MÅ DEMOKRATIET VERA LIBERALT?

I kjølvatnet av framgangen for høgreorienterte ("populistiske") og nasjonalkonservative parti og rørsler frå USA til Ungarn, frå Polen til Brasil har det kome åtvarande og urolege røyster som er redde for at det "liberale demokratiet" står i fare for å bukke under.

Kva er meint med dette? Er demokratiet demokrati berre når det er liberalt? Er ikkje eit konservativt eller eit sosialistisk demokrati levedyktig eller tenkjeleg?    Kvifor er det eventuelt slik? Er demokrati og liberalisme to sider av same sak, eller er det beintfram same sak? Dersom det siste er riktig, kunne vi vel nøye oss med berre eitt ord: Demokrati  -  eller liberalisme?

Det beste dømet på ein demokratisk vald men ikkje-liberal politikar er den ungarske statsminister Viktor Orban, som offisielt har erklært at han vil utvikle Ungarn til eit illiberalt demokrati. Samtidig er det altså ingen tvil om at Orban og hans politiske rørsle har eit solid grunnlag i folket. Han vinn val etter val med fleirtal så solide at alle vest-europeisk liberale politikarar må sjå på Orban med djup misunning. Dét å få støtte frå folkefleirtalet ved ålmene,  rettferdige og korrekt gjennomførde val blir saman med fredelege maktskifte etter at det same folkefleirtalet har skifta side , rekna til dei viktigaste kriteria for eit sant demokrati. Men Orban avviser altså liberalismen, han er illiberal. Kva meiner han med dét?       I ein tale til tilhengjarar i 2014 forklara Orban dette slik: "Den ungarske nasjonen er ikkje eit aggregat av individ, men eit fellesskap som vi vil organisere, styrke og reise opp. For dette føremålet er ikkje den nye staten som vi er i ferd med å byggje, ein liberal men ein illiberal stat".  Han slo uttrykkeleg fast: "Demokratiet må ikkje vera liberalt. Ein kan vera demokrat utan å vera liberal" (1). I ein tale til det ungarske parlamentet i september 2017 sa Orban at dersom statane i Sentral-Europa aksepterte den vestlege liberalismen ville det innebera eit "åndeleg sjølvmord" for sentral-européarane. Ein månad seinare (23.10.2017), på den ungarske nasjonaldagen, tok han enda ein gong opp same tema og utdjupa det.  Her gjekk han til åtak på  "dei internasjonale kreftene som vil gjera dei europeiske nasjonane om til ei standardisert masse". Og han kritiserte "finansimperiet som tvingar på oss nye bølgjer av immigrantar, og innvandringar av nye folkeslag for å gjera Europa til eit område av blandingsfolk".  Her gjev Orban uttrykk for konservative eller nasjonalkonservative haldningar og synspunkt.

Kva er det som historisk og ikkje minst idé-historisk skil demokrati og liberalisme? Demo-krati tyder folke-styre, styre med grunnlag i folket  -  demos. Folket er m.a.o.  det suverene grunnlaget for all makt i eit system som vil kalle seg demokratisk. Det må vera eit minimum av  samsvar i politiske syn og mål mellom dei som blir styrde og dei som styrer.  Det konkret eksisterande folket  er sett saman av  borgarane som er formelt og politisk like. Dette inneber ikkje ein naturgjeven likskap, berre ein politisk. Vi blir ikkje fødd like, skriv Hannah Arendt, vi blir det som medlemer av ei gruppe. Folket i demokratiet tek ikkje stilling til framlegg som er meir sanne enn andre framlegg. Folket har ikkje rett eller tek feil gjennom sine val; men dei avgjer kven som skal styre. Difor er spørsmålet om kven som er borgar og kven som ikkje er det, eit fundamentalt spørsmål for all demokratisk praksis. Difor er også dei territorielle grensene for ei viss politisk eining, eit politisk fellesskap, livsviktige.  

Orban er altså på desse viktige punkt ein god konservativ demokrat: Han byggjer på folket som det suverene grunnlaget for si makt. Han vil realisere fridomen for borgarane av og  innanfor einskapen av det ungarske statsfellesskapet. Han fær tilslutnad frå eit fleirtal av folket i frie val. Han tryggjar grensene til det same folket mot ulovleg inntrengjing og innvandring av framande.

