Statsforvaltar,kommunedirektør,sysselmeister og politiavdelingssjef: Låke men reine namn.

Nå har fylkesmann vorte til statsforvaltar, rådmann til kommunedirektør, den eldgamle tittelen lensmann har vorte skifta ut med  språkpadda "politiavdelingssjef", og sysselmannen på Svalbard heiter nå Gud hjelpe meg "sysselmeister".

Dette er låke og latterlege namn og nemningar, men vi må godta alt for den gode sak.
Kva for ei sak? Kampen for det reine og rette, for det som ikkje er tilskitna og tilsvina av tusenårs dominans av MANNEN og dermed alt stygt og vondt.
Kampen har berre så vidt teke til, og han må gå vidare med full kraft. Har vi sagt A, må vi seia B, og her er det nok å ta fatt i. Her er berre nokre døme på neste store oppgåve i reingjerings- og oppryddingsverket:Korleis kan sørlendingane leva med så diskriminerande namn som Mandal og Kristiansand? Det kan ikkje hjelpe det minst at undertrykkjarane har vore sløge nok til å bruke berre éin n i Mandal, men vi kjenner man(n)s- lusa på gangen. Kong Kristian har også greidd å lure namnet sitt inn i hovudstaden på Nordmøre så her må den nordmørske kvinnerørsla ta grep. Raskt. Likestillingsarbeidet i Østfold må sjølvsagt få gjort noko med Fredrikstad. Her kjem jo Fredrikkestad opp som eit naturleg nytt namn. Tungt og låkt, men reint.Vi som kjem frå Gudbrandsdalen har lenge vore skamfulle over mannssjefsheidningen som gav namnet til vårt gamle dalføre. Skulle vi rett og slett berre kalle det Dalen? Dette er jo trass alt hovuddalføret. Eg veit ikkje kva for ein mannssjåvinist som har klistra namnet sitt til Trondheim, men var det ein mann, var det pr.def. ein sjåvinist. Bort med Trond. Bort også med fallossymbolet av Olav midt i Nidaros.Fram for dei reine og ranke, fram for dei låke namn utan synd og skam.

PS: Dette innlegget vart offentleggjort i Lillehammer-avisa GD 11.7.21. Eg har gjort berre ei litor endring i teksten som blir brukt her. Ein GD-lesar sa at eg også burde nemnt lensmannen, ein av dei eldste titlane i norsk styringsverk, som har vore i bruk i hundrevis av år, og nå erstatta av ei velfødd språkpadde. Dét har vedkomande sjølvsagt heilt rett i.