eg skal illustrere kva eg meienr med eit par døme:

Den 20.desember 2015 heldt bisp h.v. Gunnar Stålsett ei preike i Aker kyrkje som vart referert i fleire aviser, mellom andre i Dag og Tid, der han svingar pisken over dei som prøvar å få på plass ein strengare innvandringspolitikk , dvs regjering og fleirtalet på Stortinget og truleg eit fleirtal i folket. Mot desse mobiliserer han enkel men sterk moralsk patos, der det går fram at nå står kampen mellom dei gode og dei vonde, mellom egoistane som snur på skillingen, og dei som har hjerterom og difor husrom. Det er Jesus mot farisearane, og farisearane er dei som ikkje er med bispen h.v.
Så primitiv moralisering hadde ein kanskje venta av ein bedehuspredikant, men ikkje av ein tidlegare bisp.
Han synest også å vera dårleg informert om den faktiske situasjonen. I preika seier han at "I det en gang kristne Europa får politikerne panikk ved tanken på å bosette noen titusen". Det må vera lov å spørja om dette er uttrykk for fåkunne eller demagogi i ein situasjon der Tyskland åleine i 2015 tok imot 1 million såkalla flyktningar. I svaret han gjev i intervjuet med Dag og Tid, avslører Stålsett kor stutt han har tenkt gjennom konsekvensane av sin eigen snillisme. På spørsmålet frå Dag og Tid om han vil seia ja til fri innvandring, svarar bispen h.v.: "Det er ikkje snakk om fri innvandring, men om mange menneske som har eit rettkome krav på å verta tekne imot".

Vi burde kunne vente meir enn lettvint moralisering og føleri av ein tidlegare bisp.
Vi burde kunne vente at han tok opp til drøfting mellom anna følgjande spørsmål:
I dag er 60 millionar menneskje på flukt rundt omkring i verda; hundrevis av millionar lever i djup fattigdom og elende. Meiner Stålsett at Europa skal ta imot alle desse som sikkert meiner at dei har " eit rettkome krav på å bli teke imot"?
Meiner Stålsett m.a.o. at Europa kan løysa verda sine fattigdomsproblem ved innvandring?
Kva konsekvensar vil ei slik masseinnvandring ha for Europa , demografisk, politisk, økonomisk og kulturelt? Ser Stålsett spesielt som kristen problematiske sider ved ei massiv muslimsk innvandring?
Kvifor er det meir kristeleg. - uttrykk for å vera " god" - å hjelpe nokre titusen syrarar i Noreg heller enn å hjelpe hundretusenvis syrarar med dei same pengemiddel i land nærare Syria?
Kvifor omtalar Stålsett dei syrarar som kjem til Noreg som flyktningar, når dei de-facto
er økonomiske immigrantar? Ser han det som problematisk at menneskje som lever i tryggleik for politisk forfølgjing i Tyrkia eller Libanon - men rettnok under dårlege økonomiske vilkår - krev status som politiske flyktningar i Hellas, Noreg eller andre europeiske land?
Ser Stålsett det som problematisk at 1 million " flyktningar" har funne vegen til Tyskland? Er det fordi dei i Tyskland er tryggare for politisk forfølgjing enn i Tyrkia, Hellas og Slovenia, eller kan det vera andre grunnar?
Kvifor trur Stålsett at tusenvis av " flyktningar" har slege seg ned i Calais i ein freistnad på å koma seg over til England? Er det fordi dei er redd for å bli politisk forfylgde i Frankrike, eller kan det vera av andre grunnar? Kva meiner Stålsett bør skje med denne kategorien "flyktningar"?
Berre for å formulere eit lite knippe spørsmål som det ville vera meir interessant å høyre bispens meiningar om enn hans blåsing i den moralske trompeten.
Daverande statsråd Sylvi Listhaugs brukte omgrepet "godhetstyranni" om den overflatisk moraliserande haldninga ho møtte frå Stålsett og hans høgrøysta åndsfrendar. Er Stålsett ein "godhetstyrann"? På norsk har vi eit uttrykk som eg tykkjer passar betre for slike som Stålsett: Godfjott.