Ingen kan altså hevde noko anna enn at på desse sentrale punkta er Orban ein god demokrat. Innvendingane mot Orbanismen  -  som har vorte eit populært omgrep i Ungarn og elles  -  gjeld andre sider ved hans politiske praksis, særleg det som blir hevda å vera ei systematisk undergraving av eit uavhengig rettsvesen og ei uavhengig presse. Denne kritikken er sjølvsagt viktig, fordi det er vanskeleg å tenkje seg eit velfungerande demokrati utan uavhengige domstolar, politi og media. Men på kva måte er dette uttrykk for liberalisme?

Sterke innslag av rettsstat med likskap for loven og uavhengig rettsvesen har vi hatt   i  nordiske og nordvesteuropeiske  land i uminnelege tider.  Alt i Frostatingsloven frå 1000-talet heiter det at "med lov skal land byggjast og ikkje med ulov øydast". Dei frie norske bøndene og aristokratane  som hadde meisla ut dette kjerneprinsippet i rettsstaten, var alt anna enn liberale.    Dei engelske stormennene tvinga i 1215 kong John til å skrive under Magna Carta, og fekk dermed mellom anna slege fast det viktige prinsippet  at ingen skulle kunne fengslast utan etter dom. Desse stormennene ville ha vorte fornærma om nokon hadde funne på å kalle  dei liberale  -  og særleg dersom dei hadde forstått omgrepet..  
Slik kan ein trekkje fram døme etter døme frå særleg vest-europeisk og nordisk historie som syner at rettsstatlege prinsipp og ideal er ein del av dei historiske tradisjonane i vestlege samfunn.  Utviklinga av rettsstaten har vakse fram gjennom mange hundre-år, sjølvsagt med nasjonale særpreg og variasjonar frå land til land, og frå område til område.  

Rettsstaten er korkje noko nytt eller liberalt, men samtidig er det klart at gjennom det 19.hundreåret  hadde den vestlege rettsstaten nådd ei fullending og eit nivå, som vart ein (oftast ugjenomførbar) modell for land i andre kulturkrinsar og med andre tradisjonar. Kjerne-elementa i rettsstaten er eldgamle, og i vår rettsstat slik den stod fram ved inngangen til det 20.hundreåret, var desse kjerne-elementa eit uavhengig rettsstell, likskap for loven og visse fridomsgarantiar for borgarane overfor statsmakta. Staten kan ikkje gjera kva han vil mot den enkelte borgaren, like lite som den enkelte borgaren kan bera seg åt som han vil overfor andre borgarar. Statlege inngrep og tiltak er underlagt loven, og kan påklagast til domstolane. Dette blir også kalle negative fridomar*  eller negative rettar fordi dei slær fast kva staten ***ikkje*** har lov til å foreta seg mot den enkelte borgar, og dermed  garanterer dei rettane borgarane har overfor den same staten. Borgarane har rett til vern om liv, vern mot urettmessig fengsling, mot oreigning m.m. Slik  avgrensar dei negative rettane kva staten har lov til å foreta seg overfor borgarane, og gjev den enkelte borgaren eit garantert fridoms- eller tryggleiksrom.

Dette kan vi også kalle den formelle eller tradisjonelle rettsstaten. Det er mogleg at Orban og hans regjering har brote sume av dei reglane som den formelle rettsstaten byggjer på. Det kan sjå ut som at han t.d. gjennom utnemningar har undergrave den sjølvstendige stillinga som domstolane og rettssvesenet bør ha i ein rettsstat. Rettnok har veletablerte vestlege statar også sine svin på skogen i så måte.  Kva t.d. med USA der domarane til Høgsterett rett og slett blir utpeikt etter poltiske retningsliner, og der kvar sitjande president prøver å få inn domarar av si partifarge  -  konservative eller liberale? Det er vel omtrent det same som det Orban driv med?Og norske styresmakter  har gjennom utnemningar av domarar og leiande politifolk tyilsynelatande full kontroll over ulike delar av rettsvesenet.  Likevel har vi tillit til at det norske rettsvesenet agerer uavhengig av norske styresmakter. Dette er sikkert også formelt til og med riktig, men er vi sikre på at det fungerer annsleis i Ungarn?  La meg likevel seia meg samd i at Orban og hans regime tykkjest å vera meir inngripande overfor rettsstaten enn t.d,. Noreg og USA. Men Ungarn er altså eit post-kommunistisk, post-totalitært samfunn. Det var til samanlikning heller ikkje mange domarar og politisjefar i det tidlegare DDR som kunne halde fram å døme og straffeforfølgje borgarane etter tysk samling i 1989. Slike domarar m.fl. vart sjølvsagt avsett  -  nettopp pga tysk samling og fordi dei aust-tyske kommunistane ikkje fekk maktposisjonar i den nye tyske staten.. I mange år etter kommunismens fall var det derimot postkommunistar som styrde Ungarn, utan vilje eller evne til å ta noko oppgjer med arven frå fortida. Kanskje er Orbans utnemningspolitikk iallfall delvis ei forseinka sanering av ein kommunistisk domarstand.

Når Orban står fram som sjølverklært illiberal og kritiserer vestleg liberalisme så er det ikkje fyrst og fremst den tradisjonelle, formelle rettsstaten han tek avstand frå. Det er tvertimot eit nytt fenomen som har spreidd seg frå Vest-Europa og USA som har vekt Orban og andre til motstand:  Dei negative borgarrettane og den formelle rettsstaten har dei siste tiåra kome under åtak frå ein ny såkalla verdibasert og liberal menneskerettsbasert ideologi, som har påtvinga menneskeætta noko som blir kalla positive rettar. Det er denne ideologien Orban og hans tilhengjarar med rett avviser og prøvar å forsvara seg mot.            

Det tok til med FNs erklæring om menneskerettane, som fyrst listar opp dei tradisjonelle(negative) fridomsrettane, for så brått i artikkel 22 å ta til med radikale, vidtgåande krav mot staten; krav som berre kan imøtekomast ved at regjeringar går til positiv handling og set i verk aktive tiltak. I artikkel 22 heiter det: "Den enkelte har som medlem av samfunnet, rett til sosial tryggleik og har rett til å få  oppfylt, gjennom nasjonale tiltak og internasjonalt samarbeid og i samsvar med organisasjonen og ressursane til kvar enkelt Stat, sine  økonomiske, sosiale og kulturelle rettar som er avgjerande for vyrdnaden til den enkelte og for den frie utvikling av hans personlegdom"(2). Som den britiske samfunnsfilosofen, professor Roger Scruton skriv om dette: "Korleis dette enn måtte vera å forstå i praksis, er det heilt klart  at det vil innebera ei vesentleg utviding av menneskerettsområdet..." (3). Scruton syner vidare til at erklæringa "tryllar fram("conjures up") retten til arbeid, fritid, levestandard som tryggjar god helse, og andre gode..", og slær fast at dette i praksis er krav mot staten heller enn fridom frå statlege inngrep. Dette opna ifølgje Scruton opp for den "inflasjonen av rettar"("the rights inflation") som vi har vore vitne til dei siste tiåra(3) og som har vore konfliktskapande. Som illustrasjon på dette trekkjer han fram følgjande konkrete saker:

"Retten til familieliv"( som er nedfelt i den Europeiske Menneskerettskonvensjonen). Denne ""retten" set ein kriminell person, som også er immigrant, i stand til å unngå deportasjon.

"Retten til å leva ein tradisjonell livsstil"(som er vedteke av den Europeiske Menneskerettsdomstolen) for ei etnisk gruppe, dvs. sigøynarar og såkalla reisande, blir brukt av slike grupper til å installere campingvognene sine på  eit område som var regulert for bustadbyggjing, med øydeleggjande verknad for verdien på fast eigedom i heile det aktuelle området.

"Retten til ikkje å bli krenkt" vart fastslege av ein domstol i Britisk Columbia, Canada etter at eit lesbisk par kjende seg omtala på ein krenkjande måte av ein komikar i eit offentleg rom  -  etter at det lesbiske paret sjølv hadde kome med mishagsytringar mot komikaren.

Finansfolk har gått til rettssak med krav som byggjer på at deira "feite bonusar"("outrageous bonuses") er ein "menneskerett".

Professor Scruton hevdar at slike og liknande bisarre saker er i ferd med å kvele det britiske rettsvesenet, der domstolane i gjennomsnitt tek imot 7 slike saker kvar i dag til ein årleg kostnad av over 20 mrd kr. for skattebetalarane. Han syner til at desse ny-liberale rettane er av ein heilt annan karakter enn dei tradisjonelle fridomsrettane som hadde som føremål å verne borgarane mot vilkårlege overgrep på ein likeverdig basis; ein fri borgar hadde same krav på respekt som alle andre. Den nye oppfatninga av "menneskerettar" gjev rettar til ei gruppe som er nekta andre grupper. Du har rettar som medlem av ei etnisk gruppe eller sosial klasse som ikkje andre borgarar utanfor desse gruppene har krav på. *"Folk kan nå bli favorisert eller fordømt på grunnlag av klasse, rase, rang eller yrke, og dette i namnet åt liberale verdiar...Retorikken om rettar har snudd frå fridom til krav".  Fridomsrettar pålegg andre (dvs staten og andre borgarar) å syne respekt for fridomssfæren til den enkelte, ved ikkje å foreta seg noko som går inn i denne sfæren. Det krevst ingor aktiv handling for å oppfylle og etterleva denne fridomsretten. Retten til å reise fritt, retten til liv og eigedom, og dei andre tradisjonelle fridomsrettane blir såleis respektert ved "ikkje-invasjon"(4).