Innvandrings- og asylspørsmål ligg sjølvsagt spesielt godt til rette for lettvinte kjensler og høgspent føleri.
Men dei politiserte prestane stansar ikkje der. Dei tek med stor styrke del i debatten om skattepolitikk og utviklingshjelp, om oljeutvinning og klimapolitikk, og dei har sogar sterke, og sjølvsagt moralske oppfatningar om ernæringspolitikk! Biskop Atle Sommerfelt lyser kjøtt i bann, og har avgjort at berre fisk og grønsaker skal stå på bordet når bispen i Borg serverer mat til gjester og ved større tilskipingar - dette ifølgje den kristelege avisa Dagen 19.9.2017. Sommerfelt seier til avisa at dette er ein måte å vera miljøvenleg på, og "Vi som kristne må gå foran". Også her står vi overfor lettvint og ugjennomtenkt moralisering med klar venstreprofil, men journalisten i Dagen stiller ingen kritiske spørsmål til godfjotteriet. Dersom eg hadde vore Dagen-journalist, ville eg ha konfrontert bispen med m.a. følgjane spørsmål og problemstillingar: Meiner Sommerfelt at det er feil å produsere kjøt basert på norske arealressursar i skog og fjell; ressursar som i liten grad kan utnyttast til å dyrke matvekster? I dag importerer vi over 50% av grønsakene og meir enn 95% av frukt og bær. Mesteparten av foret som blir brukt i fiske-oppdrett er importert frå andre kontinent(m.a. soya), og mykje av desse areala kunne i staden ha vore brukt til å produsere matvekster i dei aktuelle landa. Noko som ville ha gjeve langt meir mat med mindre klimaproblem. Utspelet frå bispen Sommerfelt ville i sin konsekvens - dersom mange nok skulle ta dette alvorleg og gjera det same - svekke grunnlaget for ein berekraftig norsk matproduksjon. .

Ein tredje politisk aktiv prelat er biskopen i Nord-Hålogalasnd, Olav Øygard. I 2015 kasta Øygard seg inn i debatten om ja eller nei til oljeutvinning i nord. ""Vi må redusere vår utvinning av olje og våre klimagassustlipp", tordnet biskop Olav Øygard i Nord-Hålogaland i 2015" - ifølgje eit oppslag i Nationen 28.9.2017 under den treffande overskrifta "Hyrder og tullebukker".

Det finst mange andre døme på poltisk aktive prestar, men desse tre bispane som tilhøyrer toppskiktet i Kyrkja - det beste Kyrkja har å by på, må vi tru - kan stå som ein illustrasjon på den situasjonen vi faktisk nå har fått: Ei kyrkje og eit presteskap som gjerne vil vera med i den politiske debatten og dét med ein klart venstrepolitisk bodskap.

Kvifor har denne kyrkjelege venstreaktivismen utvikla seg?
Ligg det kanskje ein venstreimpuls innebygd i kristendomen? Kanskje er det for kjedeleg å vera berre prest, og preike til tome kyrkjer sundag etter sundag?
Eller er det ein desperat freistnad på å vera moderne, og stå på same side som dei "progressive" kreftene, i ei naiv tru på at dette kan bremse den dalande oppslutnaden om kyrkja?
Eg vil ikkje spekulere meir på dette. For det fyrste kan ein ikkje gå inn i hovuda til politikarprelatane. For det andre så er resultatet meir interessant enn årsakene til at det har vorte slik.
Eit lite uttrykk for undring vil eg likevel tillate meg: Kvifor går dei politisk aktive prestane alltid i same venstre-retning? Der alle tenkjer likt, tenkjer som kjent ingen mykje.
Det hadde vore forfriskande med ein bisp eller prest som gjekk mot straumen, og som t.d. sa at muslimsk innvandring er skadeleg og må stansast, at forsking syner at utviklingshjelp ikkje skapar utvikling men korrupsjon,at global oppvarming kanskje er menneskeskapt, men at ei oppvarming av klimaet ikkje inneber nokor katastrofe for Noreg. Dét gjer nemleg berre ei ny istid.
Slike utsegner kunne ein teolog like lett ha grunngjeve med tilvising til kristendom og kristne læresetningar som dei grunngjevingane venstrevridde prelatane brukar for sine utspel.
Noko slikt hadde vore forfriskande, men er sjølvsagt utenkjeleg.