Dei nye "menneskeretts"-baserte kravrettane kjem i ein heilt annan kategori og skapar ein heilt ny situasjon. Særleg gjeld dette ikkje-spesifiserte gode som er knytte til helse, utdanning, og ein viss levestandard. Kven skal oppfylle slike generelle, universelle krav som ikkje er knytt til konkrete sosiale omstende og samanhengar eller til ei historie? Dei kan i teorien berre oppfyllast av Staten. Slike vidtfemnnde og uklare krav vil tvinge fram ei kraftig utviding av statleg makt, og overføring av oppgåver og ansvar som tidlegare låg på dei enkelte borgarane, og sentralisering av det sosiale livet i ein regjeringsmaskin. Dette driv  utviklinga -  som Scruton slær fast (4)  -  i ei heilt anna retning enn det som var føremålet med dei tradisjonelle fridomsrettane, nemleg til ei oppbyggjing, ikkje avgrensing, i statsmakt. Samtidig vil ei slik utvikling svekke staten, fordi statsmakta blir nøydd til å ta seg av alle moglege oppgåver som ligg utanfor kjerneoppgåvene åt staten: Ytre forsvar av territoriet, indre lov og orden, trygging av interessene åt  statsfolket mm.

Desse nye kravrettane byggjer  -  slik Scruton til slutt peikar på(5)  -   på moralen hjå nye urbane eliter som prioriterer ikkje-diskriminering og fritt val av livsstil, til fortrengsel for familieverdiar og sosial respektabilitet som dei tradisjonelle fridomsrettane byggjer på.  Dei blir med rette oppfatta som eit åtak på fleirtalskulturen. Når samfunnet blir påtvinga slike nye lover, som berre eit lite mindretal ynskjer, er det med og forklarar det folkelege opprøret som har velta fram i land etter land, frå USA til Ungarn.  Som ein amerikansk industriarbeidar og Trump-veljar sa etter presidentavlet i 2016:"Tidlegare pla eg røysta med demokratane, fordi dei var interessert i økonomi og arbeidsplassar. Men dei siste åra har dei berre snakka om etniske og seksuelle minoritetar,. Så difor vart det Trump". Det var slike veljarar Hillary Clinton omtala som "ynkelege"("deplorable").  

Dette nye fenomenet  der ny-liberale, MR-baserte krav-rettar blir normgjevande fører til ei politisering av  rettsvesenet; der rettsvesenet blir politisk aktør fordi dei nye verdibaserte rettsnormene i seg sjølv og fyrst og fremst er moralske og politiske, ikkje basert på objektiv rettstenkjing.  Denne ny-liberale og verdibaserte rettsstaten går hand i hand med den liberale individualismen. Folkeviljen er ikkje noko liberalismen gjerne talar om. Den politiske makta er ifølgje liberalismen ikkje til for å styre men for å representere samfunnet. Den verdibaserte rettsstaten har skapt ein permanent, latent  konfliktsituasjon mellom rettsvesenet og folkeviljen. Dimeir folkeviljen -  fleirtalet i folket  -  avviser dei liberale verdiane, dimeir står den materielle rettsstaten fram som antidemokratisk.  

Rettsstaten i si ny-liberale utforming inneber at den politiserte jusen blir overordna den politiske makta. Domarar og domstolar blir mektigare enn dei folkevalde politikarane og dei politiske maktorgana. Domarane blir politikarar. Ein god illustrasjon på dette fenomenet fekk vi i oktober 2018 da den såkalla Menneskerettsdomstolen i Strassburg fann ein austerriksk borgar skuldig i blasfemi. Kva var brotsverket til denne kvinna? Jau, ho hadde på eit seminar i 2009   -   med tilvising til at profeten Muhammed  hadde ei mindreårig kone   -    uttala følgjande: "Ein 56-år gamal mann med ei 6 år gamal kone: Kva kallar vi dét om ikkje pedofili?".  Ein kommentator i Aftenposten skreiv, da dette vart kjent, at denne domen kan ikkje frie nasjonar leva med(2). Nettopp, men kvifor har européiske statar late Menneskerettsdomstolen utvikle seg til ein stat i staten eller rettare ein overordna stat mellom andre statar. Kvifor har vestlege statar ført inn verdibaserte, politisk venstre-orienterte og liberale normer i eiga lovgjeving?

Slik liberalismen forstår demokratiet, er ikkje dette noko som tek utgangspunkt i folkesuvereniteten, men eit system som garanterer "menneskerettane". Og menneskerettane godtek folkesuvereniteten berre så lenge det ikkje oppstår konflikt mellom desse to. I tilfelle konflikt må folkesuvereniteten vike. Menneskerettane kan dermed lamme demokratiet.  Menneskerettsideologien kjenner og erkjenner  berre menneskeætta og individet. Men politikken og demokratiet handlar om alt det som finst mellom desse to: Folket, kulturen, staten og territoriet. Det er difor det finst grenser, som markerer skiljet mellom borgarar og ikkje-borgarar,mellom medlemmer og ikkje-medlemmer av eit gjeve politisk fellesskap. Menneskeætta er ikkje eit politisk omgrep, det tilhøyrer metafysikken.

Når det gjeld Orbans åtak på  uavhengige media, så er det nok også mykje rett i dette. Men skil han seg i så måte så mykje frå praksisen i det liberale Vest-Europa?  I den norske grunnloven er retten til frie ytringar nedfelt. Før 1814 var det strenge grenser for ytringsfridomen, men både i Norden og resten av Vest-Europa var det langt friare enn i dei fleste andre land, også den gongen. I Vest-Europa har det i samsvar med den verdibaserte MR-filosofien vorte innført stadig fleire avgrensingar på ytringsfridomen dei siste tiåra. Dei har ein samnemnar: Dei blir alle retta mot høgre-orientert, konservativt,religiøst og nasjonalistisk tankegods. Venstre-ekstreme, marxistiske og klassehatske utsegner har full og uavgrensa ytringsfridom. Innskrenkingar i ytringsfridomen tryggjar rettane til etniske, seksuelle,ikkje-kristne religiøse minoritetar mm. Den nemnde domen i Menneskerettsdomstolen er ein illustrasjon på denne liberale og verdibaserte og venstre-orienterte rettspraksisen. Når Orban nå går til felts mot venstreorienterte,dvs liberale media i Ungarn, gjer han da noko anna og meir enn det venstre-orienterte og liberale politikarar og statar alt har gjort i fleire tiår i Vest-Europa?  

Det er ikkje tilfeldig at dei illiberale demokratia reiser hovudet i ein situasjon der EU og dei vestlege demokratia er i ferd med å bogne under migrasjonskrisen og den ulovlege masse-innvandringa. Med den verdsomfemnande migrasjonen frå fattige til meir velståande land, har vi påny fått stadfest at det som bitt alle menneskesamfunn saman er dei tusenvis av band som gjennom hundreåra har utvikla og skapt nettopp dette fellesskapet. At reaksjonane på dette trugsmålet  mot eigen identitet er særleg sterke i land som for nokre  generasjonar sidan vart kua og herja med av multikulturelle kolonimakter med hovudkvarter i Istanbul og Moskva, burde ikkje overraske. Det er folkestyret og folket som påny syner si makt, og politikken som påny fær forrang framfor eit politisert og "verdibasert" rettsvesen.

Konklusjonen min blir altså: Det er eit misbruk av språket når demokrati og liberalisme blir brukt som synonym, eller som to sider av same sak; når det blir skapt inntrykk av at dette nærast er omgrep med same meiningsinnhald.  Det motsette er tilfelle. Demokratiet står best på eigne bein, med litt gåhjelp frå ein formell, politisk-blind og nøytral rettsstat, og media som speglar meiningsmangfaldet på ein heilt annan måte enn det som er tilfelle i vesten idag.  

(1) Viktor Orban: "Hungary and the crisis in Europe". Hungarian Review, januar 2017.

(2) Dette er mi eige omsetjing, og den språklege kvaliteten er ikkje mykje å skryte av. Det er eit utflytande kaudervelsk som ein må ha arbeidd lenge i FN-systemet for å ha glede av. For at det ikkje skal vera tvil om at den norske omsetjinga samsvarar med den engelske, følgjer her originalen: "Everyone, as a member of society, has the right to social security and is entitled to realization, through national effort and international cooperation and in accordance with the organization and resources of each State, of the economic, social and cultural rights indispensable for his dignity and the free development of his personality".

(3)Roger Scruton: How to be conservative. Bloomsbury Continuum. London 2015. S.71 f.f.

(4) Scruton,s.74

(5) Scruton s.77-78