Mangelen på intellektuelt nivå

Bortsett frå at dei politisk aktive prestane tenkjer svært likt, så uniformt, så er det ei anna side ved denne kristenpolitiske aktivismen som eg reagerer på: Dét er at den er så utruleg intellektuelt slapp og lite reflektert. Dei prestane eg har sitert, tilhøyrer eller har tilhøyrt bispekollegiet, leiarskapen i den norske kyrkja. Ein skulle tru at dette representerte kremen av norske prestar, også reint intellektuelt. Men her opplever vi, som eg alt har vore inne på, ein hjerneaktivitet berre så vidt over nullpunktet.

Den greske filosofen Platon opererer med fire nivå av kunnskap.
På det lågaste steget i dette platonske kunnskapshierarkiet finn vi kjensler og affektar.
Over dette på det nestlågaste nivået er meiningar.
Refleksjon og og gjennomtenkjing ligg på nivået over meiningar, og på fjerde og øvste nivå viten eller kunnskap.
Bispeytringane, som vi har sitert, kjem seg ikkje over det lågaste nivået. Her er det berre kjensler, affektar og generell svada - også kjenslefylt - om respekt for skaparverket og grenselaus nestekjærleik. Det finst ingen vilje og kanskje ikkje evne til å gå analytisk inn på dei vanskelege spørsmål som godfjott-posisjonane reiser.
Typisk er reaksjonen på omgrepet "godhetstyranni", som m.a. daverande minister Sylvi Listhaug brukte for å karakterisere motstandarane i innvandringsdebatten. Desse motstandarane forstod Listhaugs kritikk slik at ho med dette meinte at det var noko gale med å vera "god", dvs vera hjelpsam og syne "godleik" overfor andre menneskje. Ein må vera langt utanom det vanlege dum og/eller uvitande for å tru at omgrepet var brukt i denne meining. Listhaug brukte sjølvsagt omgrepet slik det er definert og brukt av professor Terje Tvedt i samband med hans grundige og vidtfemnande annalyse av det norske u-hjelpsapparatet og norsk utviklings- og fredspolitikk. Det er nær knytt til omgrepet "godhetsregimet", brukt om dei som utforma og gjennomført denne politikken, og blir av Tvedt definert slik:"Godhetstyranni-begrepet representerer altså overhodet ingen kritikk av Den gode handling eller Den gode intensjon. Det er heller ikke en kritikk av det kristne ideal om medmenneskelighet. Det dreier seg snarere om et ikke-moraliserende , rent analytisk begrep som gjør det mulig å avdekke maktmekanismer i samfunnet som skjuler seg bak retorikk om godhet og kamp om den selvklebende empati-merkelappen". Alle med litt vett og kunnskap forstod at det var nettopp i denne tydinga Listhaug brukte omgrepet. Dei som forstod og likevel brukte dette på denne måten mot Listhaug, gjorde seg altå skuldig i ei medvite og ukristeleg forfalsking. Men det var sjølvsagt enklare å late som om ein "misforstod", slik at ein kunne avgrense diskusjonen til moralisering og emosjonell avsky, i staden for faktabasert argumentasjon og meiningssutveksling.

Noko anna er kanskje ikkje å vente,for kva fagleg kompetanse eller meirverdi er det ein prest eller biskop har å by på? Dei har kompetanse dvs kunnskap om det gamle og nye testamentet, om 2-3000 år gamle tekster. Desse tekstene opnar tydelegvis for vidt ulike tolkingar, jfr. korleis kristendomen har delt seg i mange konkurrerande retningar nettopp pga usemje om korleis tekstene skulle bli tolka og forstått. For ikkje å snakke om at den norske kyrkja og deira prestar på få år har snudd i synet på skilsmål, kvinnelege prestar, homoseksualitet mm. Ikkje ein gong på område som kan seiast å høyre naturleg inn under moralteologien, har kyrkja altså greidd å halde ein stø kurs.
Enda mindre grunn er det difor til å bry seg om politiske aktivistar i prestedrakt som vil applisere kristne tekster på innvandring, klima, matvaner og oljeutvinning.Det er misbruk av kyrkja som institusjon når Gunnar Stålseth gjer seg til talsmann for ein meir liberal innvandringspolitikk, eller biskop Olav Øygard "tordnar" mot oljeutbygging.
I Sommerfelts eige bispedøme reagerte Lise I. Mohr i Østfold Bondelag på bispekravet om maten på bordet med følgjande treffande kommentar:"Skomaker bli ved din lest"(1). Både Jesus og Martin Luther ville ha slutt seg til Mohr. Jesus sa som kjent: Gje keisaren det som høyrer Keisaren til, og Gud det som høyrer Gud til. Og Luther var trufast mot Meisteren på dette viktige punktet. Han ville hatt den djupaste forakt for dagens politiserande prestemenn, som snik seg inn på "Keisarens" territorium..

Personleg moral og politisk moral.

Dermed kjem ein inn på eit meir grunnleggjande spørsmål: Er det ein skilnad på personleg moral og statsmoral; kva er sambandet mellom politikk og moral? Gjeld det same etiske reglar for privatpersonar og for dei som har ansvaret for å ta seg av fellesskapsinteresser?
Når desse linene blir skrivne, har vi i vestlege land lagt bak oss(?) ei tid med mykje bråk rundt kjønnstrakassering, dvs menn som har prøvd seg på, og gått over streken overfor yngre kvinner. Dette har vore ei lang viktigare sak for media enn dei fleste andre saker i same periode. Eindel politikarar har gått av som følgje av skuldingar om uhøvleg åtferd, sjølv om dei ikkje har gjort noko kriminelt. I mange land er det eit problem med korrupsjon i den politiske klassen, t.d. i Romania der eg levde ein periode. I Noreg er politisk korrupsjon eit minimalt problem, men dei få gongene det blir oppdaga, er reaksjonane valdsame. For eit par tiår sidan vart det oppdaga at ein statsråd hadde juksa med drosjerekningar. Det galdt småsummar og var objektivt sett ei fillesak, men vedkomande statsråd måtte gå av.
Må den som vil inn i politikken vera moralsk lytefri og rein?
Nei, det trur eg ville vera farleg. Rettnok vil dei fleste av oss helst ha politikarar som ikkje er korrupte, som ikkje klår på yngre damer, og som i det store og heile er nokolunde skikkelege menneskje i privat samanheng. Men eigentleg ligg ein politikars private vandel utanfor den målestokken vi bør bruke for å vurdere kva som er ein god eller dårleg politikk. Politikken bør ikkje bli ein konkurranse om høg personleg moral, eit NM om kven som lever mest i samsvar med dei ti bod. Eg vil heller ha eit umoralsk råskinn som fører ein god politikk og gjennomfører det han/ho lova i valkampen, enn eit moralsk dydsmønster med ein dårleg politikk og manglande gjennomføringsevne.
Dei politiske kvalitetane er rett og slett av ein annan karakter enn dei moralske. Difor bør og kan ikkje politikken bli styrt av kristen moral; fordi politikken har sin eigen moral som går ut på at dens politiske handling skal fremje interessene åt det fellesskapet som dei aktuelle politiske ombodsmennene er sett til å styre. Politikk og tilhøyrande politisk moral skal ikkje fremje interessen åt alle menneskje ut i frå ein overflatisk, grenselaus kjærleik til menneskjeætta, men skal ta seg av lagnaden åt den gruppa som den høyrer til. Til dei som seier at "alle menneskje er brør", så er svaret frå dei som byggjer på den politiske moralen at den fyrste historia vi høyrer om to brør var Kain som slo i hel broren Abel.
Den moralsk baserte politikken har oftast skadelege verknader og har også i vår eige samtid ført til regelrette katastrofar. Åtaket på Irak i 2003 og på Libya i 2011 som vart grunngjeve med MENNESKERETTAR OG HUMANITÆRE OMSYN, var i båe tilfelle massivt øydeleggjande for dei to land som vart utsett for denne moralsk baserte politikken frå vestlege, kristen-moralske politikarar. President George W.Bush bad så han var blå i fjeset før han sende bombeflya avgarde, men resultata vart ikkje betre av dét. Mindre bøn og meir realpolitisk tenkjing hadde vore betre både for Irak og USA - og for alle oss andre. Den moralsk baserte politikken ser gjerne den politisk kampen og dei politiske motsetnadene som eit uttrykk for det gode mot det vonde, frelse mot synd. I røynda er det mest aldri slik. Den politiske moralen spør berre om kva som er føremålstenleg; kva tiltak er det som best tener til å fremje dei interessene politkken er meint å tene. Det er for politisk moral uinteressant og irrelevant om tiltaka er vonde eller gode i kristen forstand. Det einaste som tel er om dei er gode eller dårlege i høve til dei politiske målsetnadene dei er meint å gjennomføre. I staden for gode og dårlege kunne ein også skrive tenlege og utenlege.
For å seia det på ein annan måte:Den kristeleg-moralske politikken overfører det individuelle og altomfemnande kjærleiksbodet i det nye testamentet til den politiske samfunnssfæren; men her blir gode målsetnader best nådde gjennom grep som gjer at politiske, økonomiske og kulturelle strukturar fungerer saman på den best moglege måten. Politikk med eit individual-etisk, kristeleg utgangspunkt fær lett ein ukristeleg ende. Det er t.d. meir kristeleg å gjennomføre ein politikk med streng kontroll av innvandring som vernar om velferdsstaten; enn å bryte ned velferdsstaen gjennom ukontrollert immigrasjon.

Dei politiserande prestane bør ut av kyrkja?

Ein kan lure på kvifor dei politiserande prestane ikkje sluttar i kyrkja og rett og slett blir politikarar. I Noreg har vi i snart 100 år hatt eit politisk parti,KrF, som har sett som si hovudoppgåve å bruke kristendomen politisk. Her har prestar og teologar og gudelege lekfolk hatt ei plattform for å plage resten av folket med si særeigne blanding av pietistisk bedehusmoral og politisk taktikkeri. Som Jon Hustad skriv i Dag og Tid: "Min teori om kvifor KrF er i politikken, er at dei vil få alle andre parti til å verka slemme"(2). Dette kan sjå ut til å vera hovudmotivet også for dei politiserande prelatane. Kanskje høver andre venstreside-parti enda betre for slike som biskop Sommerfelt. På dette punktet bør vi vera rause. Det spelar mindre rolle om dei legg av seg prestekjolen for å gå inn i Krf, SV eller Miljøpartiet Dei grøne. Hovudsaka er at vi blir kvitt dei i kyrkja, der dei ikkje har noko å gjera.
Dei færraste nordmenn går i kyrkja for å høyre kva presten meiner om matvaner og oljeutvinning.
Dei fleste av oss går i kyrkja for å oppleva høgtid i samband med viktige markeringar og hendingar.
Men dersom vi ikkje blir kvitt dei politisk aktive prestane, og dersom dei tvertimot skulle bli enda fleire, enda meir aktive og mao.meir plagsame, da reiser spørsmålet seg kva følgjer dette bør få?

Konsekvensar

Spørsmålet om konsekvensar bør vi også sjå i samanheng med at den norske statskyrkjeordninga nyleg er avskaffa, og "den norske kyrkja" har vorte likestilt med andre kyrkjesamfunn og religiøse samlag.
Av dette bør følgje at dei statseigde kyrkjebygningane blir opna opp også for andre enn dei lutherske-protestantiske kyrkjesamfunna.
Så lenge dei er statseigedom som vi betaler for gjennom
skattesetelen, bør dei kunne brukast av ulike grupper innanfor og utanfor statskyrkja.
Vi er mange som har eit tilhøve til kyrkjebygningane fordi det er knytt slektshistorie til dei. Dersom prestane vil at kyrkja skal vera ein politisk aktør og fungere som ein del av det partipolitiske landskapet, må fellesskapet ta steg for å tryggje interessene til dei som kjenner seg framande overfor denne raude kristendomen.

(1) Aftenposten 13.3.2016
(2) Dag og Tid 10.2.2017